Arnljot Eggen

Faktaboks

Arnljot Eggen
Født
13. august 1923, Tolga, Innlandet
Død
4. februar 2009, Oslo

Arnljot Eggen var ein produktiv og sterkt politisk engasjert forfattar og gjendiktar. Han skreiv i ulike sjangarar, og for både barn og vaksne. Han gjendikta litteratur frå mellom anna Polen, Russland og Nigeria, og introduserte fleire viktige utanlandske forfattarskapar for norske lesarar. Eggen arbeidde for betring av kunstnarars materielle kår og hadde fleire verv i Den norske Forfatterforening.

Av /Samlaget.

Artikkelstart

Arnljot Eggen var ein norsk forfattar. Han var ein produktiv og sterkt politisk engasjert forfattar og gjendiktar, og gav ut om lag 40 bøker i ulike sjangrar for barn og vaksne.

Bakgrunn

Arnljot Eggen var fødd i Tolga i Østerdalen. Han voks opp i Ålen i Trøndelag. Eggen tok lærarskuleeksamen på Elverum i 1947, var journalistvikar i avisene Østerdølen og Fjell-Ljom, seinare lærar på Vinstra, i Vardal og i Bærum. I åra 1960–1965 var han tilsett som museumspedagog ved Norsk Folkemuseum og var sidan forfattar på heiltid.

Han var medlem i AKP-ml i 1970-åra. Frå 1974 var han i to år leiar for Kunstnaraksjonen og arbeidde for garantert minsteinntekt for kunstnarar. Eggen var med i styret for Norsk Forfattarsentrum, hadde verv i Den norske Forfatterforening sitt styre og litterære råd og var med i redaksjonsrådet Samlagsringen.

Eggen debuterte i 1951 med diktsamlinga Eld og is. Lyrikken er ein sjanger han vender attende til og utforskar gjennom heile forfattarskapen. Han vekslar mellom ubunden og bunden form gjennom politiske tekstar og sentrallyrikk rik på metaforar. I boka Eystein Eggen og skriftkulturen i fjellregionen (1996) redigerte han sakprosa frå Nord-Østerdalen, mellom andre av Ivar Mortensson-Egnund og Arne Garborg. Eggen skreiv òg barnelitteratur i ulike sjangrar og gjorde gjendiktingar.

Eggen var skribent i aviser som Dagbladet og Klassekampen. I Syn og Segn publiserte han dikt og oversynsartiklar om norsk og dansk lyrikk. Han skreiv skjønnlitteratur på nynorsk og nytta elles begge målformer, og han er representert i antologiar og lesebøker. Han fekk fleire prisar.

Forfattarskapen

Foto 2000. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Arnljot Eggen
Av /NTB Scanpix ※.

Eksperimentell og modernistisk

Etter debuten følgde meir eksperimentelle diktsamlingar: Jegeren (1955) og Sendebod (1959). I den modernistiske samlinga Eit hovud i havet (1965) kan lesaren møte notida, men òg det tidlause gjennom det forfattaren kallar mytologiske variasjonar. Tittelen har myten om Orfeus som undertekst. Eggen viser ofte til antikk mytologisk tradisjon, men i ei fortolking som høver i hans eiga tid. I Roller og røynd (1967) flettar han inn dikt med titlar som «Afrodite» og «Aldrande Narkissos» og er oppteken av identitet og roller, lik mange forfattarar i 1960-åra.

Protestdikting

Samlingane Baksideviser (1970) og Skrifta på veggen (1976) er protestdikting og brukslitteratur. Mange av visene har Finn Ludt sett melodi til. Som dramatikar gjekk Eggen nye vegar med det revyprega og dels dokumentariske skodespelet Pendlerne (1973). Stykket var ein skarp kritikk av utnytting og bruk av mobil arbeidskraft og vart til i dialog med skodespelarane. Skodespelet vart sett opp på Nationaltheatret, i Fjernsynsteatret og som oppsøkjande teater, og Eggen fekk sterk motbør frå den konservative og sosialdemokratiske pressa.

Formidlar og gjendiktar

Eggen var formidlar av litteratur som var lite kjend her til lands. I 1966 gav han ut samlinga Sovjetlyrikk, saman med Martin Nag, og året etter ei samling med polsk etterkrigslyrikk. I 1968 og 1982 gjendikta han nigerianske versdrama av Wole Soyinka og Obotunde Ijimere. Han har òg gjendikta Wolf Biermann i Brecht-tradisjonen, mellom anna Songar til piggtrådharpe (1971). I lag med Stig Holmås og Arvid Torgeir Lie redigerte Eggen diktantologien La hundre blomster blomstre (1974).

Leikande opprørsk

I 1962 kom den første barneboka, diktsamlinga Ruske-Rasmus, følgd av mellom anna Tørres Brillesterk og andre barnerim (1966) og Hanane på Kreta (1985). Eggen kan skrive tradisjonell barnelyrikk med allusjonar til folketradisjon for barn, som i morgonsongen til sola, Blakken og kalven, eller han skriv om veslebarnet si undring over vakker natur. Andre dikt er nærmast surrealistiske og plasserer Eggen i nonsenstradisjonen, saman med Jan Magnus Bruheim, Inger Hagerup og André Bjerke.

Stundom bryt han idyllen og er ironisk, eller han har ein tydeleg politisk bodskap, som i ungdomsromanen Den lange streiken (1981). Eggen har òg skrive nokre høyrespel og dessutan litteratur for lesesvake.

Det flyktige og det varige

Sprekker i muren (1969) var den første samlinga der ein del av tekstane høyrer til aforismesjangeren. Forkortingar kallar Eggen dei. Ofte er desse tekstane sterkt tidsbundne, men nokre har meir allmenngyldig karakter. Andre samlingar der «forkortingar» er inkluderte, er Skulder ved skulder (1977) og Det flyktige varige (1988). I «Det motvillige diktet» frå samlinga Dikt mot det stumme (1993) konkluderer Eggen at eit fullenda dikt er «det som stumt seier alt».

I Lengdesnitt (1997) syner Eggen breidda i den lyriske produksjonen og skriv om «bakteppet» for forfattarskapen sin, det vil seie påverknaden frå andre forfattarar og retningar. Mellom dei han nemner, er Paal Brekke, lyrikar og gjendiktar av den legendariske angloamerikanske modernisten T.S. Eliot. Andre inspirasjonskjelder er finlandssvenske ekspresjonistiske forfattarar som Edith Södergran og Elmer Diktonius og politiske forfattarar som Bertolt Brecht.

Prisar

Eggen fekk mellom anna Noregs Mållags barnebokpris i 1963 for Ruske-Rasmus, Kritikarprisen i 1982 for Den lange streiken, Doblougprisen i 1985 og Melsom-prisen i 1989 for Det flyktige varige.

Bibliografi

  • Lengdesnitt. Dikt, viser og aforismer i utval. (Lyrikk, Samlaget, 1997)
  • Dikt i utval. (Lyrikk, Samlaget, 1996)
  • Eystein Eggen og skriftkulturen i fjellregionen. (Sakprosa, Samlaget, Samlaget, 1996)
  • Når fuglane frir (medf). (Barnebok, Samlaget, 1996)
  • Dikt mot det stumme. (Lyrikk, Samlaget, 1993)
  • Kongsdatteren og røverne. (Barnebok, Altera forlag, 1988)
  • Det flyktige varige. (Lyrikk, Samlaget, 1988)
  • Vi er dei mange. Teater om arbeidsfolk. (Dramatikk, Samlaget, 1987)
  • Wolf Biermann: Dra-dra. (Gjendiktning, 1986)
  • Hanane på Kreta. (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1985)
  • Jaroslav Seifert: Songen om epletreet. (Gjendiktning, 1985)
  • Hei sveis. (Lyrikk for barn og ungdom, Cappelen, 1984)
  • Obotunde Ijimere: Fødd med eld på hovudet. (Gjendiktning, 1982)
  • Den lange streiken. (Ungdomsbok, Samlaget, 1981)
  • Dei nødvendige. (Lyrikk, Cappelen, 1980)
  • Dikt gjennom 30 år. (Lyrikk, Samlaget, 1979)
  • Skulder ved skulder. (Lyrikk, Samlaget, 1977)
  • Skrifta på veggen. (Salmar/songar/viser, Samlaget, 1976)
  • Knaben-balladen og andre tekster. (Lyrikk, Samlaget, 1974)
  • Lagnad sa vi. (Lyrikk, Bokklubben, 1972)
  • Wolf Biermann: Songar til piggtråd-harpe. (Gjendiktning, 1971)
  • Baksideviser. (Salmar/songar/viser, Samlaget, 1970)
  • Sprekker i muren. (Ungdomsbok, Samlaget, 1969)
  • Obotunde Ijimere og Wole Soyinka: Når trommene tal (Gjendiktning, 1968)
  • Roller og røynd. (Lyrikk, Samlaget, 1967)
  • Polsk etterkrigslyrikk: Den sjuande engelen (medf). (Gjendiktning, 1967)
  • Sovjetlyrikk frå Majakovskij til Jevtusjenko (medf). (Gjendiktning, 1966)
  • Eit hovud i havet. (Lyrikk, Samlaget, 1965)
  • Sagasus i stasjonsbyen. (Prosa, Samlaget, 1962)
  • Sendebod. (Lyrikk, Tiden, 1959)
  • Jegeren. (Noveller, Tiden, 1955)
  • Eld og is. (Lyrikk, Tiden, 1951)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 5 og 6. Oslo 1975
  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 6. Oslo 1995
  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 7. Oslo 1997
  • Tone Birkeland ofl. (red.): Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
  • Ottar Grepstad: Det nynorske blikket. Oslo 2002

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg