Thorbjørn Jagland er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var Noregs statsminister frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997, stortingspresident frå 2005 til 2009 og leiaren av partiet frå 1992 til 2002. Jagland har også vore leiar for Den norske Nobelkomité, og var frå 2009 til 2019 generalsekretær i Europarådet.
Jagland var leiar av AUF i 1977–1981 og utgreiingssekretær i Arbeidarpartiet i 1981–1986. Han var partisekretær i 1986–1992 og Arbeidarpartiets leiar i åra 1992–2002. Jagland var stortingsrepresentant for Buskerud i åra 1993–2009, og han var parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet i periodane 1993–1996 og 1997–2000. Han overtok som statsminister i 1996 etter Gro Harlem Brundtland, men gjekk av etter valet i 1997, sjølv om partiet gjorde eit brukbart val.
Etter det dårlege lokalvalet i 1999 vart det stilt spørsmål i Arbeidarpartiet ved Jaglands leiarevner. I februar 2000 trekte han seg som parlamentarisk leiar og statsministerkandidat. Han var deretter ein kort periode leiar for utanrikskomiteen på Stortinget; frå mars 2000 til oktober 2001 var han utanriksminister. I 2001–2005 var han igjen leiar av utanrikskomiteen. Jagland var stortingspresident i perioden 2005–2009.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.