Eksponens er korleis den grammatiske informasjonen i ei bøyingsform kjem til uttrykk i forskjellige delar av ordet. Til dømes er bøyingsforma møter presens av verbet møte, og den grammatiske informasjonen presens kjem til uttrykk i suffikset -er.

Faktaboks

Uttale

eksponˈens

Etymologi

av eksponent 'representant (for)', frå latin expōnere 'setje, stille ut'

Her er fleire norske eksempel på eksponens:

  • Bøyingsforma bilane er bunden (bestemt) fleirtal av substantivet bil. Den grammatiske informasjonen bunden, fleirtal kjem til uttrykk i suffikset -ane
  • Bøyingsforma husa er bunden fleirtal av substantivet hus. Den grammatiske informasjonen bunden, fleirtal kjem til uttrykk i suffikset -a
  • Bøyingsforma jente er ubunden (ubestemt), eintal av substantivet jente. Den grammatiske informasjonen ubunden, eintal kjem til uttrykk i suffikset -e
  • Bøyingsforma kastar er presens av verbet kaste. Den grammatiske informasjonen presens kjem til uttrykk i suffikset -ar

Ein annan vanleg type er at den grammatiske informasjonen kjem til uttrykk ved at sjølve stamma endrar form:

  • Bøyingsforma drakk er preteritum av verbet drikke. Den grammatiske informasjonen preteritum kjem til uttrykk ved at stamma har vokalen a i staden for i

Eksponensen er ofte ikkje like enkel som i døma over. I avsnitta nedanfor er nokre andre typar forklarte.

Null-eksponens

Det er ganske vanleg både i norsk og andre språk at den grammatiske informasjonen ikkje kjem til uttrykk i det heile, slik at det et mangelen på eit uttrykk som fortel oss kva bøyingsform vi har å gjere med:

  • Bøyingsforma kast er imperativ av verbet kaste. Den grammatiske informasjonen imperativ kjem til uttrykk ved at forma ikkje har noko bøyingssuffiks.
  • Bøyingsforma drikk er presens av verbet drikke. Den grammatiske informasjonen presens kjem til uttrykk ved at forma ikkje har noko bøyingssuffiks.
  • Bøyingsforma hest er ubunden (ubestemt) eintal av substantivet hest. Den grammatiske informasjonen ubunden, eintal kjem til uttrykk ved at forma ikkje har noko bøyingssuffiks.

Ein kallar dette null-eksponens, sidan den grammatiske informasjonen kjem til uttrykk ved mangel på eit suffiks, med andre ord ved null eller ingenting.

Multippel eksponens

Det er heller ikkje uvanleg at ein og same informasjon kjem til uttrykk på fleire stader i ei bøyingsform. Dette kallar ein multippel (mangfelt) eksponens. Eit greitt eksempel på dette fenomenet finn ein i tysk perfektum partisipp:

  • gearbeitet er perfektum partisipp av verbet arbeiten 'arbeide'. Den grammatiske informasjonen perfektum partisipp kjem til uttrykk i prefikset ge- og suffikset -et

Norsk har også mange eksempel på multippel eksponens:

  • drukke er perfektum partisipp av verbet drikke. Den grammatiske informasjonen perfektum partisippkjem til uttrykk på to stader:
    • Stamma har vokalen u i staden for i
    • Ordet har suffikset -e

Kumulativ eksponens

I mange språk blir både kasus og numerus (tal) uttrykte i eitt og same suffiks, som vist i bøyinga av det latinske substantivet servus 'slave, træl'. Til dømes kjem både akkusativ og fleirtal til uttrykk i suffikset -ōs:

- eintal fleirtal
nominativ servus servī
akkusativ servum servōs
dativ / ablativ servō servīs
genitiv servī servōrum
vokativ serve servī

Dette er eit døme på kumulativ (opphopa) eksponens. Dette er også vanleg i norsk, som når både numerus og binding (bestemtheit) kjem til uttrykk i same suffikset. Bøyingsformene bilane og husa lenger oppe i artikkelen er døme på dette:

  • Bøyingsforma bilane er bunden (bestemt) fleirtal av substantivet bil. Den grammatiske informasjonen bunden, fleirtal kjem til uttrykk i suffikset -ane
  • Bøyingsforma husa er bunden fleirtal av substantivet hus. Den grammatiske informasjonen bunden, fleirtal kjem til uttrykk i suffikset -a

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg