Mobbing vert definert som aggressiv åtferd som vert gjentatt over tid og er karakterisert ved eit ujamt styrkeforhold. Det er vanleg å seie at det er mobbing når plaginga skjer kvar veke eller oftare, men for den som vert ramma, kan også plaging som skjer sjeldnare enn éin gong i veka, vere ei vesentleg belastning.
Sentrale forskarar på mobbing nasjonalt og internasjonalt er relativt samstemde om definisjonen som vart utvikla av Dan Olweus og Erling Roland i 1983.
Mobbing kan ha ulike former som slag, spark og liknande, eller gå føre seg i form av utestenging eller isolering. Dei seinare åra har ein ny type mobbing fått auka merksemd, gjerne omtalt som digital mobbing, der mobbinga ikkje skjer ansikt til ansikt, men ved hjelp av mobiltelefon, ulike typar sosiale medium og liknande.
Vondsinna erting som vert gjentatt mange gonger, kan vere mobbing. Samstundes kan episodar som skjer berre éin gong ha karakter av mobbing. Sjølv om faglitteraturen nyttar avgrensinga éin gong i veka eller oftare, skal også mobbing som skjer sjeldnare medføre at ein grip inn.
Mobbing mellom elevar på skulen eller born i barnehagen kan ha alvorlege konsekvensar psykologisk, sosialt og fagleg både for den som vert utsett for mobbing og for den som mobbar. Difor har det dei seinare åra vore auka fokus på mobbing.
Kommentarer (6)
skrev Øyvind Lundberg Nilsen
svarte Georg Kjøll
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.