Åkerneset, eller Åkneset, er eit rasfarleg fjellparti på vestsida av Sunnylvsfjorden i Stranda kommune, Møre og Romsdal. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har definert Åkerneset som eit høgrisikoobjekt for store fjellskred.
Åkerneset ligg i den austlege skråninga til fjellet Flosteinsnibba (1514 meter over havet), 15 kilometer sør for Stranda og 55 kilometer søraust for Ålesund. Området som kan rase ut, er avgrensa av ei meir enn 500 meter lang rivne (Åknesremna) 200–900 meter over havet. I dag er rivna, eller baksprekken, opptil 25 meter vid på det vidaste.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.