Morfologi, også kalla formlære, er den greina av språkvitskapen der ein studerer ordbøying og orddanning.

Ordbøying og orddanning kan illustrerast med orda i tabell 1 og tabell 2, der uttrykk tyder den lydlege (fonologiske) eller skriftlege (grafiske) forma til eit ord.

Tabell 1: Ordbøying

uttrykk ordklasse tyding
sovne verb ‘falle i søvn; infinitiv’
sovn verb ‘falle i søvn; imperativ’
sovnar verb ‘falle i søvn; indikativ, presens’
sovna verb ‘falle i søvn; indikativ, preteritum’
sovna verb ‘falle i søvn; partisipp, perfektum’
sovnande verb ‘falle i søvn; partisipp, presens’

Tabell 2: Orddanning

uttrykk ordklasse tyding
sove verb ‘liggje i ein medvitslaus kviletilstand'
sovne verb ‘falle i søvn’
søvn substantiv ‘medvitslaus kviletilstand når ein søv’
søvnig adjektiv ‘som kjenner trong til å sove’
søve verb ‘få til å sove’
forsove (seg) verb ‘sove lenger enn planlagt’
halvsove verb ‘sove halvt, døse, dorme’

Tabell 1 viser alle bøyingsformene til verbet sovne. Ei liste over alle bøyingsformene til eit ord kallar vi eit bøyingsmønster (eller eit bøyingsparadigme). 

Tabell 2 viser verbet sovne og nokre andre ord som er i “slekt” med dette verbet, på ein måte som er forklart nedanfor. Ei liste med ord som er i slekt med kvarandre, kallar vi ein ordfamilie.

Dei seks orda i tabell 1 er bøyingsformer av «verbet sovne». Også «sovne verb ‘falle i søvn; infinitiv’» er ei bøyingsform av «verbet sovne». I daglegspråket kallar vi både «sovne verb ‘falle i søvn; infinitiv’» og «verbet sovne» for “ord”, men i morfologien blir dette for upresist, og ein nyttar difor termen leksem for slike einingar som «verbet sovne», «adjektivet søvnig» eller «substantivet søvn»:

  • Eit leksem er ei samlenemning for alle bøyingsformer som høyrer heime i det same bøyingsmønsteret.

Det vi ovanfor kalla ein ordfamilie, kunne med andre ord òg kallast ein leksemfamilie.

Det er vanleg praksis å skrive leksem med store bokstavar pluss informasjon om ordklasse, slik at SOVNEverb er det same som «verbleksemet sovne». Det er vanleg i europeisk grammatikk å bruke infinitiven som “namn” på eit verbleksem, og difor er også infinitiven oppslagsforma til eit verbleksem i ei ordbok: Dersom ein ønskjer å vite korleis SOVNEverb blir bøygt, leitar ein etter sovne i ordboka, ikkje etter til dømes presensforma sovnar. Dette er heilt vilkårleg, og i latinske ordbøker er oppslagsforma til eit verb faktisk 1. person eintal indikativ presens. Når ein skal finne det verbleksemet som tyder ‘sove’, må ein slå opp på dormiō ‘eg søv’ og ikkje på infinitiven dormīre ‘sove’.

Når vi studerer ordbøying, studerer vi tilhøvet mellom bøyingsformene til eit leksem for å finne ut kva dei har felles og korleis dei skil seg frå kvarandre. Vidare studerer vi likskap og skilnader mellom bøyingsmønstera til ulike leksem. 

Vi ser i tabell 1 at elementet sovn finst i alle dei seks bøyingsformene til SOVNEverb (verbleksemet sovne). Dette elementet kallar vi stamma til SOVNEverb. I ei av bøyingsformene, imperativ, står stamma utan nokon tillegg, medan dei andre bøyingsformene har bøyingsformativar i tillegg. Indikativ presens har bøyingsformativen ar. Vi ser òg at fleire bøyingsformer kan ha same form – a er einaste bøyingsformativen i både indikativ preteritum og perfektum partisipp. Dette kallar ein synkretisme. Vi ser òg synkretisme i bøyingsmønsteret til HUSsubstantiv, der ubunden (ubestemt) eintal og ubunden fleirtal er like – jamfør tabell 3, der bøyingsmønsteret er sett opp på ein annan og meir økonomisk måte:

Tabell 3: Bøyingsmønsteret til HUSsubstantiv ‘bygning brukt til bustad o.l.’

. eintal fleirtal
ubunden hus hus
bunden huset husa

Dersom vi samanliknar bøyingsmønsteret til SOVNEverb med bøyingsmønstera til andre norske verb, ser vi mellom anna at alle norske verb har bøyingsformativen ande i presens partisipp og at ar er ein vanleg bøyingsformativ i indikativ presens. Vi ser vidare at KASTEverb blir bøygt på same måten som SOVNEverb, medan ØNSKJEverb og TENKJEverb blir bøygde på ein annan måte, med bøyingsformativen er i indikativ presens og bøyingsformativen te i indikativ preteritum. 

Leksem som blir bøygde på den same måten, høyrer til same bøyingsklasse. Ein bøyingsklasse for verb blir kalla ein konjugasjon og ein bøyingsklasse for substantiv blir kalla ein deklinasjon. Tabell 4 viser verb som illustrer fire norske konjugasjonar:

Tabell 4: Fire norske konjugasjonar

. KASTEverb BYGGJEverb SKRIVEverb DETTEverb
infinitiv kaste byggje skrive dette
imperativ kast bygg skriv dett
ind. prs. kastar byggjer skriv dett
ind. pret. kasta bygde skreiv datt
part. prf. kasta bygd skrive dotte
part. prs. kastande byggjande skrivande dettande

KASTEverb blir bøygt på same måten som SOVNEverb, og dei høyrer begge til konjugasjonen A-verb, der a er ein vanleg vokal i bøyingsendingane. 

BYGGJEverb blir bøygt på same måten som SVELGJEverb, og dei høyrer begge til konjugasjonen E-verb, der e er ein vanleg vokal i bøyingsendingane. 

SKRIVEverb blir bøygt på same måten som BITEverb, og dei høyrer begge til konjugasjonen I~EI-verb, etter vokalvekslinga mellom presens og preteritum. 

DETTEverb blir bøygt på same måten som KNEKKEverb, og dei høyrer begge til ein konjugasjon som ein kallar E~A-verb, etter vokalvekslinga vi mellom presens og preteritum. 

A-verba og E-verba er begge såkalla svake (eller linne) verb, medan I~EI-verba og E~A-verba er såkalla sterke verb. Dei svake verba kan i norsk karakteriserast ved at dei har ei preteritumending som inneheld ein vokal, medan dei sterke ikkje har det. Skiljet mellom svake og sterke verb finst i alle germanske språk. Vokalvekslingar i stamma er eit typisk (men ikkje obligatorisk) drag ved sterke verb.

I Norsk referansegrammatikk (Oslo 1997) av Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo blir A-verba og E-verba kalla høvesvis 1. klasse og 2. klasse av svake verb, medan I~EI-verba og E~A-verba blir kalla høvesvis 1. klasse og 3. klasse av sterke verb.

Når vi studerer orddanning, studerer vi tilhøvet mellom leksem i ein ordfamilie for å finne ut kva dei har felles og korleis dei skil seg frå kvarandre. Vidare studerer vi likskap og skilnader mellom forskjellige ordfamiliar. 

Leksem som høyrer til den same ordfamilien, har ei felles rot. Rota til ordfamilien i tabell 2 er sov. I verbet sove er stamma lik rota sov, medan dei andre orda har ei stamme som er bygd opp av rota pluss ein eller fleire avleiingsformativar – eller ei eller fleire ekstra røter. Verbet sovne har stamma sovn, der rota er sov, medan n er ein avleiingsformativ. 

I tabell ser vi ein annan ordfamilie, der rota er lyg.

Tabell 5: Ein ordfamilie med rota lyg

uttrykk ordklasse tyding
lyge verb ‘seie noko som ein veit ikkje er sant'
lygar substantiv ‘person som lyg’
lygnar substantiv ‘person som lyg’
lygn substantiv ‘noko som ikkje er sant’
lygnhals substantiv ‘person som er fæl til å lyge’
lygnaktig adjektiv ‘som lyg eller plar lyge’
lygsen adjektiv ‘ikkje til å lite på’

Verbet halvsove i tabell 2 har to røter: halv og sov. To røter finn vi òg i lygnhals i tabell 5: lyg og hals. Eit ord som inneheld to eller fleire røter, kallar vi ei samansetning. Ei samansetning kan òg innehalde andre element (formativar), som n i lygnhals. Dette kan òg illustrerast med kjærleiksgudinne, der røtene er kjær og gud. Ei samansetning er medlem av fleire ordfamiliar – ein familie for kvar rot. Halvsove er medlem i ein annan ordfamilie i lag med halvere, halvgalen, halvmåne og mange andre ord. Lygnhals er òg medlem av ein ordfamilie i lag med mellom mange andre skrythals, slukhals, våghals og flaskehals.

Ved bøying og avleiing blir formativar lagde til ein base, som er ei stamme eller ei rot. Det finst segmentale bøyingsformativar og ikkje-segmentale bøyingsformativar

Ein segmental formativ blir òg kalla eit affiks, og er ein eller fleire språklydar (fonem) (eller bokstavar i skriftspråket) som blir lagde til føre, inni eller etter stamma. Det finst fleire typar affiks:

  • prefiks blir lagt til føre ein base
  • infiks blir lagt til inni ei rot
  • suffiks blir lagt til etter ein base
  • sirkumfiks blir lagt til både føre og etter ein base

Prefiks

Formativen be i bedøve ‘gjere (kroppsdel) kjenslelaus’ er eit prefiks, som her er lagt til basen (rota) døv. Eit anna døme er u i uven, ufri og ubarbert.

Infiks

Norsk har ikkje infiks, men dei finst mellom anna i latin. Verbet rumpō ‘eg riv sund’ har rota rup, som vi mellom anna finn i perfektum partisipp ruptus ‘sundriven’. Presensforma rumpō har infikset m mellom vokalen og den siste konsonanten i rota. Vi kjenner att denne rota og dette infikset når vi samanliknar dei norske orda korrumpere og korrupt, som er lånte frå latin.

Suffiks

Formativane n og e i sovne ‘falle i søvn’ er suffiks. N er lagd til basen (rota) sov, medan e er lagd til basen (stamma) sovn. Suffiks er den vanlegast formativtypen i norsk.

Sirkumfiks

Norsk har heller ikkje sirkumfiks, men dei finst mellom anna i berberske språk. Det kabyliske substantivet amɣar tyder ‘gamal mann’. Når vi legg til ein t føre og ein t etter denne basen, får vi tamɣart, som tyder ‘gamal kvinne’. Sirkumfikset t–t er den vanlege markøren for hokjønn eintal i berberske språk. 

Somme reknar ge–en og ge–t i tyske perfektum partisipp som sirkumfiks: gefunden ‘funne’, gesagt ‘sagt’.

Ein ikkje-segmental formativ endrar sjølve basen. Vanlege ikkje-segmentale formativar er vokalendring, konsonantendring, trykkendring og toneendring.

Vokalendring

Vokalendring er vanleg i norsk, som når vi endrar vokalen i stamma under bøyinga av sterke verb, såkalla avlyd. BRYTEverb heiter bryt i indikativ presens og braut i indikativ preteritum. Diftongen au er her ein ikkje-segmental formativ som viser at dette er ei preteritumsform.

Ein annan type vokalendring er omlyd, som når substantivet mann heiter menn i fleirtal. Ofte er vokalendringa kombinert med ein segmental formativ, som når HANDsubstantiv heiter hand i ubunden eintal og hender i ubunden fleirtal.

Dei semittiske språka nyttar vokalendring mykje, som når fleirtal av det arabiske substantivet kitāb ‘bok’ heiter kutub.

Konsonantendring

Konsonantendring er vanleg i dei fleste samiske språka. Guolli er nominativ eintal av nordsamisk GUOLLIsubstantiv ‘fisk’. I akkusativ-genitiv eintal heiter det guoli, der vi har l i staden for ll. ČALBMIsubstantiv ‘auge’ heiter čalbmi i nominativ eintal og čalmmi i akkusativ-genitiv eintal, med lmm i staden for lbm.

Trykkendring

I engelsk er trykkendring, det vil seie flytting av trykket frå ei staving til ei anna, vanleg ved avleiing. Substantivet import /ˈɪmpɔːt/ ‘import’ og verbet import /ɪmˈpɔːt/ ‘importere’ skil seg frå kvarandre berre ved plasseringa av trykket.

Toneendring

Under bøyinga av norske substantiv hender det at tonen (tonemet, tonelaget) endrar seg frå eintal til fleirtal. Til dømes har BONDEsubstantiv ‘person som driv jordbruk på eigen gard og lever av det’ tonem 1 i eintal og tonem 2 i fleirtal, som vist i tabell 4. Dette er ein del av bøyinga, og tonema er bøyingsformativar.

Tabell 4: Bøyingsmønsteret til BONDEsubstantiv

uttrykk ordklasse tyding
/²bune/  substantiv ‘person som driv jordbruk …’; eintal, ubunden’
/²bunen/ substantiv ‘person som driv jordbruk …’; eintal, bunden’
/¹bøner/ substantiv ‘person som driv jordbruk …’; fleirtal, ubunden’
/¹bønene/ substantiv ‘person som driv jordbruk …’; fleirtal, ubunden’

Ein viktig del av morfologien er studiet av eksponens – tilhøvet mellom tyding og uttrykk i dei einskilde orda. 

Tek vi presensforma sovnar av leksemet SOVNEverb som døme, er det stamma sovn som uttrykkjer tydinga ‘falle i søvn’ og suffikset ar som uttrykkjer tydinga ‘indikativ, presens’. Sagt på ein annan måte: sovn er eksponent for ‘falle i søvn’ og ar er eksponent for ‘indikativ, presens’. Vi kan òg seie at sov er eksponent for ‘liggje i ein medvitslaus kviletilstand’, medan n er eksponent for ‘inkoativ’.

Noko meir komplisert er eksponenstilhøva i den ubundne (ubestemte) fleirtalsforma bønder /¹bøner/ av BONDEsubstantiv. Her finst det tre eksponentar for ‘fleirtal’: (1) suffikset er, (2) vokalendringa, med ø /ø/ i staden for o /u/ og (3) toneendringa, med tonem 1 i staden for 2. Suffikset er er også ein eksponent for ‘ubunden’ (‘ubestemt’). Dessutan er bønd /bøn/ eksponent for ‘person som driv jordbruk på eigen gard og lever av det’. Dette kan vi oppsummere slik, der A er uttrykket og B er tydinga:

Tabell 6: Eksponens i /1bøner/

A / 1 bøn er /
B

‘fleirtal’

‘person som driv jordbruk på eigen gard og lever av det’ 

‘fleirtal’

‘fleirtal’

‘ubunden’

I dømet i tabell 6 har ‘fleirtal’ ikkje mindre enn tre eksponentar. At ei og same tydingar har fleire eksponentar i eit ord, kallar vi mangfaldig (eller multippel) eksponens. Vidare ser vi at suffikset er er eksponent for både ‘fleirtal’ og ‘ubunden’. At ei rot eller ein formativ er eksponent for fleire tydingselement (til dømes fleire bøyingstrekk), kallar vi opphopa (eller kumulativ) eksponens.

Ei av bøyingsformene til SOVNEverb er slik:

sovnar verb ‘falle i søvn; indikativ, presens’

Det som står om tydinga, er delt i to delar, føre og etter eit semikolon. Føre semikolonet står det ‘falle i søvn’ og etter semikolonet står det ‘indikativ, presens’. ‘Falle i søvn’ er den leksikalske tydinga, som er tydinga til leksemet, medan ‘indikativ, presens’ er den grammatiske tydinga, som skil denne bøyingsforma frå dei andre bøyingsformene. ‘Indikativ’ og ‘presens’ er bøyingstrekk (eller morfosyntaktiske trekk) og dei høyrer heime i kvar sin bøyingskategori (eller morfosyntaktiske kategori). 

Norske verb blir mellom anna bøygde i bøyingskategoriane modus og tempus. I norsk har bøyingskategorien modus trekka ‘indikativ’ og ‘imperativ’. I fleire europeiske språket har kategorien modus også trekket ‘konjunktiv’ (også kalla ‘subjunktiv’). Bøyingskategorien tempus har i norsk trekka ‘preteritum’ og ‘presens. I romanske språket har kategorien tempus også trekket ‘futurum’.

Mange språkforskarar byggjer den morfologiske analysen sin på omgrepet morfem. Morfemet blir definert på fleire ulike måtar, men det vanlegaste er å bruke det som ei samlenemning på røter, prefiks og suffiks. Her er ein meir presis definisjon, i samsvar med tradisjonell bruk i nordamerikansk strukturalistisk lingvistikk:

  • Morfemet er ein samanhengande sekvens av eitt eller fleire fonem med ei leksikalsk eller grammatisk tyding. Det kan ikkje delast i endå mindre slike sekvensar med eiga tyding, og kvart morfem finst berre éin gong i kvart ord.

Morfemteorien byggjer på ein hypotese om at ord kan analyserast uttømmande som ein sekvens av eitt eller fleire morfem, slik at morfologi blir ein slags ord-intern syntaks, og slik at all leksikalsk og grammatisk tyding i eit ord er knytt til desse morfema. Denne hypotesen møter ikkje på alvorlege problem i norske ord som sovnar, som kan analyserast som ein sekvens av tre morfem: sov ‘sove’ + n ‘inkoativ’ + ar ‘indikativ, presens’. Det går òg greitt med agglutinerande språk av typen tyrkisk, som berre har røter, suffiks og nokre få prefiks. Köylerden er ablativ fleirtal av KÖYsubstantiv ‘landsby’, og kan greitt analyserast slik: köy ‘landsby’ + ler ‘fleirtal’ + den ‘ablativ’.

Men infiks, sirkumfiks og ikkje-segmentale formativar skapar alvorlege problem for morfemteorien, sidan dei ikkje utgjer samanhengande sekvensar av eitt eller fleire fonem. Infikset står midt inni eit rot og deler ho i to. Sirkumfiks utgjer to affiks (eit prefiks og eit suffiks) med ein base imellom. Ikkje-segmentale formativar er berre modifikasjonar av eitt eller fleire fonem som samstundes er ein del av basen. Sjå meir i artikkelen Morfem.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.