Faktaboks

Også kjend som

Sogndal

Innbyggjartal
4324 (SSB, 2023)
Landareal
2,1 km²
Tettstadsnummer
5561 Sogndalsfjøra
Gamle småhus i Sogndalsfjøra
Sogndalsfjøra.

Sogndalsfjøra er ein tettstad i Sogndal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,1 km², og har 4324 innbyggjarar (2023).

Sogndalsfjøra (Sogndal) er administrasjonssenter i Sogndal kommune.

Tettstaden ligg på vestsida av Sogndalsfjorden, som er ein nordgåande arm av Sognefjorden. Staden er eit viktig skulesentrum med avdeling av Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og folkehøgskule. Stiftinga Vestlandsforsking held òg til her. Staden er elles eit viktig handelssenter for midtre og indre delar av Sogn.

Sogn og Fjordane tingrett har kontor i Sogndal og Førde. Tettstaden tilhøyrer Stedje sokn i Bjørgvin bispedømme. På sørsida ligg Stedje kyrkje, som er ei langkyrkje i tre frå 1867. I tettstaden møtest riksveg 5 Lærdal–Florø, fylkesveg 55 over Sognefjellet (Vadheim–Lom) og riksveg 13 (Sogndal-Stavanger).

Lerum Konserves, som er den største produsenten i landet av saft og syltetøy, låg her i perioden frå 1920 til 2018. Vidare finst sagbruk og trevareindustri, og dessutan idretts- og symjehall. Det er slakteri, fleire hotell og stor turisttrafikk.

Det finst ein del gammal, verdifull busetnad langs fjorden i sentrum. Nyare bustadbygging ligg for ein stor del på austsida av fjorden. Sogndal lufthamnHaukåsen ligg ti kilometer sør for tettstaden.

Kart

Sogndalsfjøra
Sogndalsfjøra
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg