Då Weill slo igjennom under Weimarrepublikken var musikklivet i Tyskland prega av ei bølgje av «nysaklegheit» («Neue Sachlichkeit»), som ein reaksjon på den utilgjengelege ekspresjonismen til den andre wienerskulen og etterfølgjarane deira. Denne «nye saklegheita» la vekt på at musikken skulle vere tilgjengeleg for vanlege folk, og at han skulle vere knytt til sosiale hendingar i samtida.
Hanns Eisler sine kampsongar, Ernst Krenek sin opera Johnny spelar opp (Johnny spielt auf) og Paul Hindemith sin «bruksmusikk» («Gebrauchsmusik») er døme på produkt av denne bølgja, som stridde mot både det wagnerske idealet som hadde dominert sidan slutten på 1800-talet og den atonale ekspresjonismen som var populære i tiåra før.
Den musikalske stilen til Weill ligg midt mellom musikalsk komedie og opera og er prega av ein særeigen harmonikk, inspirert både av populærmusikk, jazz og Stravinskij og Bartok sitt austeuropeiske tonespråk. Dei store sceneverka til Weill er meisterleg strukturerte som blandingar av songsirklar og samanhengande operaer og syner tydeleg den heilskaplege visjonen i den ukomfortable og «hakkete» musikken.
Songane til Weill tek rare og uventa vendingar, ofte i strid med logikken i teksten, særleg i Brecht-songane. Eit godt døme er den mest kjende songen til Weill, «Mackie Kniven», som først verkar svært enkel, men likevel er heilt ulogisk oppbygd, då melodien ikkje vert oppløyst mot slutten.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.