språklyd

Artikkelstart

Språklyd er den minste lydenheten som en språklig ytring kan deles i, for eksempel de tre enhetene som betegnes med bokstavene d, e, l i ordet del. Den delen av språkvitenskapen som er viet studiet av språklydene, kalles fonetikk. Læren om språklydenes funksjon i språket kalles fonologi.

Språklyder frembringes av taleorganene. Vanligvis lages språklydene ved utgående luftstrøm. Luftstrømmen fra lungene passerer stemmerissen (glottis), der glottale lyder som h og stemmerisselukke (for eksempel dansk «stød») blir dannet, og modifiseres så i munn- og nesehule på forskjellig vis.

Med senket ganeseil (åpen nesekanal) dannes nasale og nasalerte lyder, og ved hevet (lukket nesekanal) de rene oraler (munnlyder). Fra svelg til lepper finnes følgende artikulasjonssteder:

  • faryngal (svelg)
  • uvular (drøvelen)
  • velar (bløte gane)
  • palatal (harde gane)
  • alveolar (gommene)
  • dental (ved tennene)
  • labiodental (underleppe mot øvre fortenner)
  • bilabial (leppe mot leppe)

Med helt sperret munnkanal dannes plosiver (klusiler, lukkelyder), f.eks. p, b, t, d, k, g; med innsnevret munnkanal dannes frikativer (spiranter, gnisselyder), f.eks. ach-lyd i tysk, kj-lyd, sj, s, þ, ð, f, v osv.; med helt åpen munnkanal vokalene.

Etter artikulasjonens energi skjelnes mellom fortes (sterke) og lenes (svake lyder). Lyder som uttales med stemmebåndsvibrasjon (i glottis) kalles stemte, uten stemmebåndsvibrasjon kalles de ustemte. Plosiver som blir fulgt av et pust, blir kalt aspirerte (f.eks. norsk på, ta, kam). Labialisert kaller man lyd med utpreget lepperunding; palatalisert (muljert) når f.eks. n i trøndersk mann (manj) blir dannet i «j-leiet»; velarisert når baktungen heves i retning av den bløte gane. De fleste lyder har en viss variasjonsbredde både med hensyn til artikulasjon og akustisk effekt.

Språklyder som har betydningsskillende funksjon i språket, kalles fonemer, for eksempel t og s i ti og si. Språklyder som kan uttales litt forskjellig uten at de derved skiller mellom ord med forskjellig betydning, er varianter av ett fonem (allofoner, f.eks. «skarre-r» og alveolar r i norsk).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer (3)

skrev Tor-Ivar Krogsæter

Det er kanskje verd å nemne at lydar som er allofonar i eitt språk kan vere tydingsberande fonem i eit anna, jamvel òg mellom dialektar i same land. I trøndersk dialekt seier ein (vanlegvis) til dømes han og hand likt, /hɑɲː/, i trykksterk posisjon; i mange nordnorske dialekter, derimot, kan /n/ og /ɲ/ i same posisjon vere tydingsberande, så som i /hɑɲː/ (hand) kontra /hɑnː/ (han). I engelsk har ein ikkje retrofleksar som tydingsberande fonem, so om ein seier /ˈmɑːtir/ eller /ˈmɑ:ʈir/, skjønar dei det som det same ordet utan og med aksent; norsk, derimot, i alle fall i områda utan skarre-r, skil mellom når konsonantane er retroflekse og ikkje, slik at det er forskjell på /mɑː(.)n/, /mɑː(.)ɳ/ og jamvel /mɑː(.)ɲ(ː)/ (man(en), mann(en) og Maren). Også i gresk og latin var forskjellen på aspirerte og uaspirerte stoppar tydingsberande, slik at ein skilde mellom khronos og Kronos; det same ser ein i koreansk, til dømes 발 og 팔 (/pɐl/, /pʰɐl/: fot, underarm (eller handledd)). Tilsvarande har ein jo òg i sanskrit, der ein til dømes også har aspirerte stemde konsonantar (/k/ mot /kʰ/, /ɡ/ mot /ɡʱ/); og tilsvarande finn ein i dag hindi, som skil mellom uaspirerte og aspirerte variantar av jamvel stemde og ustemde både «vanlege» og retroflekse konsonantar (t–tʰ, ʈ–ʈʰ, d–dʱ og ɖ–ɖʱ).

svarte Jørgen G. Bosoni

Takk for gode innspel! Denne artikklen treng ein grundig gjennomgang og utviding, og eg hev notert (og vil ta omsyn til) merknadene dine.
Det er litt uklårt for meg kva du meiner med aksent i denne setninga: «om ein seier /ˈmɑːtir/ eller /ˈmɑ:ʈir/, skjønar dei det som det same ordet utan og med aksent». Kan du greia ut nærare?

svarte Tor-Ivar Krogsæter

Naturlegvis! Eg gløymde å tilføye ein forklarande tekst der eg nemnde at det opphavlege ordet eg hadde i sinne var /ˈmɑːtə/, altså martyr. So i engelsk, om ein har aksent i uttalen sin og seier /ˈmɑːʈə/ for /ˈmɑːtə/, eller med enda tyngre aksent /ˈmɑːʈir/ frå /ˈmɑːtir/ frå /ˈmɑːʈə/, blir ein like godt forstått, av di -r-påhenget ikkje er tydingsberande i engelsk, av di /y/ har blitt /i/ eller /ɪ/ i moderne engelsk, og av di /ə/ verkar som erstattings(ut)ljod for so mangfaldige trykksvake (ut)ljodar.

Med aksent meinte eg altså «uttale som er farga av morsmålet ein har». Med /-ir/ gløymde eg å take med tankerekkja som låg bak, nemleg ein uttale grunna i korleis ordet vert skrive, heller enn korleis det vert uttalt. Ein med aksent som uttalar ordet skriftnært kan take det i retning av /ˈmɑːʈir/ eller /ˈmɑːtir/ (også nordmenn seier gjerne første variant); ein som uttalar ordet nært lokal uttale, men som sjølv har retroflekse konsonantar, kan tendere mot /ˈmɑːʈə/ i staden for /ˈmɑːtə/. Sidan /ə/ erstattar mellom anna utljodande /ir/ i engelsk, og sidan /ʈ/ ikkje er eit eige fonem i engelsk (men /t/ er det), vert desse fonema erstatta av den som høyrer på til fonem som samsvarar med fonemforventingane denne har.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg