Singularis er i grammatikken det same som eintal. Bøyingsformene gut, guten og jente, jenta er singularis, i motsetnad til gutar, gutane og jenter, jentene, som er pluralis (fleirtal)

Faktaboks

Uttale
singulˈaris
Etymologi
av latin singularis 'ein enkelt, berre ein'
Også kjend som

singular

Singularis er eit trekk i den grammatiske kategorien numerus (tal). På norsk bøyer vi både substantiv, adjektiv, perfektum partisipp, pronomen og determinativ i numerus. Mange språk bøyer også verbet i numerus — til dømes engelsk:

  • The girl goes to school. 'Jenta går på skulen.'
  • The girls go to school. 'Jentene går på skulen.'

I dei fleste språk som har den grammatiske kategorien numerus, står singularis berre i motsetnad til pluralis, men mange språk har dualis (total) i tillegg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg