Pluralis er i grammatikken det same som fleirtal, og blir som regel brukt om bøyingsformer som viser til fleire enn eitt eksemplar av noko, som telefonar, bøker og kyr. Forkortinga er plur. eller pl.

Faktaboks

Uttale
plurˈalis
Etymologi
latin pluralis 'fleirtal'
Også kjend som

plural

Numerus (tal)

Pluralis står i motsetnad til singularis (eintal). I nokre språk, mellom anna norrønt, samiske språk og semittiske språk som arabisk og hebraisk står pluralis også i motsetnad til dualis (total).

Singularis, dualis og pluralis utgjer den grammatiske kategorien numerus (tal).

Pluralis på norsk

På norsk finst det pluralisformer av substantiv (bilar, jenter), adjektiv (store, små), pronomen (vi/me, de/dokker, dei) og determinativ (dei, desse, mine, dine). På norrønt fanst det òg eigne pluralisformer av verb (erum 'vi er', eruð 'de er', eru 'dei er').

Pluralis og høflegheit

Mange språk brukar pluralis ved tiltale av éin person for å uttrykkje seg høfleg. På nynorsk blir De / Dykk (eigentleg 2. person pluralis) brukt ved høfleg tiltale til éin person, og på bokmål blir De / Dem (eigentleg 3. person pluralis) brukt på denne måten.

Svensk (ni / er) og fransk (vous) brukar 2. person pluralis ved høfleg tiltale, akkurat som nynorsk. Dansk (De / Dem) og tysk (Sie) brukar 3. person pluralis, som bokmål.

Å bruke pluralis for å vere høfleg har historisk opphav i pluralis majestatis — bruken av pluralis ved omtale og tiltale av kongelege. Kongen brukar i offisielle, formelle samanhengar også pluralis om seg sjølv: Vi Harald, Noregs konge.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg