dualis (grammatikk)

Artikkelstart

Dualis er i grammatikken to-tal, i motsetnad til eintal og fleirtal. Mange språk, mellom anna gresk, sanskrit, slovensk, sorbisk, arabisk, hebraisk og khoekhoe (nama) har eigne dualisformer av substantiv, adjektiv, pronomen og/eller verb.

Faktaboks

Uttale
duˈalis
Etymologi
av latin ‘to’
Også kjent som
dual

Bahrain, som på arabisk heiter al-Baḥrayn (البحرين), er eigentleg ei dualisform av substantivet baḥr (بحر) 'hav' og tyder opphavleg 'dei to hava'.

I norrønt er vit 'vi to' ei dualisform, mens vér 'vi (fleire enn to)' er ei pluralisform. På same vis i 2. person: þit 'de to' og þér 'de (fleire enn to)'. I 3. person finst ikkje skiljet mellom dualis og pluralis.

Dei samiske språka har eigne dualispronomen og bøyer verbet i eintal, total og fleirtal. Her er nominativ av alle dei nordsamiske pronomena:

eintal / singularis total / dualis fleirtal / pluralis
1. person mon 'eg' moai 'vi to' mii 'vi (fleire enn to)'
2. person don 'du' doai 'de to' dii 'de (fleire enn to)'
3. person son 'han, ho' soai 'dei to' sii 'dei (fleire enn to)'

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg