Sunnmøringen

Sunnmøringen Logo
Sunnmøringen.

Erling Vassbotn grunnla Sunnmøringen i 1946. Han og sonen Vermund dreiv avisa heilt fram til 1993, då Helge Søvik overtok. Det var eit slit å gje ut ei lita lokalavis, særlig dei første etterkrigsåra då dei ofte måtte bruke meir tid på å reparere maskinar enn å skrive. Erling Vassbotn og resten av familien gav likevel ikkje opp. I dag er Sunnmøringen ei lita, men livskraftig avis.

Erling Vassbotn
Sunnmørsposten.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Sunnmøringen, dagsavis på Stranda, grunnlagt 1946. Sunnmøringen kjem ut kvar onsdag og laurdag. Avisa er lokalavis i Sunnmørs-kommunen Stranda, og dekkjer også ein mindre del av nabokommunen Norddal. Eigar er Polaris Media ASA. Redaktør: Renate Henriksen-Sandvær

Historie

Avisa kom ut første gong 16. mai 1946. Utgjevar var Erling Vassbotn, som før krigen hadde starta Stranda Prenteverk. Han var god til å skrive og redigerte avisa dei første åra. Namnet overtok avisa etter ei avis som kom ut i nabobygda Sykkylven midt på 1930-talet. Åra etter krigen var vanskelege på mange måtar, og avisa måtte stogge i periodar, mest av mangel på papir.

I 1950 kom ikkje avisa ut i det heile. I februar 1951 fekk avisa ein ny start, med Erling Vassbotn som utgjevarog Gerhard Kjølås som bladstyrar. Dei investerte då i ei stor snøggpresse og ei setjemaskin, og utvida formatet på avisa. Gerhard Kjølås er elles kjend som bygdebokforfattar og var tidlegare med på å grunnleggje avisa Fylket i 1927. Interessa for lokal historie prega også avisa medan han var redaktør. No gjekk avisa betre, med auke både i tingartal og fleire annonsar.

I 1953 overtok Erling Vassbotn igjen som redaktør. Som mange andre lokalaviser på den tida var også Sunnmøringen open for stoff frå den store verda, side om side med lokalstoffet. Erling Vassbotn sat som utgjevar og redaktør fram til 1980 då sonen Vermund overtok. I 1993 overtok Helge Søvik som redaktør og dagleg leiar. Han sat heilt fram til 2007 då Gyri Aure overtok.

I 1983 kjøpte Sunnmørsposten aksjemajoriteten i avisa, og i 2009 blei Polaris Media eigar av Sunnmørsposten. I 1987 blei lokalavisa Sunnylvingen i nabobygda Hellesylt (også i Stranda kommune) slått saman med Sunnmøringen. På den tida kom også bruk av datateknologi inn for fullt, og avisa fekk eit meir moderne preg.

Fleire kjende mediefolk frå Stranda begynte sin karriere i denne lokalavisa: Harald Kjølås, Per Vassbotn, Asbjørn Gjærde og Are Kalvø.

Fakta

  • Fyrste nr. 16.5.1946, fyrste red. Erling Vassbotn.
  • Førebels siste nr. 23.12.1949.
  • Starta oppatt 9.2.1951

Opplag og lesartal

År Papiropplag Digitalt opplag
1992 2044
2008 1981
2015 1692 50
2018 1472 1616

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg