Einar Førde
Faktaboks
- Født
- 20. januar 1943, Høyanger
- Død
- 26. september 2004, Oslo
- Virke
- Politiker og kringkastingssjef
- Familie
-
Foreldre: Lærer Gudleik Førde (f. 1904) og sykepleier Dagny Hagen (1910–91).
Gift 1) 1971 med informasjonsmedarbeider Brit Fougner Eriksen (22.1.1946–), datter av Alf Eriksen og Else Fougner, ekteskapet oppløst 1991; 2) 1995 med cand.oecon. Synnøve Nymo (25.9.1962–), datter av Olav Nymo (1921–78) og Karen Hansen (1928–).

Foto 1997. Bilde frå Norsk biografisk leksikon


Einar Førde
Bakgrunn
Førde var fødd i Høyanger og døydde i Oslo. Han tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1961. Ved Universitetet i Oslo tok han grunnfag i statsvitskap og støttefag i sosialøkonomi i 1962, og i 1967 mellomfag i historie. Han tok også Forsvarets russiskkurs (no ein del av Forsvarets etterretningshøgskole) i 1964.
Ei kort tid arbeidde Førde som journalist i Arbeiderbladet, før han i 1969 blei vald til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Oslo. Han sat der i 20 år, berre avbrote av to år som kyrkje- og undervisningsminister i 1979–1981. I 1989 blei han kringkastingssjef, og den stillinga hadde han til 2001.
Førde hadde ei lang rekkje verv, dei fleste politiske. Han var mellom anna formann i Det norske Studentersamfund i Oslo hausten 1966 og formann i Den Norske Hellaskomiteen 1970–1975. Han kom inn i sentralstyret i Arbeidarpartiet som varamedlem i 1965 og rykte opp til nestformann i 1981. Her sat han som nummer to til han gav seg med politikk i 1989. Frå 1986 til 1989 var han parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet. Førdes siste viktige verv var som styreleiar i Norsk Telegrambyrå frå 2001 til han døydde av kreft i 2004.
Einar Førde var ein lovande mellomdistanseløpar tidleg på 1960-talet. Under NM i Trondheim i 1963 vann han sølv på 1500 meter med nordisk juniorrekord.
Han publiserte fleire bøker, mest artikkelsamlingar. Viktigast var Det norske klassesamfunnet (1968), ei samling avisartiklar frå Arbeiderbladet som skapte debatt; ikkje minst internt i Arbeidarpartiet.
Vestlending
Einar Førde utvandra til Austlandet alt som 15-åring og flytta aldri tilbake, men røtene sat djupt. Oppveksten i den vesle industristaden Høyanger på 1940- og 1950-talet gav han ikkje berre nynorsken og den kvasse humoren, men forma også synet hans på politikk og religion. Dei synlege klasseskilja kring smelteverket i Høyanger la grunnlaget for eit livslangt engasjement for likskap. Søndagsskulen på Høyanger bedehus gav den elles så radikale og frilyndte mannen ei gudstru som heldt livet ut. Å ha bedehuskulturen under huda var ikkje minst ein fordel i tida som kyrkje- og undervisningsminister.
Ideolog og pragmatikar
Førde kom inn i Arbeidarpartiet som radikal student og motstandar av NATO. Få år seinare stod han i bresjen for nei-sida i partiet under EF-kampen i 1970–1972. Herifrå bygde han seg vidare opp i partiet som venstresida sin mann.
Det var Førde som leidde arbeidet med det nye prinsipprogrammet som blei vedteke på landsmøtet i 1981. Særleg i ettertid blir dette sett på som det første formelle steget i retning moderniseringa – kritikarar vil seie høgredreiinga – av Arbeidarpartiet. Saman med partileiar Gro Harlem Brundtland og partisekretær Thorbjørn Jagland dreiv han denne utviklinga vidare utover på 1980-talet. Bakgrunnen frå venstresida og den ideologiske ballasten hindra ikkje Førde i å få Arbeidarpartiet til å opne for aktiv bruk av dei økonomiske marknadskreftene. Det som kritikarane såg på som prinsipplaust knefall og såleis i pakt med tradisjonen.
Kampen for NRK
Einar Førde måtte gi opp draumen om å bli leiar og statsminister. Gro Harlem Brundtland var ikkje til å kome forbi. Den nære venskapen hans med byråsjef Arne Treholt, arrestert for spionasje i 1984 og dømd til 20 års fengsel året etter, kan ha vore den viktigaste grunnen til at Førde ikkje nådde heilt til topps.
Det er likevel ikkje tvil om at Førde svært gjerne ville bli kringkastingssjef. Dét var ein annan gutedraum. Førde hadde arbeidd mykje med mediepolitikk og var svært oppdatert då han kom til Marienlyst. Då var NRK som ei kjempe på leirføter, alt anna enn klar for konkurransen med radiostasjonane og dei nye private tv-stasjonane TV Norge og TV3. Snart blei det klart at NRK også skulle få den private og reklamefinansierte allmennkringkastaren TV 2 å konkurrere med.
Einar Førde satsa på ekspansjon og krig, finansiert med pengar NRK for ein stor del ikkje hadde, og som han måtte bruke all si politiske røynsle for å hente inn frå regjering og storting i etterkant. Resultatet var at NRK overlevde både som reklamefri og lisensfinansiert allmennkringkastar og som største kanal – nokså eineståande i kringkastingsverda.
Ein tilleggsgevinst som Førde sjølv var særleg stolt av, var at NRK i hans tid starta daglege fjernsynssendingar på samisk. Desse sendingane går på lufta også i Finland og Sverige og har gjort mykje for å styrkje samisk språk og kultur.
Røysta
Det er ein klisjé å seie om nokon at han var elska og hata, men det var Einar Førde. Nettopp munnbruken hans kan ha vore med på å gjere han til eit vanskeleg val som partileiar og statsminister, og det reflekterte han sjølv over i mange intervju. Samtidig blei han elska for den skarpe humoren og for varmen og engasjementet han ofte viste. Ikkje minst blei han folkekjær mot slutten av livet gjennom kommentarane han skreiv i spalta «Einar på ein onsdag» i Bergens Tidende, og som også blei samla i to bøker.
Då han takka av på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1989, runda han av på denne måten: «Sidan det er mars og sidan vi har sett vårsola i dag, skal eg berre avslutta heilt enkelt med å oppmoda dykk til samling om den enklaste og mest fundamentale av alle sosialdemokratiske draumar, draumen om folkevåren og draumen om meir livgjevande sol til alle menneske. Takk for meg.»
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Obrestad, Tor: Einar Førde : ein biografi, 2007, isbn 978-82-521-6972-0
- Rossavik, Frank: Stikk i strid : ein biografi om Einar Førde, 2007, isbn 978-82-430-0407-8
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.