Halldis Moren Vesaas, 1963. Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Begrenset gjenbruk

Halldis Moren Vesaas

Faktaboks

Halldis Moren Vesaas
Født
18. november 1907, Trysil
Død
8. september 1995, Oslo

Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Halldis Moren Vesaas
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Halldis Moren Vesaas var lyrikar og gjendiktar. Ho er ein av dei mest lesne, mest siterte og mest folkekjære forfattarane i norsk lyrikk sidan Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson.

Bakgrunn

Halldis Moren og Tarjei Vesaas i 1963
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Halldis Moren Vesaas var fødd i Trysil i Østerdalen. Ho voks opp i eit romsleg bonde- og folkehøgskulemiljø, med norskdomsinteresserte foreldre.

Vesaas tok lærareksamen ved Elverum lærarskule i 1928, men arbeidde berre kort tid i skulen, som lærarvikar i folkeskulen i Vinje frå 1941 til 1943. Etter lærarskulen var ho kontordame i Oslo Fylkeslag og reiste deretter til Sveits, der ho var sekretær hos den norske visekonsulen i tre år, frå 1930 til 1933. Der lærte ho europeiske språk, særleg fransk. I 1934 gifte ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas (1898–1970). Paret busette seg i Vinje i Telemark.

Vesaas debuterte som lyrikar i 1929 med Harpe og dolk. Frå debuten og fram til 1955 gav ho ut seks diktsamlingar til, Morgonen (1930), Strender (1933), Lykkelege hender (1936), Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955). Deretter gjekk det førti år utan nye samlingar, til ho i 1995, det året ho døydde, gav ut Livshus. I denne tida skreiv ho prosabøker, gjendikta drama, redigerte bøker og blad, skreiv artiklar og sat i styre og råd. Dikta ho skreiv, tok ho med som «Lause dikt» (mesteparten frå 1955 fram til 1977) i Dikt i samling i 1977.

Forfattarskapen

Poetisk kvardag

Halldis Moren Vesaas som ung, årstalet er ukjent.
Av /Anno Trysil Engerdal museum.

Halldis Moren Vesaas høyrer til den romantiske nynorsktradisjonen i norsk lyrikk. Ho skreiv kjensle- og kjærleikslyrikk med naturen som biletlager. Formspråket er for det meste tradisjonelt, og ofte spelar motiv, vers og segner frå folkediktinga med. Karakteristisk for Vesaas er at ho omformar høgstilen i nynorsklyrikken til kvardagsstil. Ho skriv enkle og forteljande dikt med stor poetisk kraft.

Dikta hyller kjærleiken og livet, men også det poetiske ved kvardagen, ved husarbeid, barnestell og omsorg. Andre tema er pubertet, erotikk og kroppslege erfaringar. Sigrid Undset og Hulda Garborg hadde skrive om dette før i romanar, men Vesaas var den første som tematiserte det i lyrikken, til dømes har ho alt i debutsamlinga frå 1929 eit dikt om menstruasjon. Ho gav lyrikktradisjonen ei kvinnestemme som seinare nynorsklyrikarar, mellom anna Marie Takvam og Eldrid Lunden, har kunna utvikle vidare.

Nynorsk på scena

Halldis Moren Vesaas ved skrivemaskina.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Vesaas gjorde ein stor og viktig innsats for nynorsk som scenespråk. Her følgde ho tradisjonen frå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg, som omsette og gjendikta verk frå verdslitteraturen til nynorsk. Ho gjekk i gang med arbeidet som omsetjar i midten av 1930-åra og gjendikta over femti stykke for scena til nynorsk – frå fransk, engelsk og tysk, frå skandinaviske språk og frå bokmål. Ho arbeidde for det meste for Det Norske Teatret, men også for Riksteatret, Fjernsynsteatret og Radioteatret.

Mest kjend er ho for å ha gjendikta kjende drama av dei franske klassisistane, til dømes Fedra av Jean Racine og Lærde damer av Jean-Baptiste Molière. Fedra, som hadde norsk premiere på Det Norske Teatret 23. januar 1960, er eit høgdepunkt. Vesaas greidde å skape eit elastisk nynorsk scenespråk ved å sameine patos og poesi med enkelt kvardagsleg talespråk, samstundes som ho heldt språket innanfor den strenge klassisistiske verseforma til Racine, aleksandrinar.

Andre høgdepunkt er nynorske gjendiktingar av verk av William Shakespeare, mellom anna Romeo og Julie, Stormen og Ein midtsommarnattsdraum, av Johann Wolfgang von Goethes Faust og av Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht. Ho gjendikta òg teaterstykke av moderne europeiske forfattarar som Luigi Pirandello, Albert Camus, Friedrich Dürrenmatt, Botho Strauss og Milan Kundera.

Dramagjendiktingane, på same måten som lyrikken, er prega av Vesaas si evne til å kople høgpoesi og daglegspråk innanfor strenge litterære mønster. Ho samarbeidde med teaterfolk, regissørar og skodespelarar og utforma dialogar i eit musikalsk og elastisk nynorsk scenespråk, tilpassa levande, moderne menneske.

Innsats for nynorsk språk og kultur

Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Halldis Moren Vesaas
Av /NTB Scanpix ※.

Gjennom ein livslang innsats for nynorsk skriftspråk og nynorsk kultur fylte Vesaas mange viktige roller i det norske offentlege rommet. Ho gjendikta også utanlandsk lyrikk, gav ut fire barnebøker, to ungdomsbøker, essaysamlinga Sett og levd og ein biografi om faren, Sven Moren, Sven Moren og heimen hans (1951). Ho skreiv òg to personlege minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas, I Midtbøs bakkar (1974) og Båten om dagen (1976).

Vesaas redigerte ei rad diktantologiar og skreiv artiklar i tidsskrift og blad, mellom anna i Norsk Barneblad, Syn og Segn, Urd og Norsk Tidend. Ho sat nokre år i tidsskriftredaksjonen for Kvinnen og tiden og Samtiden og skreiv mange artiklar der. I tillegg melde ho bøker i Dagbladet i nesten 20 år, mest lyrikk. Ho var medlem av Norsk Språknemnd (1952–1967) og Norsk kulturråd (1965–1973), nye institusjonar som ho var med og bygde opp frå grunnen av.

Vesaas var ein populær talar og foredragshaldar og ein kjend og kjær opplesar av eigne og andre sine dikt. I 1995, 7 månader før ho døydde, laga René Bjerke dokumentarfilmen Møte med Halldis, der ho les eigne dikt og fortel om livet sitt.

Familie

Halldis Moren Vesaas var dotter til Sven Moren og syster til Torleiv Moren og Sigmund Moren.

Prisar og heider

Halldis Moren Vesaas fekk mange prisar for forfattarskapen og gjendiktingane sine:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Sigrid Bø Grønstøl: «Orfevs’vending. Inspirasjon og stemme i Halldis Moren Vesaas sin lyrikk» i Sigrid Bø Grønstøl og Unni Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk. Oslo 2001
  • Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag. Om Halldis Moren Vesaas’ forfatterskap. Oslo 1996
  • Leif Mæhle (red.): Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen. Oslo 1987
  • Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas. Oslo 2007

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg