Faktaboks

Innbyggjartal
215 (SSB, 2023)
Landareal
0,3 km²
Tettstadsnummer
6114 Geiranger
Geiranger

Geiranger. Utsikt over tettgrenda og fjorden frå Flydalsjuvet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Geirangerfjorden
/Statens kartverk.

Geiranger er ei bygd i Stranda kommune, Møre og Romsdal. Bygda ligg omkring den cirka 16 kilometer lange, tronge og bogeforma Geirangerfjorden, som er den inste, søraustlege armen av Storfjorden. Geiranger har 226 innbyggjarar (2020).

Fjella reiser seg bratt frå fjorden til høgder opp til 1700 meter over havet. Det finst talrike praktfulle fossar, mellom anna Dei sju systrene og Brudesløret på nordsida og Friaren på motsett side av fjorden. Storsæterfossen innanfor fjordbotnen er 30 meter høg og står i ein boge ut frå fjellet, slik at ein kan gå under han. På sørsida av fjorden er fjellutspringet Preikestolen.

Enkelte gardar som låg høgt oppe på små avsatsar i fjellsida, er no fråflytta, blant anna Skageflå, som ligg 270 meter over fjorden ved Skagaflåfossen (Friaren). Møllgardane på nordsida av fjorden har eit interessant sunnmørstun med fleire hus som er over 200 år gamle. Den åttekanta kyrkja i tettgrenda ved fjordbotnen (Maråk) er frå 1842. Det best kjende turistmotivet i Geiranger er likevel utsikta mot fjorden frå Flydalsjuvet på vegen austover (Fylkesveg 63).

Geiranger har stor turisttrafikk, i Maråk ligg fleire hotell. Det går bilferje ut fjorden til Hellesylt. Fylkesveg 63 går frå fjordbotnen i slyng opp fjellsida til Djupvatnet (1016 meter over havet) med band til riksveg 15 austover til Lom og Otta, og dessutan eit lite stykke langs fjorden der han går i like imponerande slyng (Ørnevegen) nordover til Eidsdal ved Norddalsfjorden. Hurtigruta går regelmessig innom Geirangerfjorden på tur nordover. Det er elles stor cruisetrafikk i fjorden.

Geirangerfjorden blei saman med Nærøyfjorden i 2005 skriven inn på UNESCOs verdsarvliste. Det er dei store geologiske verneverdiane og det slåande vakre landskapet som er grunngivinga for vedtaket.

Namnet kjem truleg av norrønt geirr, 'spyd', eller geiri, 'kile' og angr, 'fjord'.

Kart

Geiranger
Geiranger
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aasheim, Arne & Oddgeir Bruaset: Geiranger: juvel i fjordlandet, 2001, isbn 82-996103-0-3
  • Henden, Marit Mjelva: Geiranger, Norway: ei god historie, [2006], isbn 82-91722-71-4
  • Lillebø, Petter A. mfl.: Sunnylven og Geiranger, 2. utg., 1993–99, 2 b., isbn 82-992249-6-9
  • Ørjasæter, Lars, red.: Stadnamn i Geiranger, 1991, isbn 82-992249-3-4

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg