Faktaboks

geez
Språkkodar
gez (GEZ)
ISO-639:3
gez

Geez er eit semittisk språk. Det høyrer til den nordlige gruppa av etiopisk semittisk og er det klassiske etiopiske språket. Det blei snakka av dei semittisktalande folka som i førkristen tid — truleg ein gong mellom 1000 og 500 fvt. — innvandra til Etiopia frå det sørlege Arabia og fekk nær kontakt med dei kusjittiske folka i området.

Endonymet for språket er ግዕዝ ɡɨʕɨz.

Dei eldste kjeldene

Dei eldste tekstane på geez er innskrifter frå 300-talet evt. Skrifta i nokre innskrifter er det gamal-sørarabiske alfabetet, som manglar vokalteikn, lik dei fleste andre semittiske skrifttypar. Andre er i etiopisk skrift utan vokalar, men i handskriftene frå dei følgjande hundreåra blir vokalane representerte med små strekar eller modifikasjonar av konsonantteikna, som framleis i det moderne etiopiske alfabetet. Dette kan illustrerast med dei tre bokstavane i ግዕዝ ɡɨʕɨz, som varierer i form etter kva vokal dei har etter seg:

  • ɡɐ, ጉ ɡuː, ጊ ɡiː, ɡaː, ጌ ɡeː, ግ ɡɨ, ጎ ɡoː
  • ʕɐ, ዑ ʕ, ዒ ʕiː, ዓ ʕaː, ዔ ʕeː, ዕ ʕɨ, ዖ ʕoː
  • , ዙ zuː, ዚ ziː, ዛ zaː, ዜ zeː, ዝ , ዞ zoː

Den korte vokalen ɨ blir ikkje uttalt i alle posisjonar, mellom anna ikkje i slutten av eit ord etter éin konsonant, som i ግዕዝ ɡɨʕɨz.

Seinare tekstar

Frå omkring 500 stammar omsetjinga av Bibelen på geez. Frå dei følgjande hundreåra finst ei rekkje omsetjingar av apokryfe bibelske skrift, til dømes av Henoks bok.

Nesten all litteratur på geez er slike omsetjingar. Også det vesle som finst av originallitteratur er i hovudsak av kyrkjeleg art, til dømes salmar. Ettersom den kyrkjelege litteraturen er forfatta på dette språket, har geez blitt det liturgiske språket i den etiopiske ortodokse kyrkja (sjå religion i Etiopia). Geez gjekk frå 900-talet av bruk som talespråk, men ei lang rekkje andre semittiske språk blir snakka i Etiopia og Eritrea i dag, med ein mykje sterkare kusjittisk påverknad enn i geez. Nærast i slekt med geez er tigrinsk, tigré og dahalik.

Etiopiske personnamn

Geez har ein stor påverknad på moderne etiopiske språk, og fleire personnamn er lånte frå geez. Til dømes kjem namnet til den siste etiopiske keisaren, Haile Selassie I, frå geez, der det heiter ኀይለ ሥላሴ xɐjlɐ ɬɨllaːseː og tyder 'treeiningas kraft'. Sjå meir om possessivkonstruksjonar i avsnittet Språkstruktur nedanfor.

Språkstruktur

Fonologi

Geez har fem lange vokalar: iː eː aː oː uː — og to korte: ɨ ɐ. Dei lange iː aː uː kjem av ursemittisk *iː *aː *uː, mens dei lange eː oː kjem av dei ursemittiske diftongane *ai og *au. Den korte vokalen ɨ kjem av ursemittisk *i og *u, mens den korte ɐ kjem av ursemittisk *a.

Geez har tretti konsonantar, med eit konservativt system som skil seg lite frå ursemittisk, som i desse døma:

Morfologi

Som i andre semittiske språk brukar geez både affiks og vokalveksling som morfologiske mekanismar, som vist med eintal og fleirtal av desse substantiva:

  • Vokalveksling:
    • ʔɨɡr 'fot' – ʔɨɡɐr 'føter'
    • bɐɡʕ 'sau' – ʔɐbaːɡeːʕ 'sauer'
  • Affigering, med suffiks:
    • ʔeːd 'hand' – ʔeːdɐw 'hender'
    • ʔɐf 'munn' – ʔɐfɐw 'munnar'

I possessivkonstruksjonar står possessum (det eigde) først og possessor (eigaren) etter, og possessum står i status constructus, mens possessor står i status absolutus, som er grunnforma til substantivet. Status constructus har ved dei fleste substantiv suffikset , jamfør substantivet som tyder 'konge':

- Eintal Fleirtal
Status absolutus nɨɡuːʃ nɐɡɐʃt
Status constructs nɨɡuːʃɐ nɐɡɐʃtɐ

Nokre eksempel:

  • hɐɡɐrɐ nɨɡuːʃ 'kongens by'
  • hɐɡɐrɐ nɐɡɐʃt 'konganes by'
  • nɨɡuːʃɐ hɐɡɐr 'byens konge'
  • nɐɡɐʃtɐ hɐɡɐr 'byens kongar'

Syntaks

Den vanlege leddstillinga i setningar er VSO (verbalsubjektobjekt), som i setninga nedanfor, som tyder 'mannen planta eit tre'. Objektet har akkusativ-suffikset -ɐ. Geez skil ikkje mellom ubunden (ubestemt) og bunden (bestemt) form av substantivet.

Verbal Subjekt Objekt
tɐkɐlɐ bɨʔsiː ʕɨɬ’ɐ
planta mann tre

I ein nomenfrase står adjektivet etter substantivet og kongruerer (blir samsvarsbøygt) med substantivet i genus og numerus, som vist her med substantiva nɨɡuːʃ 'konge' og nɨɡɨʃt 'dronning' og adjektivet s’aːdɨk’ 'rettferdig':

  • nɨɡuːʃ s’aːdɨk’ 'rettferdig konge'
  • nɐɡɐʃt s’aːdɨk’aːn 'rettferdige kongar'
  • nɨɡɨʃt s’aːdɨk’t 'rettferdig dronning'
  • nɨɡɨʃtaːt s’aːdɨk’aːt 'rettferdige dronningar'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg