Faktaboks

Bertolt Brecht
el. Bert og Eugen Berthold Friedrich Brecht
Uttale
brekjt
Fødd
10. februar 1898, Augsburg, Kongeriket Bayern, Det tyske keisarrike (no Tyskland)
Død
14. august 1956, Aust-Berlin, Aust-Tyskland (no Tyskland)
Bertolt Brecht
Den tyske dramatikaren Bertolt Brecht.
Bertolt Brecht
Av /NTB.
Statue av Bertolt Brecht (1988), foran teatret Berliner Ensemble i Berlin. Statuen er lagd av Friz Cremer, Peter Flierl og Carlo Wloch.
Statue av Bertolt Brecht (1988), foran teatret Berliner Ensemble i Berlin. Statuen er lagd av Friz Cremer, Peter Flierl og Carlo Wloch.
Statue av Bertolt Brecht (1988), foran teatret Berliner Ensemble i Berlin. Statuen er lagd av Friz Cremer, Peter Flierl og Carlo Wloch.
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Bertolt Brecht

Brecht var pasifist og samfunnskritikar. Teaterstykka til Brecht viser menneska sine kår i ei kapitalistisk verd og har ei tydeleg antikrigshaldning. Biletet er frå Den kaukasiske kritringen på Det Norske Teatret, hausten 2004.

Av /NTB ※.

Bertolt Brecht var ein tysk dramatikar, diktar, regissør og teaterinnovatør. Han hadde stor verknad gjennom skodespela sine og dramaturgiske idear. For Brecht var teateret eit viktig verktøy for å få folk til å reflektere over dei politiske vala sine, og han ynskja difor å få publikum til å tenkje på det dei såg på scena med rasjonell distanse, heller enn med empatisk medkjensle. Dette paradigmeskiftet vart sentralt for utviklinga av det moderne teateret. Nokre av Brecht sine mest kjende stykke er Galileis liv, Mor Courage, Det gode menneske fra Sezuan, Den kaukasiske krittsirkelen og Tolvskillingsoperaen.

Bakgrunn

Eugen Berthold Friedrich Brecht var fødd i Augsburg i dagens Tyskland og døydde i Aust-Berlin i Aust-Tyskland. Han voks opp i ein mellomklassefamilie i Augsburg og studerte filosofi og medisin ved Universitetet i München frå 1917 til 1921, utan å fullføre. Brecht var gift med Helene Weigel. Dei viktigaste impulsane i ungdommen fekk Brecht gjennom Erwin Piscator sitt politiske teater, gjennom samarbeidet med komponisten Kurt Weill (Dreigroschenoper, 1928) og gjennom studiet av marxismen.

Dramatisk forfattarskap

Teaterstil og teateret sin funksjon

Brecht sitt bidrag til teateret er eit av dei viktigaste og mest varige gjennom heile 1900-talet. Han var brennande oppteken av teateret sin sosiale funksjon, at det skulle bidra til at folk gjorde meir medvitne og opplyste val i liva sine. Dette må vi sjå i samanheng med den politiske stoda i Europa og særleg i Tyskland frå og med Weimarrepublikken til og med andre verdskrigen.

For å oppnå dette målet utvikla Brecht ei «episk» teaterform. Dette var ein heilt ny måte å skrive og setje opp teater på, der ein aktivt motarbeider den dramatiske illusjonen som gir tilskodarane empati med karakterane i stykket. Slik forsøkte han å utvikle tilskodarane si kritiske observasjonsevne og forhindre ei kjenslemessig innleving. I staden forsterkar han dei elementa som minner publikum på at det dei ser, ikkje er ekte.

Denne effekten kalla han «Verfremdung» (framandgjering), der han nytta distanserande middel som til dømes kommentarar, plutselege songnummer, karakterar som vender seg direkte til publikum frå scena, eller kulissar som øydelegg teaterillusjonen. Brecht såg på vår tids menneske som «barn av ein vitskapleg tidsalder» og såg det som si oppgåve å oppsede dei til å bli sosialrevolusjonære. I Kleines Organon für das Theater frå 1948 (norsk omsetjing Vår tids teater frå 1959) har han utvikla sitt eige syn på teateret sin samfunnsmessige funksjon.

Tidleg produksjon

Brecht starta karrieren sin i München, der han fekk sett opp det første dramatiske verket sitt i 1922. 1920-åra var svært formande for Brecht, som tok dramatimar, skreiv teaterkritikkar og var med på kabaretoppsetjingar. Han tok snart til å skrive stykke sjølv, og det første stykket han fekk sett opp, Trommer i natta (1922), vart ein suksess. I både dette stykket og i Baal frå 1918 stiller han opp eit sanselegdommens kaos mot borgarskapet si trygge verd. Brecht sin tidlegaste produksjon viser særleg påverknad frå ekspresjonismen.

I 1924 flytta han til Berlin og han fann seg godt til rette i det radikale kunstnarlivet i byen. I Weimarrepublikkens Berlin fann han eit miljø som passa han godt, og han vart ein del av Neue Sachlichkeit-rørsla, som var ein sosialt medviten reaksjon mot den sjølvopptekne ekspresjonismen, som hadde dominert i tida før første verdskrigen. Under depresjonen som følgde etter børskrakket i 1929 fekk stykka hans ein tydelegare politisk og marxistisk brodd, særleg i dei såkalla lærestykka («Lehrstücke») Die Massnahme frå 1930 og Die Mutter frå 1932.

Brecht og Weill

Samarbeidet med komponisten Kurt Weill skapte Brecht kjempesuksessen Die Dreigroschenoper (Tolvskillingsoperaen) i 1928 og mellom anna Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny (Byen Mahagonnys oppgang og fall) frå 1928–1929. Handlinga var i stor grad teken frå The Beggar's Opera av John Gay, ein satirisk opera frå 1728, og skildrar eit gjennomkorrupt samfunn, med den kaldblodige mordaren Mackie Kniven i sentrum. I både Tolvskillingsoperaen og Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny vert dei satiriske elementa knytt saman med sosialskuld, der teateret vart nytta som ein skule for politisk oppseding.

Tida i eksil

Etter at nazistane hadde teke makta i Tyskland i 1933 vart det i februar same år gjort massearrestasjonar av tyske kommunistar, og kommunistane skulda til dømes då Riksdagen brann 27. februar. Som uttalt marxist måtte Brecht flykte frå Tyskland, og etter eit kort opphald i Praha reiste han til Danmark, der han vart buande fram til 1939.

Ein betydeleg del av Brecht sin produksjon oppstod under eksilet. Brecht skreiv nokre av dei fremste teaterstykka sine i Danmark, mellom anna Fru Carrars gevær (1937), Galileos liv (1938) og Mor Courage og borna hennar (1939). Dette siste stykket handlar om ei mor som prøver å tene pengar på krigen, men som endar opp med å miste alle borna sine. Stykket er eit av dei Brecht-stykka som oftast vert sett opp, og det er eit typisk døme på det såkalla episke teateret, med gjennomgåande bruk av «verfremdung»-teknikk, for å sikre at publikum held ein kritiske distanse til karakterane.

I 1940–1941 reiste Brecht vidare til California i USA, via Finland og Russland. Der vart han verande til krigen var over. I USA heldt han fram med den intensive skrivinga og fullførte mellom anna Det gode mennesket frå Sezuan (1942) og Den kaukasiske kritsirkelen (1945). Likevel var denne tida frustrerande for Brecht, som sleit med å finne seg til rette i det svært uvande Los Angeles.

Tida i DDR

Etter eit stopp i Sveits, der han mellom anna regisserte ein svært radikal versjon av Sofokles' Antigone og skreiv det viktige teoriverket Kleines Organon für das Theater («Vår tids teater»), vende han til Tyskland i 1948. Brecht kom tilbake til det då kommunistiske Aust-Berlin som ein helt. I 1949 regisserte han ein storslegen produksjon av Mor Courage, og som resultat av den følgjande suksessen fekk han midlar til å starte det eksperimentelle teateret Berliner Ensemble i Aust-Berlin, med kona Helene Weigel som direktør og han sjølv som kunstnarleg ansvarleg.

Saman med ulike medarbeidarar, blant anna Hanns Eisler, Paul Dessau og Caspar Neher skapte han eit teater med verdsry som fekk banebrytande innverkand på det europeiske etterkrigsteateret. Resten av livet regisserte han eigne stykke og omarbeidingar av andre sine, slik som omskrivinga av Shakespeare sin Coriolanus i 1951. I 1953 fekk selskapet ein permanent heim i Schiffbauerdamm-teateret, der det framleis held til. Brecht hadde ein meget stor produksjon, og delar av den er enno upublisert og ligg i Brecht-arkivet i det tidlegare Aust-Berlin.

Lyrikk

Statue med namnet "Fragen eines lesenden Arbeiters", lagd av Werner Stötzer i 1961. Statuen står utafor Staatsbibliothek i Berlin.
Statue med namnet "Fragen eines lesenden Arbeiters", lagd av Werner Stötzer i 1961. Statuen står utafor Staatsbibliothek i Berlin.
Statue med namnet "Fragen eines lesenden Arbeiters", lagd av Werner Stötzer i 1961. Statuen står utafor Staatsbibliothek i Berlin.
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Relieff med teksten til diktet "Fragen eines lesenden Arbeiters",  lagd av Werner Stötzer i 1961. Relieffet står utafor Staatsbibliothek i Berlin.
Relieff med teksten til diktet "Fragen eines lesenden Arbeiters", lagd av Werner Stötzer i 1961. Relieffet står utafor Staatsbibliothek i Berlin.
Relieff med teksten til diktet "Fragen eines lesenden Arbeiters", lagd av Werner Stötzer i 1961. Relieffet står utafor Staatsbibliothek i Berlin.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

I tillegg til teaterarbeidet skreiv han mykje poesi. Også her nytta Brecht sin karakteristiske skrivestil, med ei blanding av kvardagsspråk og poetiske vendingar. For Brecht har også lyrikken som oppgåve å formidle erkjenning, og ikkje å invitere til medvitslaus innleving. Ved sidan av lieder, balladar og songar skreiv han epigram, sonettar og salmar, med stor og ofte parodisk virtuositet. Viktige samlingar er Svendborger Gedichte frå 1939 og Buckower Elegien frå 1953.

Prosa

Brecht høyrer også til dei store prosaistane i tysk litteratur. I Keuner-Geschichten frå 1930–1949, Buch der Wendungen frå 1935–1939 og i Kalendergeschichten frå 1949 utvikla han menneskefilosofien sin på ein listig måte, ofte i likningsform. I 1968 kom Gesammelte Werke ut i 20 bind.

Brecht i Noreg

Mange av Brecht sine stykke har funne vegen til norske scener. Det Norske Teatret har sett opp både Tolvskillingsoperaen (omsetjing av Halldis Moren Vesaas), Mor Courage og borna hennar (1985, omsetjing av Arnljot Eggen) og Det gode mennesket frå Sezuan (2012, omsetjing av Edvard Hoem).

Brecht sine dikt er omsette til norsk av mellom andre Georg Johannesen og Olav H. Hauge. Den fremste norske eksponenten for Brecht sine teateridear var Jens Bjørneboe, som i 1960-åra skreiv fleire Brecht-inspirerte teaterstykke.

Utmerkingar

Brecht fekk tildelt den prestisjetunge litteraturutmerkinga Kleist-prisen alt i 1922 og Stalin-prisen i 1954.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørneboe, Jens: Om Brecht, 1977
  • Hecht, Werner: Brecht-Chronik : 1898-1956, 1997
  • Hinderer, Walter, red.: Brechts Dramen, 1995
  • Kesting, Marianne: Bertolt Brecht, 1998 (1. oppl. 1959)
  • Thomson, Peter & Glendyr Sacks, red.: The Cambridge companion to Brecht, 2nd ed., 2006
  • Unwin, Stephen: The Complete Brecht Toolkit, London 2014

Kommentarar (4)

skreiv Trond Olav Svendsen

Hei! Denne artikkelen er vel OK, men navnet på komponisten Hanns Eisler er feilstavet. Den dyktige C. Neher burde vel refereres til med fullt navn (Caspar Neher). Det kunne vært lenker til noen flere artikler, ikke minst til Helene Weigel (som jeg synes fortjener en noe fyldigere omtale i sin artikkel), til Berliner Ensemble og til Erwin Piscator. Og til noen av skuespillene, som SNL faktisk har egne artikler om. Med vennlig hilsen Trond Olav Svendsen

skreiv Benedikt Jager

Hei, tja, ikke helt enig. Artikkelen om Brecht kunne gjerne være mer omfattende. Ellers takk for dine gode innspill. Har endret det du påpekte, men maskinen min ville ikke godta lenkene. Skal prøve igjen i morgen. Mvh Benedikt

skreiv Magnar Breivik

Hei,
Brecht skrev ikke bare to men åtte verker sammen med Kurt Weill: 'Mahagonny Songspiel' (1927), 'Die Dreigroschenoper' (1928), 'Das Berliner Requiem' (1928), 'Happy End' (1929), 'Der Lindberghflug' (1929) 'Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny' (som gjerne oversettes med 'Byen Mahagonnys vekst og fall') (1927-29), 'Der Jasager' (1930). 'Die sieben Todsünden' (1933). Ellers tror jeg nok ikke at Weill ville stilt seg bak uttalelsen "teateret er blitt en skole for politisk oppdragelse" når det gjelder dette samarbeidet, selv om Brecht kan ha hatt slike ambisjoner.
Beste hilsen
Magnar Breivik

skreiv Elin Nesje Vestli

Takk for kommentaren! Denne artikkelen skal omarbeides hhv. bygges ut i løpet av kort tid, og da skal jeg utvide blant annet det som står om samarbeidet med Weill.
Vennlig hilsen
Elin Nesje Vestli

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg