I strukturalistisk språkvitskap beskriv ein språket som eit sjølvregulerande system av element som er definerte i forhold til kvarandre og til heile systemet. Strukturalismen har sett eit varig preg på språkvitskapen siden tidleg på 1900-talet, som forklart med konkrete eksempel i avsnittet Strukturalistisk analyse sist i artikkelen.

Faktaboks

Etymologi

av latin structura 'byggjemåte, byggverk, oppbygning'

Også kjend som
strukturell språkvitskap

Ferdinand de Saussure

Ferdinand de Saussure

Strukturalismen skriv seg frå det posthume verket til den sveitsiske lingvisten Ferdinand de Saussure (1857–1913), Cours de linguistique générale (1916) ‘Kurs i allmenn språkvitskap'.

Strukturalismen skriv seg frå det posthume verket til den sveitsiske lingvisten Ferdinand de Saussure (1857–1913), Cours de linguistique générale (1916) ‘Kurs i allmenn språkvitskap'.

Strukturalistisk språkvitskap var den dominerande språkvitskaplege retninga gjennom det meste av 1900-talet, og spelar framleis ei sentral og viktig rolle. Midt på 1900-talet påverka den strukturalistiske språkvitskapen fleire andre fagområde, og ein fekk strukturalistiske retningar av mellom anna litteraturvitskap, mytetolking, eventyrforsking, psykologi, sosialantropologi og arkitektur.

Seinare strukturalistisk språkvitskap

Utover på 1900-talet utvikla det seg fleire strukturalistiske språkvitskaplege teoriar, ikkje minst knytte til russarane Roman Jakobson (1896–1982) og Nikolaj Trubetskoj (1890–1938), amerikanarane Leonard Bloomfield (1887–1949) og Charles Hockett (1916–2000), franskmannen André Martinet (1908–1999) og dansken Louis Hjelmslev (1899–1965).

Då den amerikanske lingvisten Noam Chomsky (fødd 1928) presenterte sin generative grammatikk på slutten av 1950-talet, var det vanleg å rekne denne nye teorien som ikkje-strukturalistisk, primært fordi han blei presentert som ein motsetnad til ein nordamerikansk strukturalisme med røter i verka til Leonard Bloomfield, men i eit vidare perspektiv har generativ grammatikk klåre og typiske strukturalistiske drag. Chomsky er sterkt påverka av den amerikanske strukturalisten Zellig Harris (1909–1992), som i 1951 gav ut det viktige verket Methods in Structural Linguistics.

Den lingvistiske teorien til briten Robert Malcolm Ward Dixon (fødd 1939), Basic Linguistic Theory 'grunnleggjande lingvistisk teori', som han presenterte i trebandsverket Basic Linguistic Theory (2010–2012), er også grunnleggjande strukturalistisk.

Strukturalistisk språkvitskap i Noreg

Den som først gjorde strukturalistisk språkvitskap kjend i Noreg, var Alf Sommerfelt (1892–1965), som hadde personleg kontakt med mellom anna Roman Jakobson, Leonard Bloomfield og André Martinet.

Doktoravhandlinga til Knut Bergsland (1914–1998), Røros-lappisk grammatikk frå1946, var det første større strukturalistiske verket som blei gjeve ut her til lands, med påverknad først og fremst frå den danske strukturalisten Louis Hjelmslev (1899–1965), men òg frå Leonard Bloomfield.

Gjennom boka Innføring i sprogvidenskap frå 1958 gjorde Carl Hjalmar Borgstrøm (1909–1986) strukturalistisk språkvitskap kjend ikkje berre i Noreg, men òg i andre nordiske land.

Strukturalistisk analyse

Eit grunnleggjande drag ved strukturalistisk språkvitskapleg teori er det skarpe skiljet mellom studiet av språklydar i fonetikken og i fonologien. Ein språklyd i fonetikken blir kalt ein fon, mens ein språklyd i fonologien blir kalt eit fonem. Ein seier typisk at fonetikken er eit studium av substans og at fonologien er eit studium av form.

I fonetikken studerer ein fonar med naturvitskaplege metodar, utan omsyn til kva språk eller dialektar desse fonane høyrer heime i. Ein brukar mellom anna desse metodane:

I fonologien analyserer ein fonem som medlemer av system i særskilde språk eller dialektar. Fonema kan ifølgje strukturalistisk språkvitskap ikkje studerast naturvitskapleg, men med eigne språkvitskaplege metodar. Fonemet må analyserast i relasjon til kva andre fonem det står i motsetnad (opposisjon) til i same språk, eller strengt teke i same variant av eit språk.

Skiljet mellom fonetikk og fonologi er så grunnleggjande i strukturalistisk språkvitskap at mange forskarar ikkje reknar fonetikk som ein språkvitskapleg disiplin i det heile, men som naturvitskap.

Frå ein fonetisk synsstad har fonen [p] dei fonetiske trekka ustemd, uaspirert, bilabial, oral, pulmonisk egressiv lukkelyd, utan omsyn til kva språk han blir brukt i. Vi finn han til dømes som språklyd nummer to i det norske ordet spann, som språklyden fremst i det finske ordet paja 'smie', i det hawaiiske ordet paka 'smør' og i cree-ordet pakwayān 'skjorte'.

Frå ein fonologisk synsstad er ein ikkje interessert i fonen [p], men i til dømes fonemet /p/ i søraustlandske dialektar av norsk eller i moose-dialekten av det nordamerikanske språket cree. Norsk /p/ og cree /p/ er ikkje det same fonemet, sidan dei høyrer heime i forskjellige fonemsystem. Her cree representert med systemet i dialekten Moose Cree, og norsk med systemet i søraustlandske dialektar:

Cree
/p/ /t/ /tʃ/ /k/
/s/ /ʃ/ /h/
/m/ /n/
/w/ /l/ /j/
Norsk
/p/ /t/ /ʈ/ /k/
/b/ /d/ /ɖ/ /ɡ/
/f/ /s/ /ʂ/ /ç/ /h/
/m/ /n/ /ɳ/ /ŋ/
/ʋ/ /l/ /ɭ/ /j/
/r/ /ɽ/

Fonemet /p/ i cree kan definerast med dei fonologiske (eller distinktive) trekka labial, oral, lukkelyd. Det er labialt i motsetnad til /t/ og /k/, oralt i motsetnad til /m/ og lukkelyd i motsetnad til /w/.

Det søraustlandsk fonemet /p/ har derimot dei fonologiske trekka ustemd, labial, oral, lukkelyd. Det er ustemt i motsetnad til /b/, labialt i motsetnad til /t/, /ʈ/ og /k/, oralt i motsetnad til /m/ og lukkelyd i motsetnad til /f/ og /ʋ/.

I cree er ikkje ustemt med blant dei fonologiske trekka til /p/, fordi det ikkje finst noko stemt motsvar /b/. Her skil norsk seg frå cree, ved å ha både /p/ og /b/, slik at ustemt er eit fonologisk trekk ved det norske fonemet /p/.

Det er også ein del av den fonologiske analysen å beskrive korleis fonema blir realiserte som fonar. Fonemet /p/ i cree blir uttalt [p] i nokre posisjonar (som fremst i eit ord) i ordet og som [b] i andre posisjonar (som mellom vokalar):

  • /pakwajaːn/ 'skjorte' blir uttalt [paɡwajaːn]
  • /tipisk/ 'natt' blir uttalt [tibisk]

Difor seier ein at fonemet /p/ i cree har allofonane [p] og [b].

Fonemet /p/ i søraustlandsk norsk har derimot allofonane [p] og [pʰ]:

  • /²pane/ 'panne' blir uttalt [²pʰanˑɛ]
  • /¹spane/ 'spannet' blir uttalt [¹spanˑɛ]

Forholdet mellom fonem og allofonar blir uttrykte gjennom allofoniske reglar. For cree kan ein til dømes formulere desse reglane – litt forenkla:

  • /p/ har allofonen [p] fremst i ord.
  • /p/ har allofonen [b] mellom vokalar.

Skiljet mellom fonetikk og fonologi blei gjort endå tydelegare ved at terminologien som blir nytta for å beskrive fonem etter kvart blei forskjellig frå terminologien som blir nytta for å beskrive fonar. Fonane blir beskrivne med ein terminologi som er nøyaktig frå ein naturvitskapleg synsstad. Fonema blir beskrivne med ein terminologi som ikkje skal uttrykkje mogelege fonetiske skilnader, men mogelege fonemiske skilnader i verdas språk; dei grunnleggjande verka her var Preliminaries to Speech Analysis (1952) av Roman Jakobson, C. G. M. Fant og Morris Halle og Fundamentals of Language (1956) av Roman Jakobson og Morris Halle.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg