Hellesylt

Artikkelstart

Hellesylt er ein tettstad i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 254 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
254 (SSB, 2021)
Landareal
0,4 km²
Tettstedsnummer
6112 Hellesylt

Hellesylt ligg ved botnen av Sunnylvsfjorden.

Det er trevareindustri, plastvareproduksjon og næringsmiddelindustri på staden.

Hellesylt ligg på Fv. 60 mellom Hornindal i Nordfjord og Stranda og Ålesund. Vegen nordover langs Sunnylvsfjorden til Stranda høyrer til Vestlandets store fjordvegar. Den går gjennom ein serie tunnelar høgt over fjorden, med storslått utsikt, mellom anna innover Geirangerfjorden. Den lengste tunnelen, Ljønibba (2490 m), fører gjennom fjellet til Strandadalen. Det høgaste punktet til vegen, 450 moh., er ved nordopninga til tunnelen. Det er ferjesamband med Geiranger om sommaren.

Hellesylt har hotell, vandrarheim og campingplass.

Sunnylven kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1859 som er teikna av slottsarkitekten, H. D. F. Linstow, ligg i utkanten av Hellesylt.

Førsteledd av namnet kjem truleg av norrønt heilagr, 'heilagt', som viser til heidensk kult. Andreleddet er danna av ein norrøn stamme, svolt-, som heng saman med sylt eller sylte, ein lågtliggjande sump, ofte saltholdig eller utan synleg avløp.

Kart

Hellesylt
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg