vals

Artikkelstart

Vals er ein norsk pardans i runddansslekta, som spreidde seg frå sørlege delar av det tyske språkområdet seint på 1700-talet, og vart den mest kjende dansen i den vestlege verda i opp mot 200 år. Han blir dansa i tredelt takt og med ei karakteristisk sviktbølge med ein svikt på dei to første taktslaga og ein på det siste.

Faktaboks

Etymologi

via fransk valse, frå tysk Walzer, av walzen 'snu seg rundt'; jamfør valse

Vals, på tysk walzer, var frå starten brukt som namn på ein ny teknikk for parvis snuing og kunne like gjerne dansast til todelt som til tredelt musikk. Paret startar med motsett fot, og dansar vende mot kvarandre, plasserer høgre foten mellom føtene til partnaren og venstre foten på, og heldt kvarandre i eit samdanstak. Dei brukar to taktar musikk på å snu ein heil gong rundt sin eigen akse (totaktssnuing). Dei trør anten ein eller tre gonger på kvar takt. Ut over totaktssnuinga, kan valsen ha ein del andre meir varierte og mindre viktige motiv.

Det at valsen i starten var teknikken og ikkje primært den tredelte taktarten førte med seg at særleg valsen i todelt takt fekk tillegg i namnet. Hopwalz, Hamburger Walz og skotsk vals var alle namn for todelt vals. Det var først når polkaen kom på 1840-talet at bruken av ordet vals om todelt totaktssnuing gjekk av bruk, og vart omdøypt til polka. Former av tredelt vals er mellom anna Wienervals, engelsk vals og Bostonvals.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg