Kreditt er økonomisk tillit som gjer at ein kan få lån eller kjøpt varer utan å betale med ein gong. I vanleg språkbruk blir ordet nytta kreditt òg i tydinga betalingsutsetjing for varer, arbeidsytingar og liknande som kreditor har levert, i motsetnad til pengelån.

Faktaboks

Uttale
kredˈitt
Etymologi
fra italiensk ‘det betrodde’

Utanom personleg tillit kan kreditt grundast på kausjon, garanti og pant av ulikt slag. Den tida, kort eller langsiktig, kreditt blir ytt kan vere avtalt eller ubestemt.

Etter tryggleiken som blir stilt blir det skilt mellom personalkreditt og realkreditt. Personalkreditt blir ytt når debitors vederheftigheit og/eller kausjonistar, det vil seie garantistar, dannar tryggleiken, medan realkreditt blir ytt når det er stilt pant for forpliktinga, i lausøyre eller fast eigedom.

Kreditt er alminneleg fundert av eit vederlag, oftast i form av rente, men kan vere vederlagsfri. Kredittar i større omfang blir hovudsakleg ytte eller garanterte av bankar, finansieringsselskap, kredittforeiningar og andre kapitaloppsamlande føretak.

Regulering av pengemarknaden ved påverking av kredittmengda har etter kvart blitt eit alminneleg ledd i penge- og kredittpolitikken til styresmaktene.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg