Sogndal (Vestland)

Faktaboks

Landareal
1 229 km²
Innbyggertall
12 097 (2022)
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
sogndøl, balestrending, systrending
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4640 (frå 01.01.2020, tidlegare 1420)
Høyeste fjell
Jostedalsbreen, Grensevarden (1740 moh.)

Kommunevåpen frå 2020

Sogndal

Sogndal. Sogndalsfjorden og Sognefjorden sett frå vegen ut til Fimreite. Fimreite ligg til venstre, medan Nornes ligg til høyre. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Busetnad og hotellet i Balestrand.

Balestrand.

St. Olafs stavkyrkje i Balestrand.

St. Olafs stavkyrkje i Balestrand, også kalla den engelske kyrkja.

Kommunevåpen før 2020

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje
Av /Arfo forlag.

Artikkelstart

Sogndal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen blei til ved samanslåing med Leikanger og Balestrand i 2020 som del av den landsomfattande kommunereforma.

Den tidlegare kommunen Sogndal låg omkring Sogndalsfjorden, som er ein nordgåande arm av Sognefjorden. Kommunen omfatta det aller meste av Kaupangerhalvøya mellom Sogndalsfjorden og Sognefjorden og dessutan dalføret nordvestover langs Sogndalselvi mot Steindalsbreen. Ved kommuneregulering blei Fjærland overført frå Balestrand kommune frå 2000. Sogndal omfatta dimed også den indre delen av Fjærlandsfjorden med fjelltraktene på begge sider, og dessutan dal- og fjellstroka nordover til vasskiljet på Jostedalsbreen.

Natur

Landskapet i Sogndal har djupt nedskorne dalar og fjordar mellom høge fjell. Berggrunnen i Sogndal består i sør av overskyvde, kaledonske djupbergartar, anortosittisk gneis, som tilhøyrer Jotundekket i Gneisregionen. Fjella ragar opptil 1179 meter over havet på Storehaugfjell, 1604 meter over havet ved Gunvordalsbreen og 1615 meter over havet ved Jostefonni.

Nord for dette området finst striper av sterkt oppknust sparagmitt og fyllitt frå kambrosilur-tida som tilhøyrer Kaledonidane. Store delar av Kaupangerhalvøya ligg under barskoggrensa, og her finst nokre av dei største skogareala i fylket.

Busetjing

Sogndal kommune har 12 000 innbyggjarar (2020) og er den tolvte største kommunen i Vestland fylke. Sogndal er regionssenteret i Sogn. Det meste av busetjinga i Sogndal finst i områda i og omkring tettstaden og administrasjonssenteret Sogndalsfjøra (Sogndal). Elles er det relativt tett busetjing langs vestsida av Sogndalsfjorden og i tettstadene Kaupanger, Hermansverk/Leikanger og Balestrand.

Folketalsveksten har sidan 1970-åra vore størst i tettstaden Sogndal og langs vegen herfrå til Kaupanger. På denne strekninga er det nye bustadområde mellom anna på Kjørnes. I Fjærland er busetjinga tettast på vestsida av fjorden frå Mundal til fjordbotnen. Sogndal er den einaste kommunen i Sogn med vekst i folketalet dei siste 20 åra, og veksten er forventa å halde fram til 2050.

Næringsliv

Jordbruket i Sogndal blir dominert av storfe-, saue- og også noko geitehald og dessutan atskilleg frukt- og bærdyrking. Sogndal er saman med Luster og Stryn den viktigaste fruktbygda i Vestland fylke.

Industrien i Sogndal består vesentleg av nærings- og nytingsmiddelindustri, mellom anna slakteri og foredling av frukt og bær (Lerum, med Noregs største saft- og syltetøyproduksjon).

Sogndal er ein relativt liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 378 gigawattimar (GWh) per 2016. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Årøy kraftverk. Over Sognefjorden aust for Hermansverk går eit 4889 meter langt kraftleidningsspenn som ved samanslåinga var nest lengst i verda.

Samferdsel

I Sogndal tettstad møtest to hovudvegar, stamvegen Lærdal–Sogndal–Fjærland–Førde–Florø (riksveg 5) og Sognefjellsvegen Vadheim–Lom (fylkesveg 55). Frå Balestrand går vegen nordvestover til Sunnfjord over Gaularfjellet på fylkesveg 613.

Ferjesambandet Mannheller–Fodnes på riksveg 5 gir Sogndal tilknyting til Lærdal og Årdal. Frå Kaupanger går det bilferjesamband til Gudvangen i sommarsesongen, medan det går passasjerbåt frå Fjærland til Hella/Balestrand. Dragsvik har hyppige ferjesamband med Hella på fylkesveg 55 og Vangsnes på riksveg 13. Sommarstid går det ekspressbåt frå Flåm via Sogndal til Bergen. Sogndal lufthamn ligg på Haukåsen rett sørvest for Kaupanger.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Sogndal tettstad ligg Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal med avdeling for lærarutdanning og idrett, samfunnsfag, økonomi, leiing og reiseliv og naturfag, i tillegg til vidaregåande skule og folkehøgskule. Her ligg òg forskingsinstitusjonen Vestlandsforsking og ei avdeling av Distriktssenteret – kompetansesenter for distriktsutvikling. Sogndal er ein av tre rettsstader som høyrer til under Sogn og Fjordane tingrett.

Hermansverk har regionskontor for Statens vegvesen på Vestlandet, Fylkesarkivet i Vestland, NAV og ei rekkje andre statlege kontor.

Sogndal høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Luster, Lærdal, Vik og Årdal.

Sogndal kommune svarer til dei seks sokna Fjærland, Kaupanger, Norum, Stedje, Leikanger og Balestrand i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sogndal til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sogndal

For statistiske føremål er Sogndal kommune (per 2020) delt inn i seks delområde med til saman 38 grunnkrinsar:

  • Norum: Slinda, Nornes, Ylvesåker, Fardal, Fimreite
  • Stedje: Dalavatn, Notsete, Lereim – Stenehjem, Øvre Stedje, Stedje, Fjøra, Nes, Leite, Rutlin, Fosshaugen – Åberg, Øyabrekka
  • Kaupanger: Barsnes – Loftnes – Kjørnes, Valeberg – Skogen, Haukåsen, Kaupanger
  • Fjærland: Indre Fjærland, Mundal, Ytre Fjærland
  • Leikanger nord: Njøs, Hermansverk, Henjum, Leitet, Leikanger, Hamre – Fosse, Grinde og Eitorn
  • Balestrand: Vetlefjord, Sværefjorden, Esefjorden, Balestrand, Thue og Kvamsøy

Historikk og kultur

Balehaugane er to gravhaugar frå 800 evt. som ligg ved Balestrand. På den eine haugen er det ein statue av segnkongen Bele, som blei reist i 1913 av den tyske keisaren Vilhelm 2.

Kvamsøy kyrkje frå 1200-talet ligg på Kvamsøya i Sognefjorden. Her låg kong Sverre med hæren sin før slaget ved Fimreite i 1184. Ved Målsnes sør for kommunesenteret er det avdekt rike funn frå vikingtida.

Ved Fimreite ytst på Kaupangerhalvøya slo Sverre Sigurdsson i eit sjøslag i 1184 Magnus Erlingsson og overtok kongsmakta i Noreg. Sogndalsfjøra har ein del gammal, verdifull busetnad. På Kaupangerskogen ligg De Heibergske Samlinger med mellom anna den største samlinga i landet av eldre landbruksreiskapar, ved Kaupanger ferjekai ligg Sogn Fjordmuseum. Her finst elles Kaupanger stavkyrkje frå slutten av 1100-talet. Kaupanger var ein viktig marknadsplass i mellomalderen.

Leikanger kyrkje er ei steinkyrkje frå tidleg mellomalder, som blei ombygd i 1872. I Leikanger finst fleire minne frå forhistorisk tid, mellom anna står den åtte meter høge bautasteinen i den såkalla Baldershage på Nybø i tettstaden. I Baldershage tredde Harald Hårfagre sine barnesko, og Baldersteinen er Nord-Europas største bautastein. I 2015 blei desse kulturminna innlemma i Hårfagreparken samstundes som det blei reist eit minnesmerke over Harald Hårfagre. I parken finst òg restar etter ein gravhaug og ei båtgrav i tillegg til gull og glasperler.

I Balestrand står ei engelsk kyrkje frå 1897. Hovudbygningen til Norsk Reiselivsmuseum opna her i april 2016.

Gardane Amla og Kaupanger er blant Vestlandets største skogeigedomar, begge på Kaupangerhalvøya. Det finst eit kulturhus (1991) i Sogndalsfjøra med folkebibliotek og kino. Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland opna i 1991. Den norske bokbyen Fjærland blei grunnlagd i 1995 og har nærare 40 bokutsal.

Fjærland er utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen. Årøyelvi og Sogndalselvi er gode lakseelvar. Jotunheimen Rundt frå 1991 er blant Noregs lengste sykkelritt på 430 kilometer. Rittet går Lærdal–Sogndal via Valdresflye og Sognefjellet. I 2016 sykla 548 deltakarar over dei tre fjellovergangane i rittet.

Kommunevåpenet

Det gamle kommunevåpenet, godkjent i 1984, hadde ein gullfarga skipsstamn mot blå bakgrunn, som viste til slaget ved Fimreite. Kommunevåpenet frå 2020 skildrar ein fjord som buktar seg innover mellom fjell.

Namn

Namnet kjem truleg av elvenamnet, Sókn, som har samanheng med verbet 'søkja', i tydinga 'gå på', det vil seia elva som fer hardt fram.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bondevik, Kjell: Sogndal sparebank i 125 år : 1841 – 10. juli – 1966, 1966.
  • Sandal, Per, red.: Sogndal bygdebok, bind 1: Allmenn bygdesoge. Tida før 1800, 1986.
  • Timberlid, Jan Anders og Berit Selseng: Sogndal bygdebok, bind 2–4: Gardar og folk, Stedje sokn, 2007.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg