Faktaboks

Frédéric Chopin
polsk Fryderyk Franciszek Szopen Frédéric François Chopin
Uttale
ʃåpˈɛ
Fødd
1. mars 1810, Żelazowa Wola ved Warszawa
Død
17. oktober 1849, Paris
Frédéric Chopin
Frédéric Chopin malt av Eugène Delacroix i 1838.
Av .

Frédéric Chopin etter en tegning av George Sand fra 1838

.
Lisens: fri
Frédéric Chopin

Frédéric Chopin

Frédéric Chopin
Av .
Lisens: fri

Frédéric Chopin var ein polsk klaverkomponist og pianist. Han var mellom dei fremste pianistane i si tid. Med bruk av element frå polsk folkemusikk vart Chopin ein forløpar for nasjonalromantikken i musikken.

Med få unntak skreiv han korte stykke som han gav sjangernamn: etydar, preludium, nokturnar, balladar, scherzi, impromptu, valsar, polonesar og masurkaer.

Biografi

Frédéric Chopin
Frédéric Chopin fotografert i 1849, noen måneder før han døde.
Frédéric Chopin
Av .

Livet i Polen

Fryderyk Franciszek Chopin var fødd i Żelazowa Wola nær Warszawa i Polen. Han var fødd inn i ein middelklassefamilie med gode kontaktar i det akademiske og kunstnarlege miljøet i Warszawa. Han fekk musikkundervisning frå 4-årsalderen, debuterte som pianist 8 år gammal og fekk undervisning i komposisjon av Jósef Elsner frå 12-årsalderen. Han spela offentlege konsertar og skreiv komposisjonar alt frå han var sju år gamal og vart sett på som eit vedunderbarn. I 1826 begynte han ved musikkonservatoriet i Warszawa, der han briljerte og vart utskriven tre år etter, med berre lovord.

I 1828 gav han konsert i Berlin og i 1829 i Wien. Chopin skreiv dei to piano-konsertane sine (Op. 11 og Op. 21) i slutten av tenåra og framførte dei på to av sine etter kvart sjeldne offentlege konsertar i heimbyen i 1830. Det vart gradvis meir klart at musikklivet i Polen ikkje hadde nok å by på for han. I november 1830 reiste Chopin til Wien, med plan om å gjennomføre ein lengre konsertturné. Han vende etter dette aldri tilbake til fedrelandet sitt.

Livet i Wien og Paris

Ei veke etter at han var komen til Wien i 1830, kom nyhendet om at polske styrkar i Warszawa hadde gjort opprør mot dei russiske okkupantane, i det såkalla novemberopprøret. Dette gjorde at det nesten var umogleg å reise heim, og han vart difor verande i Wien i åtte vanskelege månader. Til slutt kom han seg til Paris, der han fann seg betre til rette. Mange der identifiserte seg med den polske oppstanden, og byen var full av polske flyktningar.

Novemberopprøret og eksilet frå heimlandet rørte opp under nasjonalistiske kjensler i Chopin, som vart meir oppteken av tradisjonelle, polske danseformer som polonese og særleg masurka. Sjølv om musikken hans ikkje hadde noko eksplisitt nasjonalistisk program eller tekst, vart han eit ikon for dei undertrykte polakkane og modell for seinare nasjonalromantiske komponistar, slik som til dømes Edvard Grieg.

Chopin vart motteke med overstraumande begeistring både som pianist og komponist i Paris, og han vart oppteken i dei fornemste krinsar. Blant omgangsvennene var Honoré de Balzac, Vincenzo Bellini, Hector Berlioz, Eugène Delacroix, Heinrich Heine og Franz Liszt. Inntil 1835 gav han mange konsertar, men hans forfina spelemåte eigna seg likevel ikkje for store konsertsalar. Då han heldt store konsertar mislikte han sterkt all publisiteten, så den nye karrieren hans som salongpianist og lærar passa han mykje betre.

Han levde snart på inntektene frå pianoundervising, som han tok seg svært godt betalt for. I Paris hadde Chopin mange elevar, mellom andre nordmannen Thomas Tellefsen. Med den følgde òg ei ny retning i musikken hans, der han gjekk bort frå konsertsjangrane som dominerte i Warszawa, og tok til å leggje meir vekt på kortare stykke og musikk som var enkel nok til at elevane hans kunne spele dei. Snart selde notehefta hans godt i fleire europeiske land.

Livet med George Sand

I 1838 vart han kjend med forfattaren George Sand (eigentleg Aurore Dupin), og kjærleiksforholdet deira dominerte livet hans dei neste ni åra. Vinteren 1838–1839 var han på Mallorca saman med Sand og borna hennar, der han skreiv ferdig dei nyskapande Préludes. Inspirerte av Johann Sebastian Bach etablerte desse stykka i praksis preludiet som ein sjølvstendig sjanger.

Ein ny rutine vart etablert, der Chopin kvar sommar trekte seg attende til Sand sin familieheim i Nohant, sør for Paris, for å komponere. Musikken hans vart endå meir ambisiøs, og med meir vekt på kontrapunkt og utfordrande harmoniar, sjølv i dei korte sjangrane som masurka (Op. 50 og Op. 56) og nokturne (Op. 48 og Op. 55). Han redefinerte mange av sine eigne sjangrar ved å trekkje ut den stilistiske essensen av gamle former og sprengje grensene for kva ein kunne gjere med dei. Han skreiv òg lengre pianoverk, til dømes dei to store polonesane (Op. 44 og Op. 53) og dei siste balladane (Op. 47 og Op. 52).

I 1847 førte familieintrigar til at forholdet til Sand vart avslutta, og etter dette slutta Chopin nesten heilt å komponere. Flukta frå februarrevolusjonen i 1848 gav han eit påskot til å reise på eit lengre besøk til Storbritannia, der han òg gav nokre få konsertar. Men i november vart han så sjuk av tæring at han reiste heim til Paris. 17. oktober 1849 døydde han av tuberkulose, og vart gravlagd på Père-Lachaise. Hjartet hans vart, slik han ønskte, smugla heim til Polen, der det no kviler i Den heilage krosskyrkja i Kraków.

Chopin som komponist

Chopin skreiv nesten berre for klaver og skapte ein heilt ny personleg klaverstil som har hatt innverknad på så godt som alle seinare klaverkomponistar. Robert Schumann skreiv allereie i 1832 at Chopin «kan gi ut komposisjonane sine utan namn, ein ville likevel straks kjenne dei igjen». I masurkaene og polonesane er det eit sterkt innslag av polsk folkemusikk, og Chopin var ein forløpar for nasjonalromantikarane, mellom anna Edvard Grieg. I nokturnane førte han vidare den spesielle stilen som John Field hadde skapt.

Chopin utvida det ekspressive og tekniske potensialet til pianomusikken langt forbi det forgjengarane Ludwig van Beethoven, Felix Mendelsohn og Clara Schumann hadde. Han var éin av dei fremste pianistane i si tid, men ulikt den samtidige virtuos-komponisten Franz Liszt fekk Chopin aldri sansen for dei store konserthallane. Han likte heller å spele i private selskap hos Paris-sosieteten. Dette kan ein høyre i musikken hans, for etter at han flytta til Paris veik han unna dei store konsertsjangrane og utvikla heller kortare, meir lyriske sjangrar, mellom anna etyde, vals, masurka, polonese og nokturne.

I melodikken kan ein sjå innverknad frå italienske meistrar, mellom anna Vincenzo Bellini. Ornamentikken blir ein integrerande del av melodien. Akkompagnementets fastholdte grunnrytme blir sett verknadsfullt opp mot dei friare rytmiske spela til overstemma, såkalla rubato. Dristige modulasjonar og rik kromatikk gir komposisjonane hans ein særeigen farge. Grunnstemninga i produksjonen hans er lyrisk, drøymande, men han gir òg plass for lidenskapelege, heroiske og patetiske trekk.

Pianomusikken til Chopin er eineståande idiomatisk, noko som tidleg gjorde han til ein favoritt ikkje berre hos publikum, men òg hos pianistane sjølve. Utan å senke kvaliteten varierte han vanskegraden på stykka sine, slik at mange kan framførast tilfredsstillande av flinke amatørar og studentar. Det gjorde at musikken hans spreidde seg i vidare krinsar og gav han rimeleg store inntekter i form av notesal. Samstundes er andre stykke ekstremt utfordrande teknisk, skrivne for å syne fram hans eigen utrulege pianoteknikk.

Chopin sine samla verk er gitt ut mellom anna av Thomas Tellefsen og Ignacy Jan Paderewski.

Hovudverk

Verk for klaver og orkester

Opusnummer År
Klaverkonsert nr. 2 i f-moll 21 1829
Klaverkonsert nr. 1 i e-moll 11 1830
Grande fantaisie sur des airs polonais 13 før 1831
Krakowiak, Grande Rondo de concert 14 før 1831
Grande polonaise brillante 22 1832

Kammermusikk

Opusnummer År
Klavertrio 8 1833
Cellosonate 65 1846

Klavermusikk

Opusnummer År
I alt 16 poloneser
I alt 61 masurkaer
I alt 21 nocturner
I alt 20 valser
Sonate i c-moll 4 1827
12 etyder (blant annet nr. 12, «Revolusjonsetyden») 10 1829–1831
12 etyder 25 1832–1836
Fantaisie-Impromptu 66 rundt 1834
24 preludier 28 1836–1839
Sonate i b-moll (med sørgemarsj) 35 1837–1839
Impromptu i Ass-dur 29 1838
Impromptu i Fiss-dur 36 1840
Tarantelle 43 1841
Impromptu i Gess-dur 51 1842
4 ballader 1831–1842
4 scherzoer 1831–1843
Sonate i h-moll 58 1844
Berceuse 57 1845
Barcarolle 60 1846

Vokalmusikk

Opusnummer År
17 polske sanger 74 før 1831

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Azoury, Pierre: Chopin through his contemporaries: friends, lovers, and rivals, 1999
  • Binental, Leopold: Chopin : hans liv och konst, 1940
  • Chopin, Frédéric: Selected correspondence of Frédéric Chopin, 1962
  • Hedley, Arthur: Chopin, 1978
  • Martens, Johannes Skancke: Chopin : En biografi, 1945
  • Samson, Jim: The music of Chopin, 1985
  • Samson, Jim: Chopin, 1996
  • Samson, Jim, red.: The Cambridge companion to Chopin, 1992
  • Siepmann, Jeremy: Chopin, the reluctant romantic, 1995
  • Szulc, Tad: Chopin in Paris, 1998
  • Taruskin, Richard: Music in the Nineteenth Century. The Oxford History of Western Music. Oxford 2009
  • Weinstock, Herbert: Chopin : the man and his music, 1949

Faktaboks

Frédéric Chopin

Kommentarar (3)

skreiv Fredrik .

Takk for flott leksikonartikkel om denne komponisten. Er fotografiet tatt i 1847 eller 1849? Grunnet til at jeg spør, er at jeg så dette klippet på YouTube med professor Alan Walker som opplyser at bildet er tatt i 1847:

https://youtu.be/Tx5EOrMdT3U?t=1871

skreiv Rune J. Andersen

Dessverre har ikke jeg detaljkunnskaper om fotografier av Chopin. Om bildet er tatt i 1849 er Chopin i så fall fotografert samme år som han døde (17. oktober). Om bilde er tatt i 1847 så er bildet gjort samme år som det ble et brudd mellom Chopin og George Sand. Høsten 1848 foretok Chopin en konsert-reise til Skottland og England, en reise som tømte Chopin for krefter. Men intet av dette kan naturligvis avklare årstallet for fotografiet. Man må søke spesial-litteratur (spesiell musikkbilde-litteratur). Om det er mulig å komme noen vei via MGG (Musik in Geschichte und Gegenwart) og Grove (Grove's Dictionary of music and musicians) vet jeg ikke, men man kan prøve. Hva jeg vil foreslå, er å vise bildet til Nasjonalbibliotekets bildesamling. Det er ikke sikkert at samlingen har det nevnte bilde av Chopin, men det er meget mulig at samlingen kan vite hvor man kan søke videre for å finne bildet. I forbindelse med utgivelsen av Norges Musikkhistorie (5 bind) i 2000 gikk jeg detaljert igjennom hele samlingen for å lete etter komponist-portretter o. l. Nasjonalbibliotekets bildesamling er en usedvanlig velordnet og informativ bildesamling som jeg anbefaler på det varmeste å kontakte.
Med vennlig hilsen
Rune J. Andersen

skreiv Ola Nordal

Kildene jeg kjenner til oppgir 1849 som årstall for dette fotografiet. Det finnes et annet foto av Chopin som ble tatt tidligere (ca 1846 eller 47). Med vennlig hilsen Ola i SNL-redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg