Lerk. Tre og kvist med frøkongle.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lerk er ei slekt i furufamilien med 14 artar i Europa, Asia og Nord-Amerika. Lerk skil seg frå dei fleste andre bartrea ved at nålene fell av om hausten.

Faktaboks

Beskriven av
Philip Miller

Skildring

Lerketrea er store tre med vassrett utståande eller hengande greiner. På langskota sit nålene spreidd, på kortskota sit dei i buntar.

Pollenkonglene («hannblomane») sit på kortskot utan nåler, frøkonglene («hoblomane») sit på kortskot med nåler. Nokre av dei beste skiljemerka mellom artane har frøkonglene, spesielt i kongleskjela.

Utbreiing

Europalerk, Larix decidua, dannar skogar i Alpane og Karpatane og går opp til 2500 meter over havet. I Mellom-Europa, England og Skottland blir han planta som skog og nytta til tømmer. Arten kan bli 50 meter høg, og stammen kan få ein diameter av 1,5 meter. Sibirlerk, Larix sibirica, dannar store skogar til Sibirs skoggrense mot nord. Amerikalerk, Larix laricina, går til skoggrensa i Nord-Amerika. Konglene til amerikalerken blir berre 15 millimeter lange. Japanlerk, Larix kaempferi, dannar skogar i Japan. I Himalaya veks Larix griffithii, som har inntil åtte centimeter lange kongler.

Fleire artar blir planta i Noreg, og både europalerk og sibirlerk finst forvilla ved sjølvsådde frø frå utplantingane.

Eigenskapar

Veden minner i struktur og farge om furu, men yteveden er oftast smalare og kjerneveden litt meir variert i fargetone. Densiteten ved 15 prosent fukt er cirka 0,61 g/cm3. Veden er sterk, hard, glatt og temmeleg haldbar. Lerk har hos oss ein tendens til å bli langkrøkt, noko som avgrensar bruken. Rettvakse virke kan nyttast til konstruksjonsvirke, panel, takspon, båtbord og som rundlast til portstolpar.

Lerk som skogstre

Lerk som skogstre har ikkje fått nokon stor plass i norsk skogbruk. Europeisk lerk trivst best i lunare strøk i Sør- og Vest-Noreg, men han blir lett angripen av soppsjukdommen lerkekreft. Sibirlerk klarer seg godt i innlandet. Kryssinga mellom europalerk og japanlerk, som er motstandsdyktig mot lerkekreft, har gitt lovande resultat, også i leplantingar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

lerk
Larix
Artsdatabanken-ID
103801
GBIF-ID
2686156

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg