amharisk

Artikkelstart

Amharisk er eit språk som høyrer til dei semittiske språka i den afroasiatiske språkfamilien. Amharisk er førstespråket til over 20 millionar menneske i Etiopia og til fleire hundre tusen mellom anna i USA, Sudan, Somalia og Eritrea. Det er andrespråket til over 4 millionar menneske i Etiopia.

Faktaboks

Også kjent som

amarinja, አማርኛ

Uttale
amhˈarisk
Språkkoder
am, amh (AM, AMH)
ISO-639:3
amh

Amharisk er nasjonalspråk og offisielt språk i staten Etiopia. Saman med kyrkjespråket geez utgjer amharisk den etiopiske greina innan dei sørvestsemittiske språka. Amharisk blir skrive med ei modifisert utgåve av alfabetet som blir for brukt geez.

Amharisk har mange av dei same karakteristiske trekk som dei andre semittiske språka i Etiopia, til dømes ejektive konsonantar (blir uttalte med lukking av stemmebanda) og ordrekkefølgja subjekt-objekt-verb.

Det amhariske endonymet for språket er amarıñña ኣማርኛ. Ein person som tilhøyrer den etniske gruppa amhara , er ein amara ኣማራ. Landet Etiopia heiter İtyop'p'ya ኢትዮጵያ, og ein innbyggjar i landet er ein ityop'p'yawi ኢትዮጵያዊ 'etiopiar'. Hovudstaden i landet er Addis Abeba ኣዲስ ኣበባ 'ny blome'.

Språkfamilie

Amharisk høyrer til den transversale undergruppa av den sørlege greina av etiosemittisk. Etiosemittisk kjem inn under sørsemittisk, ei av dei tre hovudgreinene av semittisk, saman med austsemittisk (med det utdøydde språket akkadisk) og vestsemittisk (med mellom anna arabisk, hebraisk og arameisk). Semittisk utgjer ei grein av den afroasiatiske språkfamilien.

Språkhistorie

Semittiske språk er blitt snakka på den afrikanske sida av Raudehavet i minst 4000 år.

Etiosemittisk har ei nordleg og ei sørleg grein. I den nordlege greina finn vi tigré (tıgré ትግረ), tigrinja (tıgrıñña ትግርኛ) og det utdøydde ge'ez (gıʕız ግዕዝ), som er liturgisk språk i den ortodokse etiopiske kyrkja.

Dei etiosemittiske språka blir snakka i Eritrea og i Nord- og Sentral-Etiopia. Amharisk kjem opphavleg frå Amhara-regionen i det nordlege Sentral-Etiopia. Keisar Yıkuno Amlak ይኩኖ ኣምላክ, som styrte frå 1270 til 1285 og atterreiste det salomoniske dynastiet i Etiopia, tok amharisk som lıssane nıgus ልሳነ ንጉሥ 'kongsspråk' og la grunnlaget for den rolla amharisk spelar i det moderne Etiopia.

Språket blir skrive med det etiopiske alfabetet, som i si noverandre form har vore nytta til å skrive ge'ez sidan 300-talet. Den eldste litteraturen bevart på amharisk skriv seg frå 1300- og 1400-talet. Det meste av litteraturen fram til 1800-talet er likevel skrive på det gamle etiopiske språket geez.

Språksystem

Amharisk og andre moderne etiosemittiske språk har setningsstrukturen subjekt + objekt + verb (SOV), medan andre semittiske språk har rekkjefølgja VSO.

Her er eit døme på ei amharisk setning, 'Hunden beit barnet':

Subjekt Objekt Verbal
wıššaw lıjun nekkese
ውሻው ልጁን ነከሰ
hunden barnet beit

Wıššaw ውሻው 'hunden' har det bundne suffikset -w ው lagt til den ubundne forma wıšša ውሻ 'hund'. Lıjun ልጁን 'barnet' har akkusativsuffikset -n lagt til lıju ልጁን, bunden form av lıj ልጅ 'barn'. Det bundne suffikset er -w etter vokal og -u etter konsonant.

Amharisk og andre moderne etiosemittiske språk har adjektivet framfor substantivet i ein nominalfrase, til dømes tınnıš lıj ትንሽ ልጅ 'lite barn'. Både det bundne suffikset -u / -w og akkusativsuffikset -n blir lagde til adjektivet.

Amharisk har sju vokalar. I den etiopiske skrifta blir vokalane uttrykte med små tillegg eller endringar av konsonantbokstavane. Ein bokstav utan tillegg blir uttalt med vokalen a. Språket har 26 konsonantar. Amharisk skil mellom enkle og doble konsonantar, men dei blir ikkje skilde i den etiopiske skrifta.

Det finst ingen offisiell translitterasjon av det etiopiske alfabetet, og vi nyttar ein translitterasjon med så få diakritiske teikn som råd. Vokalane i, é, ı, e, u, o, a – med IPA [i e ɨ ǝ u o a] – blir translittererte på svært mange måtar, og ein annan vanleg måte er i, e, ï, ä, u, o, a.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer (2)

skrev David Olsen

De etiopiske semittiske språkene omfatter også flere andre språk, deriblant tigre og tigrinya.

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Takk for opplysningene om amharisk og australske språk.Vi vil ta stilling til dette så snart vi kan.Vennlig hilsenAnne Grete NilsenRed.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg