mehrisk

Artikkelstart

Mehrisk er eit semittisk språk som høyrer til i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka av kring 130 000 menneske i Jemen, Oman og Saudi-Arabia. Språket har eit svært konservativt lydsystem, som har vore viktig i rekonstruksjonen av ursemittisk.

Faktaboks

Språkkoder
gdq (GDQ)
ISO-639:3
gdq

Mehrisk blir snakka av grovt rekna 130 000 menneske i fylket Al-Mahra i det austlege Jemen, i den vestlege delen av fylket Dhofar i Oman og så vidt over grensa til Saudi-Arabia.

Mehrisk har ingen formell status, og talarane bur i land der arabisk, som einaste offisielle språk, blir nytta i til dømes skular, administrasjon og forsvar.

Språket blir kalla mehrījǝt og mehrijōt i høvesvis vestlege og austlege jemenittiske dialektar og mǝhrajjǝt i omanske dialektar.

Språkfamilie

Mehrisk høyrer til den nysørarabiske greina av vestsemittisk. Trass i namnet er ikkje dei nysørarabiske språka arabiske. Mehrisk har flest talarar av dei nysørarabiske språka og blir snakka over det største området.

Semittisk er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene er egyptisk (utdøydd), amazighisk (berbersk), tsjadisk, kusjittisk (kanskje fleire greiner) og omotisk (omstridd).

Språkhistorie

Dei nysørarabiske språka er berre kjende frå nyare tid. Den eldste dokumentasjonen av mehrisk er ei ordliste frå 1840. Kring 1900 byrja profesjonelle språkforskarar å granske språket.

Dei nysørarabiske språka er ikkje etterkomarar av dei gamalsørarabiske språka, som er kjende frå innskrifter lengst sør på den arabiske halvøya frå 900-talet fvt. til 500-talet evt. Nysørarabisk er ei eiga grein av vestsemittisk, medan gamalsørarabisk er sentralsemittisk, akkurat som arabisk.

Mehrisk er ikkje eit skriftspråk, men med internett og SMS har talarane byrja å skrive meldingar på mehrisk med det arabiske alfabetet. Språket har fleire konsonantar som ikkje finst i arabisk, og skrivemåten av dei varierer.

Språksystem

Substantiva i mehrisk har to genus (maskulinum og femininum). Dei blir bøygde i numerus (singularis, dualis, pluralis) og har binding/form (ubunden, bunden). Dualis har suffikset i, som nesten alltid er følgt av talordet 'to', til dømes tēθ‑i θrajt rǝħamtǝn 'to vakre kvinner', ein frase som òg viser at talordet (θrajt) og adjektivet (rǝħamtǝn) kjem etter substantivet i ein substantivfrase.

Konstrukt (overleddet i ein eigedomskonstruksjon) har stort sett gått av bruk og finst berre i nokre faste uttrykk.

Ubundne og bundne singularis- og pluralisformene til substantivet ktōb 'bok':

Singularis Pluralis
Ubunden ktōb ktǝbīn
Bunden aktōb aktǝbīn

Ved substantiv som tek til med f, θ, s, ɬ, ʃ, ħ, h, t eller k har bundne former ikkje prefikset a‑, men i staden ei lang (dobbel) utgåve av konsonanten: tēθ 'kvinne', (ǝ)ttēθ 'kvinna'. Nokre substantiv har det bundne prefikset ħā‑: ħā‑gūr 'slaven'.

I ei setning er rekkjefølgja på ledda anten subjekt (S) + verb (V) + objekt (O) eller VSO. Her er eit døme på ei setning med VSO:

  • jǝlūtǝɣ aɣajg ðǝtēθ ħāgūr 'mannen til kvinna drap slaven'
  • han drap BUNDEN-mann GENITIV-BUNDEN-kvinne BUNDEN-slave

Uttale

Nysørarabiske konsonantsystem er konservative og er viktige for rekonstruksjonen av ursemittisk. Dei nysørarabiske språka er dei einaste semittiske språka som framleis har dei laterale frikativane ɬ og ɬ', som er ein arv frå ursemittisk. Ejektivar – t' k' θ' s' ɬ' ʃ' – er òg ein arv frå ursemittisk. Nokre av dei finst òg i etiosemittisk. Analysen av vokalane er ikkje avklart, og talet på fonem varierer i litteraturen.

Ordhistorie

Det mehriske adjektivet som tyder 'kvit', heiter ǝlbōn.

Dei tre konsonantane l, b og n finn vi att i ordet for 'kvit' på fleire andre semittiske språk, jamfør bibelhebraisk 'kvit' לבן låbån og fønikisk 𐤋𐤁𐤍 laban. Namnet Libanon er ei avleiing av det fønikiske adjektivet, for landet er oppkalla etter dei kvite, snødekte Libanonfjella.

Laban (bibelhebraisk לבן låbån) i 1. Mosebok – far til Rakel og Lea – har òg eit namn som tyder 'kvit'.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alfred Jahn: Die Mehri-Sprache in Südarabien. Texte und Wörterbuch. Wien 1902
  • T.M. Johnstone: «A definite article in the Modern South Arabian languages», Bulletin of the School of Oriental and African Studies, vol. 33 (1970a), s. 295–307
  • Aaron D. Rubin: «Omani Mehri. A New Grammar with Texts», Studies in Semitic Languages and Linguistics, vol. 93. Leiden 2018
  • Aaron D. Rubin: «Mehri», s. 257–279 i John Huehnergard og Na'ama Pat-El (red.): The Semitic Languages, 2. utg. London og New York 2019
  • Marie-Claude Simeone-Senelle: «The Modern South Arabian Languages», s. 378–423 i Robert Hetzron (red.): The Semitic Languages. London og New York 1997

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg