Bjartmar Gjerde var ein norsk politikar og statsråd for Arbeidarpartiet, kringkastingssjef i NRK og arbeidsdirektør. Han var den første olje- og energiministeren i Noreg, frå 1978.
Gjerde vaks opp på eit småbruk på Larsnes på Sunnmøre. Som 16-åring fekk han arbeid i Sunnmøre Arbeideravis, og i 1953–58 var han redaktør for AUF-avisa Fritt Slag (no Praksis). Frå 1963 til 1981 var han sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund.
Gjerde var formann i AUF i 1958–61, sekretær i Arbeidarpartiets stortingsgruppe i 1961–62 og formann i Oslo Arbeidarparti i 1969–72. Han var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 1972 til 1981. I perioden 1965–69 var han vararepresentant til Stortinget frå Oslo.
Gjerde blei kyrkje- og undervisningsminister i Trygve Brattelis regjering i 1971. Lars Korvald frå KrF tok over som statsminister etter folkerøystinga om EF hausten 1972, men etter stortingsvalet i 1973 tok Gjerde på nytt over som sjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Brattelis andre regjering. Frå 1976 var han industriminister i Oddvar Nordlis regjering, og då olje- og energisakene blei skilde ut frå Industridepartementet, blei Gjerde sjef for det nye Olje- og energidepartementet, skipa i januar 1978. Tida som oljeminister inneheldt dramatikk, mellom anna Alexander Kielland-ulukka og den djuptgåande konflikten i samband med utbygginga av Alta-vassdraget.
Hausten 1980 gjekk Gjerde ut av Nordli-regjeringa etter eige ønske. Han var kringkastingssjef i 1981–89 og avslutta yrkeslivet som arbeidsdirektør i åra 1989–95. Dette syner den store breidda i samfunnsoppgåvene han tok på seg. Bjartmar Gjerde hadde ein sterk posisjon i arbeidarrørsla og i dei regjeringane han var medlem av.
Gjerde var medlem av Kringkastingsrådet i 1963–74, Norsk kulturråd i 1965–85 og Voksenopplæringsrådet i 1966–71. I 1989–92 var han medlem av styret for Distriktenes utbyggingsfond.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.