Modifikasjon er det at ord blir bøygde eller avleidde ved at rota eller stamma blir fonologisk (lydleg) endra. To norske eksempel på dette er mann, som i fleirtal blir menn, og dette, som i fortid blir datt.

Faktaboks

Uttale

modifikasjˈoːn

Etymologi

av latin modificātiō 'måling', med tyding frå norsk / engelsk modifisere / modify 'gi ei litt anna form, lempe på, tilpasse, dempe'

  • Substantivet mann dannar fleirtal ved endring av vokalen i stamma frå a til e. Dette står i motsetnad til dei fleste andre norske substantiv, som dannar fleirtal med eit suffiks, til dømes hesthest-ar.
  • Verbet dette dannar preteritum ved endring av vokalen i stamma frå e til a. Dette står i motsetnad til dei fleste andre norske verb, som dannar preteritum med eit suffiks, til dømes kast-ekast-a, mein-emein-te.

Modifikasjon er ein morfologisk mekanisme som står i motsetnad til affigering, det vil seie tillegg av eit affiks til rota eller stamma.

Vanlege typar modifikasjon er vokalendring, konsonantendring, trykkendring og toneendring.

Vokalendring

Vokalendring er vanleg i norsk, som når vi endrar vokalen i stamma for å danne preteritum av sterke verb, såkalla avlyd:

  • bryt-ebraut
  • skriv-e skreiv
  • finn-e fann
  • far-e for

Ein annan type vokalendring er omlyd, som når vi endrar vokalen i stamma for å danne fleirtal av ein del substantiv:

  • mannmenn

Ofte er vokalendringa kombinert med eit suffiks:

  • hand hend-er
  • bok bøk-er
  • mus mys-er
  • tåg tæg-er

Dei semittiske språka nyttar vokalendring mykje. Her er nokre eksempel på eintal og fleirtal av nokre arabiske substantiv:

  • kitāb ‘bok’ ⇨ kutub 'bøker'
  • kalb 'hund' ⇨ kilāb 'hundar'
  • film 'film' ⇨ aflām 'filmar'

Konsonantendring

Konsonantendring er vanleg i dei fleste samiske språka. I dei fleste substantiv med to stavingar skjer det endringar med konsonanten eller konsonantane mellom vokalane. Her er nominativ eintal og akkusativ/genitiv eintal av nokre nordsamiske substantiv:

  • guolli 'fisk (nominativ)' ⇨ guoli 'fisk (akkusativ/genitiv)'
  • čalbmi 'auge (nominativ)' ⇨ čalmmi 'auge (akkusativ/genitiv)'
  • giehta 'hand (nominativ) ⇨ gieđa 'hand (akkusativ/genitiv)
  • jahki 'år (nominativ) ⇨ jagi 'år (akkusativ/genitiv)'

På det vestafrikanske språket fulfulde skjer det endringar med konsonsanten fremst i eit verb når subjektet er i fleirtal:

  • wng: gorko warii 'mannen kom' ⇨ worɓe ngarii 'mennene kom'
  • fp: debbo faamii 'kvinna forstod' ⇨ rewɓe paamii 'kvinnene forstod'
  • hk: gorko hirsii 'mannen slakta' ⇨worɓe kirsii 'mennene slakta'
  • sc: debbo soodii 'kvinna kjøpte' ⇨ rewɓe coodii 'kvinnene kjøpte'

Som desse eksempla viser, er det også konsonantvekslingar fremst i substantiva:

  • g ⇨ w: gorko 'mann' ⇨ worɓe 'menn'
  • d ⇨ r: debbo 'kvinne' ⇨ rewɓe 'kvinner'

Trykkendring

I engelsk er trykkendring, det vil seie flytting av trykket frå ei staving til ei anna, vanleg ved avleiing, som desse substantiva med trykk på første staving og verba med trykk på siste staving:

  • import /ˈɪmpɔːt/ ‘import’ ⬄ import /ɪmˈpɔːt/ ‘importere’
  • transport /ˈtrænspɔːt/ 'transport' ⬄ transport /trænsˈpɔːt/ 'transportere'
  • protest /ˈprəʊtest/ 'protest' ⬄ protest /prəʊˈtest/ 'protestere'

Toneendring

Under bøyinga av norske substantiv hender det at tonen (tonemet, tonelaget) endrar seg frå eintal til fleirtal. Eit eksempel er bonde, med tonem 2 i eintal og tonem 1 i fleirtal:

  • bonde /²bune/
  • bonden /²bunen/
  • bønder /¹bøner/
  • bøndene /¹bønene/

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg