Morf er i språket den minste orddelen som har både eit uttrykk og eit innhald. Det norske adjektivet uvennleg har tre morfar: u-venn-leg. Morfane er morfologiske «byggjeklossar».

Faktaboks

Uttale

mårf

Etymologi

av klassisk gresk μορφή morphḗ ‘form’

Med uttrykk meiner vi bokstavar eller språklydar, og med innhald meiner vi tyding eller grammatisk funksjon.

Morfane i eit ord kan ein finne ved å samanlikne det med andre ord:

  • Morfen u- er kjend frå mellom anna u-van-leg og u-blid. Når u- blir sett føre eit adjektiv, får det motsett tyding: uvennleg er det motsette av vennleg.
  • Morfen venn er kjend frå substantiva venn og venn-inne. Ein venn er ein person ein har eit nært og fortruleg forhold til og som ein har eller har hatt mykje kontakt med.
  • Morfen leg er kjend frå adjektiv som ro-leg og tru-leg. Når -leg blir lagt til eit substantiv, får ein eit adjektiv: vennvennleg, roroleg, alvoralvorleg.

Ved hjelp av morfar kan vi ikkje berre lage nye ord, som vist i uvennleg. Morfane blir også brukt for å bøye ord:

  • Orda venn, venn-en, venn-er og venn-ene viser korleis substantivet venn blir bøygd med morfane en, er og ene.
  • Orda vennleg, vennleg-e, vennleg-are, vennleg-ast, vennleg-ast-e viser korleis adjektivet vennleg blir bøygd med morfane e, are og ast.

Leksikalske og grammatiske morfar

Morfane kan delast i to hovudgrupper, leksikalske og grammatiske:

  • Leksikalske morfar er slike som venn, hest, hus, år, snill, god, raud. Mange av dei kan stå aleine og har ei uavhengig og relativt spesifikk og konkret tyding.
  • Grammatiske morfar er slike som en i hesten, a i husa, are i snillare, t i raudt, u i uvenn eller leg i vennleg. Slike morfar må ofte stå saman med ein leksikalsk morf, og dei har ei meir generell og abstrakt tyding.

Det er ikkje så vanskeleg å førestille seg kva ein bil er, men det er ikkje så lett å forestille seg kva suffikset en tyder utan å tenkje på det i kombinasjon med bil, som i bilen.

I verbformene tenke, tenker, tenkte, tenkt er tenk ein leksikalsk morf, medan e, er, te, t er grammatiske morfar.

Rot, affiks og stamme

Den leksikalske morfen er «kjernen» i eit ord, og vi kallar denne kjernen for ei rot. Føre og etter rota kan vi leggje til grammatiske morfar, og dei kallar vi affiks:

  • I ordet uvennleg er venn ei rot.
  • I ordet uvennleg er u og leg affiks.

Eit affiks som står føre rota, kallar vi eit prefiks, og eit affiks som står etter rota, kallar vi eit suffiks.

  • I ordet uvennleg er u eit prefiks og leg eit suffiks.

Når vi bøyer eit ord, legg vi ofte affiks til noko som er meir enn ei rot. Til dømes legg vi ast til vennleg i vennlegast, og vennleg er ikkje ei rot. Den eininga som vi legg affiks til når vi bøyer ord, kallar vi ei stamme.

  • Rota venn er stamma i substantivet venn. Denne stamma kan vi bøye: venn, vennen, venner, vennene.
  • Rota venn pluss suffikset leg er stamma i adjektivet vennleg. Denne stamma kan vi bøye: vennleg, vennlege, vennlegare, vennlegast, vennlegaste.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg