Leksem er eit ordet sett frå ein ordbokssynsvinkel. Oppslaga i ei ordbok representerer leksem — som når vere representerer vere, er, var, vore og ver!

Faktaboks

Uttale
leksˈem
Etymologi
av gresk léxis (λέξις) ‘tale, talemåte, ord, uttrykk’ pluss -em, etter mønster av fonem og morfem

Leksemet som ordboksartikkel

Her er tre tenkjelege oppslag i ei norsk (nynorsk) ordbok. Kvart oppslag – eller ordboksartikkel – representerer eit leksem:

  • geit, -a, geiter (hokjønn) 1 klauvdyr av slekta Capra, brukt som husdyr til mjølke- og kjøtproduksjon 2 hodyr av geit (1) 2 tåpeleg eller jålete menneske 3 bakre slede i geitdoning
  • sau, -en, -er (hankjønn) 1 jortar av slekta Ovis med langt, krølla hår, særleg om hodyret 2 dum, einfaldig person
  • nek, -et, nek (inkjekjønn) 1 bunt med avskorne kornstrå med aks på, kornband 2 brukt som skjellsord: ditt nek

Leksem og ordtilfang (ordforråd)

Ein kan tenkje seg at ein person lærer seg eit framandt språk, til dømes engelsk. Sett at nokon ein dag spør denne personen: «Kor mange ord har du lært i dag?» Då brukar ein som regel ordet ord i tydinga leksem. Viss ho svarer: «Eg har lært seks ord: goat, goats, sheep, sheep, sheaf, sheaves», er det rimeleg å seie at ho har misforstått, ved å nemne bøyingsformer i staden for leksem. Det er vanleg å svare med å nemne leksema: «Eg har lært tre ord: goat, sheep, sheaf».

Ein definisjon

Leksemet kan òg definerast som eit sett med ord som står i eit bøyingsforhold til kvarandre. Når ein seier at kvinne, kvinna, kvinner og kvinnene er bøyingsformer av det same ordet, meiner ein nettopp av dei er bøyingsformer av det same leksemet. Vi reknar ikkje kvinneleg som medlem av dette leksemet, for kvinneleg står i eit avleiingsforhold til medlemene av leksemet kvinne. Kvinneleg er medlem i eit anna leksem med sine eigne bøyingsformer.

Leksem og oppslagsord

Fremst i ein ordboksartikkel står det eit oppslagsord, som geit, sau og nek i eksempla ovanfor. Oppslagsordet blir òg kalla nemneform og lemma.

For norske substantiv er oppslagsordet ubunden eintal. For norske verb er grunnforma infinitiv. Når vi les ein engelsk tekst og støyter på eit ord vi ikkje kan, slår vi opp på oppslagsforma til leksemet. Her er eit eksempel:

  • Health inspectors castigated the kitchen staff for poor standards of cleanliness.

Dersom ein ikkje veit kva castigated tyder, leitar ein i ordboka etter oppslagsforma til leksemet, nemleg castigate, trass i at det står castigated i teksten.

Leksemet skrive med store bokstavar

I språkvitskapen skriv ein ofte leksemet med store bokstavar og med namnet på ordklassen etter i forkorta form og i senka skrift, for å skilje leksemet klarare frå bøyingsformene.

  • BÅTS = substantivleksemet båt
  • KVINNELEGAdj = adjektivleksemet kvinneleg
  • SYNGJEV = verbleksemet syngje

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Bjørn Tennøe

Hvorfor dukker ikke dette ordet opp i Språkrådets ordbok? (http://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=leksem) Og hva er flertallsformen?

svarte Rolf Theil

Eg veit ikkje kvifor leksem ikkje er med i Nynorskordboka og Bokmålsordboka -- det må du nesten spørje Språkrådet om. Du kan bøye leksem på same måten som andre ord som endar på -em, til dømes problem og system.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg