I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å definere fleirtal som fleire eksemplar av noko, som i eksempla bøker, stolar, kyr og vrangførestillingar øvst i artikkelen, men det finst fenomen som står på grensa mellom eintal og fleirtal, ved at dei er eitt eksemplar frå éin synsvinkel og fleire eksemplar frå ein annan. Norske eksempel på dette er briller og bukser:
- Eli hadde kjøpt seg nye briller.
- Margrethe går i bukser når ho er på jobb.
Når vi seier at Eli har kjøpt seg nye briller, meiner vi som regel eitt eksemplar av denne innretninga som ein set framfor auga for å sjå betre. Grunnen til at vi likevel brukar ei fleirtalsform, er utan tvil at denne innretninga har to glas. På same vis viser bukser i setning 2 som regel til eitt klesplagg, som blir omtalt med ei fleirtalsform fordi plagget har to bein.
Dette fenomenet er velkjent frå mange språk. Engelsk har til dømes desse substantiva med fleirtalsform og eintal tyding:
-
spectactles 'brille(r)'
-
trousers 'bukse(r)'
-
breeches 'ridebukse(r)'
-
scissors 'saks'
-
binoculars 'kikkert'
-
measles 'meslingar'
Alle desse substantiva viser til ting med to eller fleire like delar, som kan forklare fleirtalsforma. Også det norske substantivet saks er opphavleg ei fleirtalsform. Norrønt hadde inkjekjønnssubstantivet sax, som tydde 'sverd, stor kniv', med fleirtalsforma sǫx, som tydde 'saks'.
Substantiv som berre har fleirtalsform og inga eintalsform, som mellom anna dei engelske orda i lista over, blir tradisjonelt omtalte som pluralia tantum (fleirtal av plurale tantum), latin for 'fleirtal berre'.
Det er heller ikkje uvanleg at substantiv med fleirtalsform oppfører seg grammatisk som eintalsord, fordi dei viser til noko som kan sjåast på som éin ting. Til dømes oppfører engelsk United States som eintal, fordi det er eitt land:
-
Is the United States a republic? 'Er Sambandsstatane ein republikk?'
Omvendt hender det at eit substantiv med eintalsform oppfører seg grammatisk som fleirtalsord, til dømes fordi det viser til til fleire individ, som norsk politiet og engelsk the police:
-
Are the police racist? 'Er politiet rasistiske?'
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.