Årdal

Faktaboks

Landareal
930 km²
Innbyggertall
5204 (2022)
Administrasjonssenter
Årdalstangen
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
årdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4643 (frå 01.01.2020, tidlegare 1424)
Høyeste fjell
Storen (2406 moh.) på grensa til Luster

Kommunevåpenet til Årdal har en gull trillingstreng med ormebandskurd mot en rød bakgrunn.

Industristaden Øvre Årdal ved nordenden av Årdalsvatnet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart som viser plassering av Årdal kommune i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Av /Store norske leksikon ※.

Artikkelstart

Årdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen omfattar Årdalsfjorden og Årdalen innanfor med omliggjande fjelltrakter. I aust når kommunen til Tyin si vestbreidd og i nord til Hurrungane i Jotunheimen.

Kommunen vart oppretta i 1863 ved utskiljing frå Lærdal. Noverande grenser er frå 1964, då eit par gardar ved munninga til Årdalsfjorden vart overført til Lærdal.

Natur

Kommunen har eit svært variert landskap. På begge sider av Årdalsfjorden og Årdalsvatnet stig det bratte fjellsider, og i nord og aust er det fjell på over 2000 meter.

Dei høgaste fjella i Årdal tilhøyrer Jotundekket. Høgast ragar fjella vest for Utla med Store Skagastølstind, som er Noregs tredje høgaste fjell på 2405 meter over havet. Også i nordaust finst toppar over 2000 meter over havet, mellom anna Uranostind, 2157 meter over havet, som ligg i Utladalen landskapsvernområde og Jotunheimen nasjonalpark.

Vest for Tyin finst blautare kaledonske bergartar som valdressparagmitt og glimmerskifer, og her er landskapet flatare og ligg lågare enn fjella omkring. Ein 450 millionar år gammal lys granodiorittisk eller trondhjemittisk bergart har vore broten som bygningsstein.

Landskapet er sterkt oppskore av dalar og er vilt og vakkert. Frå dei høge fjellområda på begge sider av Utladalen kjem fleire dalar som munnar som hengande dalar. I Kvitingsmorki på sørsida av Årdalsfjorden er eit 17 kvadratkilometer stort område freda som naturreservat. I alt er meir enn 30 prosent av kommunearealet landskapsvernområde.

Dei store høgdeforskjellane fører til eit høgt vasskraftpotensial. Dei fleste elvane drenerer mot Årdalsvatnet på tre meter over havet, som er oppdemt av ein morene. Frå morenen renn Årdalselva kort veg til Årdalsfjorden.

Busetjing

Der er to tettstader i kommunen, ein i kvar ende av Årdalsvatnet – Øvre Årdal i nordaust og administrasjonssenteret Årdalstangen i sørvest. Topografien er årsak til konsentrert busetjing omkring Årdalstangen og Øvre Årdal. Ein del av befolkninga bur òg i Seimsdalen. Størst er Øvre Årdal, men administrativt senter er Årdalstangen.

I samband med utbygginga av kraftverk og aluminiumsverk i 1940- og 1950-åra vart folkemengda firedobla til 7500 innbyggjarar i 1970. Sidan har folkemengda gått ned, i tiårsperioden frå 2005 til 2015 med 3,6 prosent, mot 0,3 prosent i Sogn samla sett. Folketalet er forventa å minke fram til 2050.

Næringsliv

Industrien, med Norsk Hydro, er den dominerande næringa i Årdal. Resten av næringslivet er i stor grad, direkte eller indirekte, knytt til denne bedrifta. Elles finst kjemisk industri og verkstadsindustri.

Årdal er blant dei tjue største kraftkommunane, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 2091 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fem kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 969 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Tyin kraftverk (i drift frå 2004) og Naddvik kraftverk (1987). Nedre del av Årdalsvatnet sitt tilløp frå nord, Utla, er ikkje bygd ut. Øvre del av Utla med sideelvar er overførte til Tyin og blir nytta i Tyin kraftverk (374 MW). Vettisfossen, som blir danna av Morka-Koldedøla, har tilløp til Utla frå aust (275 meter loddrett fall). Fossen er verna mot kraftutbygging. I tillegg til Tya er Nysetelva, som munnar ut ved Naddvik på sørsida av Årdalsfjorden, utbygd med i alt fire kraftverk.

Samferdsel

Årdal har samband med Austlandet ved riksveg 53 gjennom Moadalen/Tyedalen til Tyin og E16 til Tyinkrysset. Riksveg 53 går vidare til Fodnes i Lærdal, og herfrå går ferje over Sognefjorden til Mannheller i Sogndal på riksveg 5. Over Fodnes er det òg samband til Lærdalsøyri gjennom Fodnestunnelen. Bilveg frå Øvre Årdal til Turtagrø i Luster (Tindevegen) med passhøgd på 1315 meter over havet. «Folkevegen» er ein veg for syklande og gåande til Vetti i Utladalen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Øvre Årdal har vidaregåande skule.

Årdal høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik.

Årdal kommune svarer til dei to sokna Nedre Årdal og Øvre Årdal i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Årdal til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Årdal

For statistiske formål er Årdal kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 15 grunnkrinsar:

  • Øvre Årdal: Naustbukta, Ve, Utladal, Farnes aust, Orehola/Løkjane, Grandane, Vestvollane/Flotane, Fardalen/Øvstetun/Børtnes
  • Årdalstangen: Lægreid, Hæreid, Vollene, Vassbugen/Uthagen, Nedre Seimsdal, Øvre Seimsdal, Naddvik/Ofredal

Historikk og kultur

Øvre Årdal er ein viktig innfallsport til Jotunheimen. I Årdalstangen ligg det gamle gruvekontoret til kopargruvene i Fardalen som var i drift i perioden 1701–1750. Frå Vetti går det sti til botnen av Vettisfossen, som vart freda i 1924.

På Indre Offerdal på nordsida av Årdalsfjorden er restaurert eit eldre gardsanlegg som forutan gardsbusetnaden mellom anna har sagbruk og mølle frå 1800-talet.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1957) har ein trillingstreng i gull med ormebandskurd mot ein raud bakgrunn, og skal symbolisere kraftutbygging.

Namn

Namnet kjem av norrønt Árdalr, ‘elvedalen’, førsteleddet er genitiv eintal av á, ‘elv’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kramviken, Knut: Årdal kommune i dag : 1860–1960, 1960.
  • Laberg, Jon: Årdal i Sogn : bygd og ætter, 1932.
  • Ve, Søren og Dagfinn Krossen: Bygdebok for Årdal, 1971–85, tre bind.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg