Amarna

Relieff-fragment frå Aten-tempelet i Tell el-Amarna. Kong Akhenaten, dronning Nefertiti og ei av døtrene deira hyller den nye statsguden, Aten. Relieffet befinn seg i Det egyptiske museum i Kairo.

Av /KF-arkiv ※.
Amarna-sletta sett frå nord.
.
Lisens: fri

Amarna er det moderne namnet på eit omfattande arkeologisk område som primært er restane etter byen Akhetaten («Atens horisont» på egyptisk), som for ein kort periode var hovudstaden i Egypt. Byen vart bygd, men også fråflytta i løpet av kring femten år i siste halvdel av det 18. dynastiet, det vil seie i tidsrommet frå 1347 til 1332 fvt., under det nye riket.

Faktaboks

Også kjend som

Tell el-Amarna, el-Amarna

Tell el-Amarna ligg i ørkenen nær den austlege elvebredda av Nilen i provinsen el-Minja, omtrent midt mellom dagens Kairo og Luxor (under det nye riket mellom Memfis og Teben). Kongen Akhenaten (også kjent som Amenhotep 4.) valde denne staden på grunn av at han låg politisk og strategisk til, men også på grunn av særskilde formasjonar i landskapet. Desse formasjonane var sentrale i dyrkinga av solskiva, guden Aten, som Akhenaten fremma til statsgud i staden for dei mange andre gudane. Fleire forskarar hevdar Akhenaten sitt religiøse ’eksperiment’ er det som seinare danna grobotn for monoteisme.

Byen var spreidd utover store delar av ørkensletta mellom Nilen og høgørkenen. Det er estimert at så mange som 20–30 000 menneske, beståande av byråkrati, soldatar, folk som var involvert i produksjon, og diverse tenestemenn og -kvinner, som alle følgde det kongelige hoff, budde i byen. Særleg mange budde det kring dei store palassområda, men ein har også funne spor etter fleire mindre arbeidarlandsbyar på sletta mellom byen og høgørkenen.

Arkeologiske utgravingar

Det som i dag gjer denne byen unik, er at store delar av byen ligg lett tilgjengeleg under berre eit tynt lag av sand og grus. På grunn av dei gode konserverande eigenskapane i den egyptiske ørkenen, er denne byen ein av dei best bevarte og såleis ei av dei viktigaste kjeldene til kunnskap om arkitektur, by- og bustadbygging, sosiale strukturar, daglegliv, religion og så vidare i Det gamle Egypt.

Dei første dokumenterte arkeologiske utgravingane i Tell el-Amarna fann stad i 1892. Trass avbrekk, fortsette desse utgravingane fram til 1936. På dette tidspunktet hadde ein kartlagt mesteparten av palass-, tempel- og administrasjonsstrukturar, samt omkring halvparten av bustadområda. Eit av dei viktigaste funna er det ein reknar for å vera 'statsarkivet'. Her kunne ein blant anna avdekke kileskriftstavler med kommunikasjon med fyrstane i Vesleasia (utgitt og fortolka i 1910–1915 av den norske assyriologen Jørgen Alexander Knudtzon).

Arkeologiske utgravingar tok til igjen frå 1977, og har pågått sidan i regi av Egypt Exploration Society.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kemp, Barry J., (2012). The City of Akhenaten and Nefertiti: Amarna and its People London: Thames & Hudson Ltd.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg