Faktaboks

Leonard Bloomfield
Uttale
l'enǝrd blˈu:mfi:ld
Fødd
1887
Død
1949

Leonard Bloomfield var ein amerikansk språkforskar som freista å byggje opp språkvitskapen med utgangspunkt i dei reint formelle eigenskapane ved det språklege uttrykket, utan omsyn til tydinga.

Boka hans frå 1933, Language, fekk grunnleggjande tyding for amerikansk strukturell språkvitskap.

Utdanning og stillingar

Etter tre år på Harvard College studerte Bloomfield tysk og indoeuropeisk språkvitskap ved University of Wisconsin frå 1905 til 1908, og heldt fram med studiet av dei same emna ved University of Chicago, der han tok doktorgraden i 1909 med avhandlinga A semasiologic differentiation in Germanic secondary ablaut.

Han underviste i tysk ved universiteta i Cincinnati og Urbana-Champaign nokre år, og studerte så indoeuropeisk språkvitskap og sanskrit ved universiteta i Leipzig og Göttingen i 1913 og 1914. Bloomfield blei sterkt påverka av den indiske grammatikeren Pāṇini, som truleg levde på 400-talet fvt.

Bloomfield hadde ulike stillingar ved amerikanske universitet før han blei professor i tysk filologi ved University of Chicago i 1927–1940 og professor i lingvistikk ved Yale University frå 1940.

Language (1933)

I 1933 gav Bloomfield ut boka Language, som blei eit sentralt verk for nordamerikansk lingvistikk heilt fram til 1960-talet, og framleis blir lesen som ein del av lingvistikkstudiet mange stader i verda.

Language er ei revidert og sterkt utvida utgåve av Introduction to the Study of Language frå 1914. Ein viktig skilnad på dei to bøkene er at Introduction to the Study of Language bygde på teorien til den tyske psykologen Wilhelm Wundt (1832–1920), mens Language bygde på behavioristisk psykologi. I boka frå 1914 heiter kapittel III «The mental basis of language», der Bloomfield mellom anna skriv at «språket spelar ei veldig viktig rolle i dei fleste mentale prosessar, og få av dei er heilt frie for språklege element». Language frå 1933 er derimot fullstendig fri for utsegner om mentale prosessar, og han meiner språket bør studerast «utan referanse til nokon psykologiske doktrinar».

Når Bloomfield — som nemnt i innleiinga — freista å byggje opp språkvitskapen med utgangspunkt i dei reint formelle eigenskapane ved det språklege uttrykket, utan omsyn til tydinga, var han ein viktig føregangsmann for dei seinare nordamerikanske formelle lingvistiske teoriane til Zellig Harris (1909–1992) og Noam Chomsky (f. 1928).

Utforsking av algonkinske språk

I 1919 begynte Bloomfield å utforske dei algonkinske språka, og han leverte fleire viktige bidrag til utforskinga av denne språkfamilien, mellom anna tekstsamlingar, grammatikkar og historisk-komparative studiar av fox, cree, menomini og ojibwe.

Han brukte den komparative metoden, som han hadde lært i studiet av indoeuropeisk språkvitskap, til å rekonstruere ur-algonkinsk — sjå til dømes «On the sound-system of Central Algonquian» frå 1925 — ein rekonstruksjon som med nokre mindre justeringer framleis står ved lag.

I 1939 gav han ut artikkelen «Menomini morphophonemics», der han brukte den grammatiske modellen til Pāṇini i beskrivinga av morfofonologien (dei varierande realiseringane av morfema) i det algonkinske språket menomini. Denne artikkelen er eit sentralt føregangsverk for det som på 1960-talet fekk namnet generativ fonologi, den fonologiske delen av generativ grammatikk.

Austronesiske studiar

Bloomfield studerte i kortare periodar dei austronesiske språka tagalog og ilokano. Tagalog-grammatikken hans frå 1917, Tagalog texts with grammatical analysis, blir framleis rekna som ein av dei beste beskrivingane av dette språket.

Litteratur

  • Bloomfield, Leonard. 1909/1910. A semasiological differentiation in Germanic secondary ablaut. Modern Philology 7: 245–288; 345–382.
  • Bloomfield, Leonard. 1914. Introduction to the Study of Language. New York: Henry Holt.
  • Bloomfield, Leonard. 1917. Tagalog texts with grammatical analysis. University of Illinois studies in language and literature, 3.2-4. Urbana, Illinois.
  • Bloomfield, Leonard. 1925. On the sound-system of Central Algonquian. Language, Vol. 1, No. 4, pp. 130-156.
  • Bloomfield, Leonard. 1933. Language. New York: Henry Holt.
  • Bloomfield, Leonard. 1939. Menomini morphophonemics. Etudes phonologiques dédiées à la mémoire de M. le prince N.S. Trubetzkoy, 105–115. (Travaux du Cercle Linguistique de Prague 8). Prague.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg