Yellowstone National Park

West Thumb Geysir, ein av tallause geysirar i nasjonalparken. I bakgrunnen ligg innsjøen Yellowstone. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Grand Prismatic Spring, Yellowstone

En turgåar ser ned på den varme kjelda Grand Prismatic Spring i Yellowstone.

Grand Prismatic Spring, Yellowstone
Av /Shutterstock.

Yellowstone National Park er ein nasjonalpark i USA. Nasjonalparken vart oppretta i 1872 og er den eldste og største (8992 kvadratkilometer) nasjonalparken i landet. Det er også den første nasjonalparken i verda. Yellowstone ligg gjennomsnittleg 2440 meter over havet i fjellkjeda Rocky Mountains, hovudsakleg i delstaten Wyoming, men strekkjer seg også inn i Montana og Idaho.

Faktaboks

Uttale
jˈeloustoun –

Nasjonalparken har praktfull natur med ville fjell, skogar, fjellenger, fossar, fleire innsjøar – med Yellowstone Lake (362 kvadratkilometer) som den største – canyonar, varme kjelder og 100 000 geysirar, mellom anna den berømte Old Faithful med regelmessige utbrot kvart 33. til 93. minutt.

Yellowstone er ein sovande vulkan som hadde siste utbrot for 640 000 år sidan. I mars 2014 hadde området eit jordskjelv med styrke 4,8 på Richters skala.

Som den første nasjonalparken i verda har Yellowstone hatt ei viktig historisk og kulturell betydning for naturvernarbeid og arealforvaltning verda over. Yellowstone har også ein viktig funksjon som eit stort «naturleg laboratorium», der forskarar kan studere endringar i naturen over tid.

Dyreliv

Raudgaupe
Raudgaupa er noko mindre enn norsk gaupe og lever i Nord-Amerika.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Dyrelivet, som er typisk for Rocky Mountains, er totalfreda og omfattar ei rekkje artar, som bison, hjort (elk), elg (moose), mulhjort, gaffelantilope, grizzlybjørn, svartbjørn, storhornsau, snøgeit, raudgaupe, puma, amerikaskogmår og fleire andre. Elvane er gjenstand for fiskekultur, og her er det tillate med sportsfiske etter mellom anna aure. I og ved elvane er det også eit yrande dyreliv. Mange av dei har temperert vatn, og dei er difor opne om vinteren. Her er det eit rikt fugleliv, også om vinteren, med ender, gjæser, amerikansk fossekall, trompetistsvaner med meir. Ofte ser ein kvithovudhavørn som speidar etter fisk. Langs elvane kan ein også treffe på elveoter og andre vasslevande pattedyr.

Vegetasjon

Nasjonalparken ligg i den boreale barskogsona, og omtrent fire femdelar av av nasjonalparken er skogkledd. Skogane er dominerte av ulike nord-amerikanske gran- og furuartar. Det klart dominerande treslaget er vrifuru (Pinus contorta), som amerikanarane kallar «lodgepole pine». I tillegg finn vi treslag som tuja, hemlokk, lerk og amerikansk osp.

Brann

Spor etter skogbrann
Åsside med trestammar etter tidlegare skogbrann i Yellowstone.
Spor etter skogbrann
Av /Shutterstock.

Skogbrannar har forma landskapet i Yellowstone gjennom tusenvis av år, og har vore ein nøkkelfaktor for utviklinga av økosystema i dei nordamerikanske barskogane. Årringar i gamle tre og funn av pollenkorn og kolrestar i sediment har vist at store brannar med 100–300 års mellomrom har vore vanleg i regionen dei siste 10 000 åra.

Ein ekstrem tørkeperiode sommaren 1988 førte til fleire store brannar, der til saman ein tredel av skogane i Yellowstone brann. Arealet som brann, var på storleik med Hardangervidda nasjonalpark. Amerikanske medium erklærte at den folkekjære nasjonalparken var øydelagd. Resultata av forskinga i åra som følgde etter storbrannen i Yellowstone, viste likevel at dette ikkje var tilfelle. Ein skogbrann tek livet av trea, men fornyar samstundes skogen ved å opne kronedekket, sleppe lys ned til skogbotnen og frigjere næringsstoff til undervegetasjon og til nedbrytarar som sopp, insekt og mikroorganismar.

Fleire artar har utvikla unike tilpassingar til slike brannar, slik som vrifuru. Først når konglene til vrifuru blir varma opp ved brann, blir dei opna opp slik at frøa kan spreiast. Nye vrifurutre spirte allereie året etter dei store brannane i Yellowstone i 1988. Etter to år var skogbotnen prega av eit fargerikt dekke av gras og urter mellom døde trestammar. Etter knapt ti år var landskapet farga lyst grønt av tett og livskraftig ungskog. Hovudkonklusjonane etter storbrannane i Yellowstone i 1988 er at skogane hadde ei imponerande evne til å koma livskraftig tilbake, sjølv etter verkeleg store brannar.

Større naturlege skogbrannar er avhengig av klimaet, og eit varmare klima har sidan 1988 ført til hyppigare brannar i Yellowstone-regionen. Estimat viser at talet på dagar med høg skogbrannfare har auka med i gjennomsnitt ni dagar per år frå 2000 til 2015. Klimaframskrivingar viser at dei ekstreme tørkeforholda som førte til storbrannane i Yellowstone sommaren 1988, snart kan bli den nye normalen i regionen. Dei siste to tiåra er det observert branntilløp kvar einaste sommar.

Yellowstone Lake

Innsjøen Yellowstone Lake ligg 2357 moh. Han er 350 km2 stor, og er omkransa av barskog. Innsjøen er danna som eit vulkankrater fylt med vatn. Det mest spesielle med han er kanskje det som finst under overflata. På botnen er det geysirar, varme kjelder og djupe dalar. Nokre stader har vatnet ein temperatur på 122 grader celsius, men likevel er det liv. Næringsstoff og mineralrike, undersjøiske fontener forsyner utrulege plante- og dyresamfunn med næring, inklusive matter av bakteriar, svampar og akvatiske ormar.

Langs kanten av innsjøen er der eit rikt fugleliv. Ender, gjæser og andre fuglar finn mat på botnen og i vegetasjonen omkring vasskanten. I lufta over er det ofte rovfuglar. Skogane omkring innsjøen har eit rikt dyreliv med hjort, mulhjort, grizzly og anna. Bjørnane finn godt med mat i form av planterøter, knoppar, blåbær og anna.

Varme kjelder

Eit anna fascinerande fenomen i Yellowstone er dei varme kjeldene. Det mest iaugefallande er dei spesielle fargane som er på fjellet som omgir dei, med fargar i gult, oransje, blått og anna. Fargane kjem av svovel og andre mineral som blir skilde ut når varmt vatn frå djupet kjem opp i dagen. Nokre av dei varme kjeldene er store og vide, som Grand Prismatic Spring som er 60 meter i diameter.

Det mest fascinerande med dei varme kjeldene er kanskje likevel at det er liv nede i vassmassane. Dei høge temperaturane gjorde at ein før trudde det ikkje kunne vera liv i slike omgivnader, men det viser seg at det finst ei gruppe organismar som har tilpassa seg høge temperaturar. Dei blir kalla ekstremofile, det vil seia at dei er organismar som elskar ekstreme forhold.

Tilgrensande verneområde

Yellowstone nasjonalpark er ein del av eit større forvaltningsområde som blir kalla Greater Yellowstone Ecosystem (GYE). Det har eit samla areal på omkring 80 000 km2, og består av nasjonalparkane Yellowstone og Grand Teton, og dessutan fleire andre verneområde og nasjonale skogar. Det gjer GYE til det største verneområdet i tempererte område på jorda.

Betydning

Etableringa av Yellowstone nasjonalpark og GYE har vore viktig for å kunna vidareføre levedyktige bestandar av fleire store pattedyr i Nord-Amerika. Nedslaktinga av dei enormt talrike flokkane av bison reduserte bestanden til eit faretrugande lågt nivå. I si tid var bisonen det mest talrike større pattedyret i verda, men millionar av bisonar vart skotne frå tog og på andre måtar. I 1902 var det berre 24 bisonar igjen i Yellowstone nasjonalpark. I dag nærmar talet seg 5000 dyr.

Også for grizzly har etableringa av verneområda hatt ein positiv effekt. I dag er det omkring 150 grizzlybjørnar i Yellowstone nasjonalpark, og omkring 620 i GYE.

Også ulven vart i si tid utsett for omfattande jakt, og han vart utrydda frå Yellowstone. I perioden 1995–1997 vart ulven reintrodusert frå Canada, og i dag er det elleve flokkar med over 100 ulvar i Yellowstone nasjonalpark, og omkring 530 i GYE.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg