Polonaise på Slottet under markeringen av hundreårsjubileet for Norges selvstendighet, 28. november 2005
Polonaise på Slottet under markeringen av hundreårsjubileet for Norges selvstendighet, 28. november 2005
Av /NTB.

Polonese er ein type dans med eit dansande eller gåande opptog av par som stadig samlar og delar seg til ulike formasjonar. Leiarparet kan velja formasjonar etter kor mange som er med og kor god plass det er.

Faktaboks

Uttale
polonˈese
Etymologi
av polsk polonez via fransk polonaise ‘polsk’
Også kjend som

polonaise

marsj

Dansen kom til Norden midt på 1800-talet. Han vart etter kvart brukt som opning på dansen, særleg i organisasjonslivet og på finare ball der ein også dansa turdansar.

Dansen var først kjend som polonaise (det franske ordet for 'polsk') og då ofte i roleg, høgtideleg 3/4 takt, men særleg i organisasjonslivet brukte ein oftast marsjar i todelt takt. Det endra ikkje dansen, men ein kalla han då også marsj. Dansen var ein av dei polske nasjonaldansane, polonez, brukt til staselege opptog av aristokratiet. Den russiske tsaren Alexander 1. drog stadig dei kongelege med seg i poloneser under Wienerkongressen i 1814. Den lite krevjande forma gjorde at fyrstar som ikkje var så flinke til eller glade i å danse kunne gjera plikta si på ball.

I Polen har dei framleis ei opptaktsbøying før første taktslaget i 3/4 takten som markerer den pompøse tredelte takten, men også gjer dansen meir krevjande.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg