Kvamsøy er eit sokn i Sogndal kommune, Vestland fylke. Soknet ligg på nordsida av Sognefjorden og har eit areal på 147 kvadratkilometer.

På den eigentlege Kvamsøya tett ved fjordsida, 15 kilometer sør for Balestrand tettstad, ligg den gamle Kvamsøy kyrkje frå 1300. Sæle kyrkje frå 1903 ligg på fastlandet fem kilometer lenger vest ute ved fjorden; arkitekt var Hans Jacob Sparre. Det er ei rektangulær kyrkje i tømmer.

Kvamsøy var ei mykje brukthamn i sagatida. Her låg kong Sverre med flåten sin før slaget ved Fimreite.

Kvamsøysundet på innsida av Kvamsøya er ei av dei beste naturlege hamnene i Sognefjorden, og det finst merke etter båtfeste der jektene kunne fortøye.

Kart

Kvamsøy
Kvamsøy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg