Faktaboks

Odvar Nordli
Fødd
3. november 1927, Stange, Hedmark
Død
9. januar 2018, Oslo
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Linjehandverkar Eugen Nordli (1905–1991) og Marie Jørgensen (1905–1984).

Gift 1953 med Marit Haraseth (1931–2009), dotter av Håkon og Anna Haraseth (1895–1955).

Statsminister Odvar Nordli før nyttårstalen i NRK, 1977
Statsminister Odvar Nordli før nyttårstalen i NRK, 1977
Av /NTB.
Odvar Nordli
Odvar Nordli representerte Arbeidarpartiet i HedmarkStortinget frå 1961 til 1985. Han var statsminister frå 1976 til 1981.
Av .

Odvar Nordli var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet som var statsminister frå 1976 til 1981. Han representerte i HedmarkStortinget frå 1961 til 1985 og var fylkesmann i Hedmark i perioden 1985–1993.

Nordli var utdanna revisor og arbeidde som distriktsrevisor i Vang og Løten i fire år før han vart stortingsrepresentant.

Den politiske karriera starta som medlem av kommunestyret i Stange i 1950. Same år vart han vald til varaordførar. I Trygve Brattelis første regjering frå 1971 til 1972 var Nordli kommunal- og arbeidsminister. Under Brattelis andre regjering frå 1973 til 1976 var han Arbeidarpartiets parlamentariske leiar.

Bakgrunn

Oddvar Nordli i Tysklandsbrigaden
Odvar Nordli i Tysklandsbrigaden som ung. Foto frå 1948.
Av /Anno Domkirkeodden.

Nordli hadde ein klassisk arbeidarpartibakgrunn. Fødd i Stange, oppvaksen i ein arbeidarfamilie og han hadde gått gradane gjennom ungdomsorganisasjonen AUF til kommunepolitikken og fagrørsla både lokalt og sentralt. I barndomen fekk han varige inntrykk av mykje av den nauda han såg rundt seg i det klasseprega samfunnet i 1930-åra.

Nordli utdanna seg til revisor og vart i 1957 distriktsrevisor i Vang og Løten kommunar.

I 1954, 27 år gammal hadde han blitt vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet, og frå 1961 vart han innvald som fast representant. Han kom då inn i nasjonalforsamlinga saman med fleire dyktige unge politikarar som snart markerte seg i replikkordskifta, og som Trygve Bratteli fekk stor nytte av då han vart parlamentarisk leiar i 1965. Desse nye gjekk under namnet «sølvgutane», og blant dei var Nordli, Ragnar Christiansen, Arvid Johanson og Guttorm Hansen.

Kommunalminister

I 1971 vart Nordli utnemnd til kommunalminister i Trygve Brattelis første regjering, og markerte seg sterkt der. Bratteli ville helst ha han som sosialminister. Sidan 1969 hadde Nordli vore leiar for sosialkomiteen, men i stortingsgruppa ville dei heller ha han som kommunalminister. Det ville han helst sjølv også. Han hadde då også lang røynsle frå kommunalkomiteen og kjende saksfeltet godt.

Nordli var ein arbeidshest i politikken. Han var grundig og sette seg skikkeleg inn i sakene, og var meir oppteken av å få gjennomført ting enn å drøfte vyar og ideologi. Etter katastrofevalet for Arbeidarpartiet i 1973 vart Nordli parlamentarisk leiar. Det fall då i hans lodd å takle den store SV-gruppa på 16 representantar som regjeringa Bratteli var avhengig av for å få fleirtal i mange av sakene. Alternativt måtte han skaffe seg støtte på borgarleg side.

Maktkampen i 1975

Fotografi av Ivar Leveraas, Trygve Bratteli, Gro Harlem Brundtland, Reiulf Steen og Odvar Nordli i 1975. De fem politikerne sitter rundt et bord og smiler.
Fra venstre: Ivar Leveraas, Trygve Bratteli, Gro Harlem Brundtland, Reiulf Steen og Odvar Nordli fotografert i 1975.
Fotografi av den nyvalgte ledelsen i Arbeiderpartiet på landsmøtet i 1975. Fra venstre: Statsminister Odvar Nordli, nestleder Gro Harlem Brundtland, leder Reiulf Steen og sekretær Ivar Leveraas. De fire personene står tett sammen og smiler.
I 1975 ble Reiulf Steen partiformann, mens Odvar Nordli overtok som statsminister i 1976. Dette delte lederskapet fungerte etter hvert dårlig. Det utviklet seg også et motsetningsforhold mellom Steen og Gro Harlem Brundtland, partiets nye statsminister og leder fra 1981. Bildet viser den nyvalgte ledelsen på landsmøtet i 1975. Fra venstre: Statsminister Odvar Nordli, nestleder Gro Harlem Brundtland, leder Reiulf Steen og sekretær Ivar Leveraas.
Av /Det norske arbeiderparti.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Formannsskifte i Arbeidarpartiet har det ikkje vore så mange av sidan samlingskongressen i 1927. Det var andre verdskrigen som sytte for skiftet frå Oscar Torp til Einar Gerhardsen i 1945, og då Trygve Bratteli tok over etter Gerhardsen i 1965 var han knapt til å kome forbi, endå det var fleire som prøvde. Desse to formannsskifta var likevel idylliske i høve til det politiske drama som følgde i etterkant av at Trygve Bratteli i 1974 kunngjorde at han ville trekkje seg som partiformann på landsmøtet i 1975.

Nordli verka tidleg som ein aktuell kandidat til å overta som partileiar og eventuelt statsminister etter Bratteli. Men samtidig var Reiulf Steen nestleiar i partiet og hadde sterke støttespelarar som føretrekte han framfor Nordli i dei same posisjonane. Steen vart av venstrefløya i partiet oppfatta som meir radikal og nytenkjande enn Nordli, særleg i utanrikspolitikken. I nyare tid har det knapt vore ein meir knallhard personstrid om toppverv i Arbeidarpartiet.

Det var Einar Gerhardsen som først orda frampå om delt leiarskap som eit kompromiss av omsyn til partifreden. Delt leiarskap i den forstand at partiformannen og statsministeren ikkje var same person, hadde Arbeidarpartiet svært blanda røynsler med. Det fungerte godt då Oscar Torp var formann og Johan Nygaardsvold var statsminister. Då sat Torp i regjeringa, men sjølv om han i førkrigsåra var usamd i den svake satsinga på forsvaret, så var han lojal mot statsministeren. Like godt gjekk det ikkje då Oscar Torp vart statsminister og partiformannen, Einar Gerhardsen, sat i Stortinget. Gerhardsen var den sterke og Torp fekk den vonde kjensla av å mangle ryggdekning frå gruppa.

Problemet med delt leiarskap i denne fasen var at partiet alt hadde ein statsminister, Trygve Bratteli, og han hadde ikkje varsla avgang som regjeringssjef. Skulle Gerhardsens ønskje gå i oppfylling, måtte Bratteli gå. Om det ikkje låg ein slik tanke bak, så var neppe Brattelis lagnad det som opptok Gerhardsen mest.

På Arbeidarpartiets landsmøte våren 1975 utfalda det seg ein open maktkamp mellom dei to fløyene. Den enda med eit kompromiss med delt leiarskap, der Steen vart valt til partileiar og Nordli peika ut til å overta som statsminister noko seinare, etter nærare avtale med Bratteli.

Løysinga landsmøtet valde viste seg å ikkje bli nokon stor suksess. Motsetningane og dei interne konfliktane i Arbeidarpartiet heldt fram, både om politikk og personar. Det kom særleg godt til syne i utanriks-, tryggleiks- og miljøpolitikken. Steen og Nordli greidde heller ikkje å utvikle noko nært og fortruleg samarbeid i dei fem åra som følgde før Gro Harlem Brundtland overtok.

Det er høgst usikkert korleis det ville ha gått på landsmøtet om det hadde blitt ei kampvotering om formannsvervet. Det var visstnok eit fleirtal for Nordli i valkomiteen, men eit fleirtal for Steen i landsmøtet. Debatten kunne ha blitt avgjerande, men det løyste seg altså ved at ein valde Gerhardsen sin utveg, ei delt løysing.

Statsministerkandidat

Reiulf Steen rykte opp som formann og i eit tillegg uttrykte landsmøtet at Odvar Nordli skulle vere statsministerkandidat når Bratteli gjekk av. For Bratteli vart dette eit sjokk han aldri kom over. Landsmøtet hadde sett han på oppseiing, og vedtaket kunne vanskeleg tolkast på annan måte enn at han om ikkje så altfor lenge måtte gå av for å gi plass til Odvar Nordli.

Tilhøvet mellom Bratteli og Nordli vart ikkje godt etter dette, og Nordli skriv i ei av bøkene sine at han angra bittert på at han ikkje snakka ut med Bratteli med ein gong. Det var likevel ikkje Nordli sin feil at vedtaket vart slik. Det valet som vart gjort på dette landsmøtet skulle bli ei ulykke for partiet. Det delte leiarskapet fungerte ikkje, og det gjekk ikkje lang tid før ein oppdaga det.

Statsminister

Odvar Nordli
Nordli var fylkesmann i Hedmark frå 1985 til 1993. Foto frå 1984.
Odvar Nordli
Av /NTB Scanpix ※.

Etter eit visst påtrykk varsla Bratteli nokre månader etter landsmøtet at han ville gå av i januar 1976, og den 15. januar tok Odvar Nordli over.

Han vart den første statsministeren her i landet som ikkje hadde røynsler som vaksen person under andre verdskrigen. Han vart den sjette statsministeren frå Arbeidarpartiet, og den første av dei som hadde eksamen artium.

Motkonjunkturpolitikken

Den regjeringa Nordli skipa var dels med nokre av Brattelis statsrådar, men også nokre nye. Regjeringa arva ein økonomisk sett vanskeleg situasjon frå regjeringa Bratteli.

Han arva også finansministeren, Per Kleppe, som hadde starta den såkalla motkonjunkturpolitikken. Målet var å bruke av oljepengane til å dempe effekten av ein nedgangskonjunktur. På den måten ville ein halde sysselsettinga her i landet oppe inntil tidene betra seg. Kleppe meinte at nedgangen ville bli kortvarig og at sola snart ville skine over norsk økonomi på nytt.

I tillegg hadde regjeringa og partane i arbeidslivet fått til kombinerte lønnsoppgjer, såkalla «Kleppe-pakkar», for dermed å få ned dei nominelle lønnstillegga. Desse «pakkane» gjekk ut på at staten skulle yte bidrag i form av økonomiske tiltak som kom arbeidstakarane til gode, og som dermed gjorde at kjøpekrafta kunne haldast oppe med mindre nominelle lønnstillegg. I 1975 var lønnsveksten oppe i 20 prosent, men gjekk ned til åtte prosent i 1977. Effekten var der, men det vart dyrt for statskassa, og dei måtte låne i utlandet, og då med pant i framtidige oljeinntekter. Snart var utanlandsgjelda oppe i 150 milliardar kroner, nesten to tredjedelar av brutto nasjonalproduktet.

Det viste seg også at det ikkje var ei mellombels krise ein var inne i, men ei strukturell krise i næringslivet over heile den vestlege verda. I utlandet omstilte næringslivet seg til meir rasjonell produksjon for å betre konkurranseevna, mens i Noreg så vart omstillinga utsett som følgje av motkonjunkturpolitikken. Av same grunn fekk norsk næringsliv svekka konkurranseevne.

For å demme opp mot den store SV-gruppa på Stortinget, la Arbeidarpartiet kursen eit stykke til venstre etter katastrofevalet i 1973, og ei rekkje saker bar preg av å skulle gjere venstresida meir tilfreds. Kriminalmeldinga som gjekk inn for mindre bruk av fengsel, var ei av dei. I 1977 kom lov om bankdemokratisering som ga Stortinget rett til å oppnemne fleirtalet i representantskapet i dei store forretningsbankane. Ordninga vart avvikla i 1990, men var ei god sak for Ap i 1970-åra.

Stortingsvalet i 1977

Fotografi av Odvar Nordli og Gro Harlem Brundtland på valgdagen i 1977. Begge smiler, og Nordli holder armen i været som for å signalisere seier.
Odvar Nordli og Gro Harlem Brundtland i Samfundssalen på valgdagen i 1977.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Statsminister Odvar Nordli og partiformann Reiulf Steen med det endelege resultatet frå stortingsvalet 1977
Statsminister Odvar Nordli og partiformann Reiulf Steen med det endelege resultatet frå stortingsvalet 1977
Av /NTB.

Det viste seg elles etter kvart at SV ikkje vart så stort trugsmål. Sosialistisk Venstrepartis store gruppe frå 1973 til 1977 var i høg grad i stand til å øydelegge for seg sjølv gjennom indre strid, og ved valet i 1977 miste SV 14 av dei 16 mandata. Det eine av dei to som var att, SV-mandatet i Nordland, der Hanna Kvanmo kom inn, var Nordli-regjeringa og Arbeidarpartiet svært glad for, for det var dette som ut på formiddagen etter ei svært spennande valnatt sikra at fleirtalet bikka over på sosialistisk side og gjorde at Nordli kunne halde fram som statsminister.

Arbeidarpartiet gjorde eit kjempeval i 1977, det beste sidan rekordvalet i 1957, og auka oppslutninga frå 62 til 76 mandat. For Odvar Nordli var dette ein stor personleg siger.

Den andre store vinnaren av 1977-valet var Høgre, som auka frå 29 til 41 mandat. Det første store skvulpet av høgrebølgja slo inn over landet, og det var ikkje lenger frå venstre, men frå Høgre at Arbeidarpartiet kjende trugsmålet kome. I slutten av 1970-åra vart det difor ei stor omlegging av Arbeidarpartiets politikk. Omlegginga mellom anna i motkonjunkturpolitikken, vart kraftig kritisert internt i Arbeidarpartiet, og ein tok til å tvile på regjeringa si evne til å styre.

Lønns- og prisstopp

I Odvar Nordlis regjeringstid byrja norsk økonomi for alvor å bere preg av at landet hadde vorte ein oljenasjon. Ein sterk auke i både kostnader og prisar tvinga fram ein generell lønns- og prisstopp som varte i femten månader i åra 1978–1979. Renta gjekk opp og kommunane skulle bruke mindre pengar. Det vart ei smertefull, men nødvendig omvurdering som gjorde regjeringa upopulær, også i Arbeidarpartiet.

Samtidig var den internasjonale økonomien i ulage. Dermed valde Nordlis regjering å setje i verk ei rekkje såkalla motkonjunkturtiltak for å dempe dei negative verknadene innanlands. Fleire næringar vart tilgodesett med direkte statleg støtte for å motverke arbeidsløysa. Det gjaldt mellom anna verftsindustrien.

Som statsminister måtte Nordli dei siste par åra bruke mykje energi på to store tryggingspolitiske stridssaker: NATOs dobbeltvedtak frå 1979 om utplassering av nye langdistanserakettar, og førehandslagring av amerikansk militært materiell. I begge saker vart sterke politiske motsetningar i partiet blottlagt.

I tillegg vart vedtaket om å byggje ut Alta-Kautokeino-vassdraget (Alta-saka) ein hovudverk for regjeringa, med sterk uro i delar av den samiske befolkninga og motstand i miljørørsla.

200-milssone

På plussida greidde Nordli-regjeringa å få gjennomslag for viktige internasjonale avtalar, som vedtaket om 200 mils økonomisk havsone, og avtalen med Sovjetunionen om delelinja i Barentshavet, den såkalla «gråsona».

Derimot stranda Volvo-avtalen, som gjekk ut på at Noreg skulle få ta del i Volvos produksjon mot at Sverige fekk innpass i norsk oljeverksemd. Dei svenske Volvo-aksjonærane torpederte avtalen.

Krise i partiet

Det skulle raskt vise seg at landsmøtevedtaket i 1975 om å dele på toppverva ikkje var særleg lurt. Partiformann Steen og statsminister Nordli var ulike av natur og også av politisk legning, og det var ikkje så vanskeleg å spore både nyansar og meir enn det i politiske standpunkt.

Den første store krisa kom framfor landsmøtet i 1977. Steen kritiserte i eit stort intervju i SV-avisa Ny Tid sitt eige parti fordi det nye partiprogrammet innevarsla det han kalla «ein reformpause». Han hadde sjølv vore med på å lage programmet. Den tida var Steen langt nede både fysisk og psykisk. Han vurderte å trekkje seg på landsmøtet, men fekk applaus for talen sin og såg det som teikn på tillit.

Etter det valet reorganiserte Nordli regjeringa si, men det var til lita hjelp. Buskagitasjonen og lekkasjane frå interne møte held fram. Lojaliteten i tillitsmannsapparatet i partiet og i apparatet rundt Nordli verka å vere på eit lavmål. Til slutt skreiv også Ap-avisene at det var på tide med skifte både av statsrådar og av regjeringssjef.

Dei krevjande politiske sakene, saman med motsetningane internt i Arbeidarpartiet i heile Nordlis regjeringstid, vart etter kvart ei stor belastning på statsministerhelsa. I februar 1981 gjekk han av som regjeringssjef, og var etter valet same år visepresident i Stortinget til 1985.

Nordli går av

Odvar Nordli i 2011
Nordli var statsminister frå 1976 til 1981. Fotografert i 2011.

Nordli sjølv hadde lenge hatt problem med helsa, men no vart det verre, og legen hans stilte til utsikt ei lengre sjukmelding. Det kan ein statsminister vanskeleg ta, og Nordli innsåg at det var tid for å gå. Tidspunktet vart framskunda av ein artikkel frå Arbeidaranes Pressekontor, der det sto at statsministeren kom til å gå av. Nordli visste ikkje om at ein slik artikkel var i emning, og offentleggjeringa av at han var sjuk og hadde planar om å gå av, skipla det opplegget han hadde for sin eigen avgang. Nordli hadde tenkt seg Rolf Hansen som etterfølgjaren sin, men slik skulle det ikkje gå.

På møtet der ein skulle avgjere spørsmålet om kven som skulle bli ny statsminister, viste det seg å vere fleirtal for nestleiaren i partiet sidan 1975, Gro Harlem Brundtland. Det var sju personar heime hos Trygve Bratteli som skulle utpeike den nye kandidaten. På førehand var det klart at AUF ville ha Rolf Hansen, LO-leiinga støtta Rolf Hansen og eit fleirtal i partileiinga ville ha han. Likevel vart det altså Gro Harlem Brundtland. Ho var ikkje minst partiapparatets, partipressas og grunnorganisasjonen sitt val.

4. februar 1981 skjedde skiftet. Odvar Nordli vart fylkesmann i Hedmark, og var ute av politikken. I sum vart mykje gjennomført i Nordlis statsministertid, men han måtte også ta mange nederlag. Nordlis regjeringstid var ei omstillingstid der Arbeidarpartiets politikk vart hengande etter utviklinga. Nordli sjølv derimot vart ein folkeleg og godt likt statsminister, men på slutten av regjeringstida rakna det meste.

Sjølv om Nordli var roleg og sindig som mennesketype, og sikkert også robust og i stand til å takle press, var han ikkje budd på å bli nærast mosa sund av sine eigne partifeller. Han sto sterkt ute i partiet i distrikta, men sto svakt på Youngstorget og i den spesielle kulturen som rådde der, både i partiet og i fagrørsla.

Til slutt var det nok helseproblema som knekte Nordli, men helseproblema vart forsterka av den undergravinga av politikk og autoritet som han opplevde frå partifeller. I dei beste åra sine viste Nordli eigenskapar som kunne ha gjort han til ein av dei store statsministrane. Han var populær ute i folket, han var folkeleg og jordnær, men møtte veggen i sitt eige parti.

Andre verv

Lie og Nordli

Haakon Lie (til venstre) og Odvar Nordli i samtale på Ulvøya i 2003.

Etter at Odvar Nordli gjekk av som statsminister hadde han fleire viktige verv. Han var styreleiar i Noregs Kommunalbank i 1987–1998, medlem av Den norske Nobelkomite frå 1985 til 1996 og styreleiar i Det norske hageselskapet i dei seks åra frå 1982 til 1988.

Odvar Nordli vart i 1994 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Utgivingar

  • Langs veg og sti, 1984
  • Min vei. Minner og meninger, 1985
  • Morgenlandet. Innlandet i ly av fjella, 1991
  • Vi så kornmoglansen. Om drøm og hverdag, 1994
  • Storting og småting. Minner langs vegen, 1996
  • Skråblikk fra godstolen, 2006
  • Alvorlig talt. Samtaler om politikk (sammen med Kåre Willoch), 2008

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Odvar Nordli

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg