Kart som viser den geografiske utbreiinga til dei kusjittiske språka

Kusjittiske språk er ei gruppe på om lag 30 språk som blir tala på Afrikas horn og tilgrensande område. Dei blir klassifiserte som ei grein av den afroasiatiske språkfamilien.

Faktaboks

Uttale
kusjˈittiske språk
Etymologi

etter oldtidsriket Kusj eller Kusj, sonen til Ham, som var son av Noah

Undergrupper

Det er ikkje klart kor mange undergrupper kusjittisk skal delast i, men i ein konservativ analyse kan ein operere med seks:

  1. nord-kusjittisk
  2. sentral-kusjittisk
  3. høglands-aust-kusjittisk
  4. låglands-aust-kusjittisk
  5. dullay
  6. sør-kusjittisk

Nokre forskarar slår saman høglands-aust-kusjittisk, låglands-aust-kusjittisk og dullay til éi aust-kusjittisk gruppe, slik at talet på undergrupper blir redusert til fire.

Tidlegare rekna ein også med ei vest-kusjittisk gruppe, som dei fleste forskarar sidan 1970-talet har rekna som ei sjølvstendig grein av den afroasiatiske språkfamilien med namnet omotisk.

Talarar

Dei fleste kusjittiske språk blir tala av relativt få menneske, og berre fire kusjittiske språk har over éin million talarar, sjølv om tala er usikre:

  • bedsja (nord-kusjittisk), om lag 1,2 millionar
  • afar (låglands-aust-kusjittisk), om lag 2 millionar
  • oromo (låglands-aust-kusjittisk), over 37 millionar
  • somali (låglands-aust-kusjittisk), rundt 22 millionar

Forskingshistorie

Ingen kusjittiske språk har lange tradisjonar som skriftspråk. Før det blei utvikla rettskriving for fleire av dei i den siste halvparten av 1900-talet, var kunnskapen om dei avgrensa til språkbeskrivingar utførte av utanlandske oppdagingsreisande, misjonærar og forskarar.

Den første vitskaplege undersøkinga av eit kusjittisk språk skriv seg frå den tyske forskaren Hiob Ludolf (1624–1704), som arbeidde med oromo.

Ein annan tyskar, Karl Richard Lepsius (1810–1884), innførte termen kusjittisk som namn på ei undergruppe av dei såkalla hamittiske språka. Han arbeidde mellom anna med bedsja.

Namnet kusjittisk er danna av Kusj, namnet på ein av sønene til Ham, som var son til Noa – jamfør Første Mosebok, kapittel 10. Dei afroasiatiske språka blei tidlegare kalla hamitto-semittisk, som impliserte at familien hadde to greiner, hamittisk og semittisk (oppkalla etter Ham og Sem, to av dei tre sønene til Noa), og at dei kusjittiske språk var ei undergruppe av hamittisk, sidan Kusj var son til Ham.

Austerrikaren Leo Reinisch (1832–1919) lagde beskrivingar av åtte kusjittiske språk, mellom anna afar, bilin, saho og somali.

Det var den amerikanske språkforskaren Joseph Greenberg (1915–2001) som innførte termen sør-kusjittisk, som ein del av den omfattande klassifikasjonen sin av afrikanske språk, oppsummert i boka The Languages of Africa (1963). Det var Greenberg som innførte termen afro-asiatisk til erstatning for hamitto-semittisk.

Strukturelle drag ved kusjittiske språk

Leddstilling

Det er eit allment drag ved dei kusjittiske språka at leddstillinga er SOV (subjektobjektverbal), og i ein nomenfrase kjem adledda føre hovudet.

Substantiv

Kusjittiske språk har – som dei fleste andre afroasiatiske språk – to genus, maskulinum og femininum. Det er vanleg at substantivet skil mellom tre former med omsyn til numerus (tal), ei numerus-nøytral form, ei singularis-form (ofte kalt singulativ) og ei pluralis-form. Mange kusjittiske språk har tre kasusnominativ, akkusativ og genitiv – ofte slik at det er akkusativ som manglar eiga markering, mens nominativ har eit eige suffiks. Nokre forskar kallar ein slik umerkt akkusativ for absolutiv (ikkje det same som absolutiv i eit absolutiv-ergativ-språk).

Verb

Det er vanleg at verbet blir bøygt i person, tal, genus, aspekt/tempus og modus og uttrykkjer diatese (passiv og medium i motsetnad til aktiv) og kausativ gjennom avleiing.

Fonologi

Dei fleste kusjittiske språk har det veldig utbreidde fem-vokalsystemet /i e a o u/, og vokalane kan vere både korte og lange. Lengdeskilnader er òg svært vanleg ved konsonantane. Mange kusjittiske språk skil mellom plosivar (ustemde og stemde) og ejektivar, til dømes /(p) b p' t d t' k ɡ k'/; /p/ står i parentes fordi dei fleste språka manglar denne konsonanten. Med få unnatak er dei kusjittiske språka tonespråk.

Strukturelle drag i dei ulike undergruppene

Nord-kusjittisk

Det finst eitt nord-kusjittisk språk, bedsja, som blir tala langs kysten av Raudehavet, i Egypt, Sudan og Eritrea. Språket skil seg så sterkt frå andre kusjittiske språk at det har blitt føreslege å rekne det som ei sjølvstendig, ikkje-kusjittisk grein av afroasiatisk.

Sentral-kusjittisk

Det finst fire sentral-kusjittiske språk: bilin, xamtanga, kemant og awngi, som blir tala i Nordvest-Etiopia og Eritrea. Dei blir òg kalla agaw-språk.

Høglands-aust-kusjittisk

Ein reknar fire språk til denne undergruppa: sidama, kambata, hadijja og burdsji. Talarane bur i eit fjellområde i det sørlege Etiopia, bortsett frå burdsji, som òg blir tala i det nordlege Kenya.

Låglands-aust-kusjittisk

Dette er ei stor gruppe med tre greiner: saho-afar, oromoid og omo-tana.

Saho-afar-språka, som omfattar saho og afar, blir tala i Djibouti, Eritrea og tilgrensande område i Etiopia.

Dei oromoide språka omfattar oromo, som blir tala frå Tana-elva i Kenya og i store område i det sentrale og vestlege Etiopia, og dei konsoide språka (konso, dirasja, bussa, masjile, turo og gato), som blir tala i den sørlege delen av den etiopiske Riftdalen.

Omo-tana-språka, som blir tala i Etiopia, Djibouti, Somalia og Kenya, blir delte i ei austleg og ei vestleg gruppe. Til den austlege eller somaloide gruppa høyrer somali, maay, asjraf, tunni-dabarre, karre-boni og rendille. Til den vestlege eller arboroide gruppa høyrer arbore, dhaasanac, elmolo og kanskje bayso.

Dullay

Dullay-språka et eit dialektkontinuum som blir tala i lengst søraust i Dei sørlege nasjonane, nasjonalitetane og folka sin region i det sørvestlege Etiopia.

Sør-kusjittisk

Til den sør-kusjittiske greina høyrer ei rekkje språk – mellom anna iraqw, gorowa, burunge, mbugu – som blir tala i Tanzania, bortsett frå bortsett frå dahalo, som blir tala nær munningen av Tana-elva i Kenya.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg