Imperfektiv er i grammatikken eit namn på ei verbform som uttrykkjer at ei handling er i gang på eit aktuelt tidspunkt, som når vi på norsk seier Han sat og strikka.

Faktaboks

Uttale
ˈimperfektiv
Etymologi
av latin imperfectus ‘ikkje fullført, ufullendt’

Imperfektiv høyrer heime i den grammatiske kategorien aspekt, og står i motsetnad til perfektiv, som viser til ei fullført handling.

Det finst to hovudvariantar av imperfektiv — progressiv og habituell — som illustrert nedanfor.

Imperfektiv og perfektiv er ikkje det same som imperfektum og perfektum.

Imperfektiv i engelsk

Skiljet mellom imperfektiv og perfektiv er vanleg i språk over heile verda, og engelsk kan brukast for å forklare nokre allmenne prinsipp. Desse engelske setningane har verbformer med imperfektive tyding:

  1. Progressiv: She is eating breakfast 'Ho (held på og) et frukost'
  2. Habituell: She eats four times every day 'Ho et fire gonger kvar dag'

Den progressive verbforma i setning 1 beskriv ei handling som er igang på taletidspunktet. Den habituelle verbforma i setning 2 beskriv ei handling som har for vane å skje.

Vi kan òg ha imperfektive handlingar i fortid:

  1. Progressiv: She was eating breakfast (when he arrived) 'Ho (heldt på og) åt frukost (då han kom)'
  2. Habituell: Norwegian Vikings spoke Old Norse 'Norske vikingar snakka norrønt'

Den progressive verbforma i setning 1 beskriv ei handling som var i gang på eit særskilt tidspunkt, ofte ein bakgrunnsinformasjon for noko anna skjedde: He arrived (han kom).

Den habituelle verbforma i setning 2 beskriv ei handling som var vanleg, som brukte å skje.

Dei imperfektive handlingane i setningane ovanfor står i motsetnad til desse perfektive — avslutta og fullførte — handlingane:

  1. Yesterday, he ate breakfast very early 'I går åt han frukost veldig tidleg'
  2. Peter lost his wallet 'Peter mista lommeboka si'

Engelsk har eigne progressive verbformer, mens habituell og perfektiv blir uttrykte med dei same såkalte «enkle» (engelsk simple) verbformer, som illustrert over. Det er samanhengen som avgjer om dei enkle formene skal tolkast som habituell eller perfektiv.

Imperfektiv i fransk

Fransk har eit klart skilje mellom imperfektiv og perfektiv i fortid. Imperfektiv preteritum blir i franske grammatikkar kalla imparfait:

  1. Elle mangeait des fraises (quand il est venu) 'Ho åt jordbær (då han kom)'
  2. Jésus mangeait du pain tous les jours 'Jesus åt brød kvar dag'

Perfektiv uttrykkjer fransk med passé composé (setning 1 nedanfor) eller (i skriftspråket) passé simple (setning 2 nedanfor):

  1. Hier elle a mangé vingt fraises 'I går åt ho tjue jordbær'
  2. Au commencement, Dieu créa les cieux et la terre 'I opphavet skapte Gud himmelen og jorda'

Fransk har i tillegg ein eigen progressiv-konstruksjon, être en train de 'drive og, vere i ferd med, halde på med', som riktignok ikkje er ein obligatorisk del av verbsystemet.

  • Je suis en train de parler. 'Eg held på med å snakke.'
  • J'étais en train d'écrire ma thèse quand ils sont arrivés. 'Eg var i ferd med å skrive på avhandlinga mi då dei kom'

Skiljet mellom imperfektiv og perfektiv kjem tydelegast fram i ein samanhengande tekst, her illustrert med 1. Mosebok 1,1–4, der imperfektive verbformer er merkte med ein senka i og perfektive verbformer med ein senka p. For å lette jamføringa med norsk har alle dei franske verbformene ein heva bokstav føre seg som ein finn att i den tilsvarande norske teksten:

  • 1 Au commencement, Dieu acréap les cieux et la terre. 2 La terre bétaiti informe et vide: il y cavaiti des ténèbres à la surface de l'abîme, et l'esprit de Dieu se dmouvaiti au-dessus des eaux. 3 Dieu editp: Que la lumière soit! Et la lumière ffutp. 4 Dieu gvitp que la lumière hétaiti bonne; et Dieu iséparap la lumière d'avec les ténèbres.
  • 1 I opphavet askapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda bvar aud og tom, mørker clåg over djupet, og Guds ande dsvevde over vatnet. 3 Då esa Gud: «Det skal bli lys!» Og det fvart lys. 4 Gud gsåg at lyset hvar godt, og Gud iskilde lyset frå mørkret.

Dei franske imperfektiv-formene beskriv vedvarande tilstandar, mens dei perfektive beskriv dei enkelte fullførte handlingane som utgjer handlingssekvensen i forteljinga. Dei imperfektive formene beskriv ofte ein «bakgrunn», eit scenebilete, mens dei perfektive formene beskriv det som skjer i «framgrunnen».

Imperfektiv i norsk

På norsk er det ikkje noko obligatorisk skilje mellom imperfektiv og perfektiv. Med andre ord er ikkje aspekt ein del av det grammatiske systemet: Det er ingenting i det norske verbsystemet som tvingar oss til å ta stilling til skiljet mellom ulike aspekt. Men vi har eigne konstruksjonar eller formuleringar som får fram ei imperfektiv handling — både progressiv og habituell.

Progressiv

I staden for å seie Eg et frukost akkurat no kan vi bruke omskrivingar for å få det progressive tydelegare fram:

  1. Eg held på og et frukost akkurat no.
  2. Eg driv og et frukost akkurat no.
  3. Eg er i ferd med å ete frukost akkurat no.
  4. Eg sit og et frukost akkurat no.

Setning 4, med sit og et, er eit eksempel på ein meir generell bruk av kroppsposisjons-verb for å uttrykkje progressiv:

  1. Ho sit og les.
  2. Eg ligg og tenkjer.
  3. Dei står og hutrar.
  4. Vi går og pratar.

Habituell

Når vi seier Eg et frukost kvar dag, tolkar vi det som noko habituelt, som kan uttrykkjast med ei habituell verbform i språk som har slikt. Men vi kan også her bruke ulike omskrivingar for å få det habituell tydeleg fram:

  1. Eg brukar å ete frukost kvar dag.
  2. Eg plar ete frukost kvar dag.
  3. Eg har for vane å ete frukost kvar dag.

Imperfektiv i andre språk

Som tidlegare nemnt er aspekt — det vil seie skiljet mellom imperfektiv og perfektiv — vanleg i språk over heile verda, og truleg like vanleg som tempus (tid).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg