Faktaboks

Khubilai khan

Khubilai Khan

keisar Shizu av Yuan (kinesisk Yuán Shìzǔ 元世祖)

Fødd
23. september 1215
Død
18. februar 1294, Beijing
Khubilai-khan

Khubilai-khan er måla like etter sin død i 1294, slik han såg ut på 1260-talet, av Anige, ein nepalesisk astronom målar og venn av Khubilai-khan.

Khubilai khan var ein mongolsk herskar som òg grunnla Yuan-dynastiet i Kina. Han var barnebarn av Djengis khan og stor-khan i det mongolske verdsriket frå 1260. I namnet herska han over det største samanhengande riket verda nokon gong har sett. I praksis var makta hans avgrensa til dei austlege delane av riket.

For å prove sin rett på storkhan-trona var Khubilai sitt styre prega av ekspansjon. Korea vart ein lydig vasallstat, medan forsøka på å ta Japan og delar av noverande Indonesia mislukkast totalt. Den største bragda var nedkjempinga av Kina, den fremste økonomiske makta i verda på den tida.

I så vel kinesisk som vestleg og mongolsk historieskriving har Khubilai khan vore hugsa som ein generelt svært kompetent monark. Mest lovprisande av alle var handelsmannen Marco Polo, som gjekk inn i teneste under stordomstida til khanen på 1270-talet og kalla han «utan tvil den største herskaren som nokon gong har levd.»

Bakgrunn

Khubilai vart fødd i 1215, same år som Djengis khan for alvor byrja erobringa av Nord-Kina med å hærta Beijing. Han var son av Sorghaghtani Beki og Tolui, fjerde (legitime) son av Djengis khan. Tolui vart sett til å styre dei austlegaste delane av det mongolske riket då Ögödei tok over som storkhan (mongolsk khagan) etter at Djengis khan døydde i 1227.

Som nevø av Ögödei var Khubilai langt bak i arverekkja til storkhan. Likevel syna han seg raskt som ein dyktig og ambisiøs administrator i dei vesle områda i Nord-Kina han fekk råde over som mongolsk prins. Mora innførte han i kinesisk kultur og fekk han til å respektere livsførselen til dei lokale bøndene. Dette gjorde at Khubilai vart relativt godt likt av kinesarar, i motsetnad til dei fleste mongolar. Han gjorde det til ein vane å ha kinesiske lærde kring seg i hoffet, både då han vart il-khan i Nord-Kina og deretter storkhan i det mongolske riket.

Khubilai gifta seg i 1239 med Chabi, som seinare skal ha vore ein viktig innverknad ved hoffet – syna til dømes i den statlege sponsinga av buddhismen. Dei fekk fire born.

Storkhan og keisar av Kina

Far og søn Polo møter Khubilai-khan
Den italienske handelsmannen og oppdagaren Marco Polo, som gjekk inn i teneste under stordomstida til khanen på 1270-talet, kalla han «utan tvil den største herskaren som nokon gong har levd.» Biletet er ei europeisk framstilling av Khubilai-khans hoff, frå manuskriptet MS BNF français 2810 (ca. 1410).

Då Möngke, storebror av Khubilai, overtok trona i 1251, sette han Khubilai til å styre Nord-Kina, som mongolane hadde erobra frå jursjenarane innan 1234. Merittlista og maktbasen herifrå gjorde han i stand til å overta som storkhan då Möngke brått døydde i 1259. Men maktkampen med veslebror Arigh på starten av 1260-talet førte til ein borgarkrig som mellom anna resulterte i eit fragmentert mongolsk rike. I praksis herska Khubilai difor berre over dei austlege delane av riket: Mongolia, Kina, Mandsjuria, Tibet og Korea.

Den kinesiske delen vart dramatisk utvida under styret til Khubilai. Alt i det første året som storkhan gjorde han ambisjonane sine kjende ved å namngje regjeringstida si i kinesisk stil. I 1279 kapitulerte dei siste restane av Song-hoffet, og Khubilai vart keisar av heile Kina – som den første ikkje-kinesaren i historia – under dynastinamnet Yuan. Han er den første ikkje-kinesiske keisaren over heile Kina i kinesisk historie. Frå det året og heilt til Khubilai døydde i 1294 var det få opprør mot mongolsk styre i Kina.

Kina under herredømet til Khubilai khan er skildra av Marco Polo, som i 1275–1292 skal ha oppheldt seg ved hoffet hans.

Tilbakeslag ute: nye freistnadar på ekspansjon

Korea vart òg bringa inn i den mongolske falden under Khubilai. Sidan dei koreanske herskarane i mindre grad enn Song-Kina motsette seg mongolsk overhøgd, let Khubilai dei bli ved trona mot at dei gav tributt og hjelpte mongolane mot Japan.

Han ville ha Japan inn i same tributtforhold som Korea, men utsendingane hans møtte kalde skuldrer og jamvel avretting. Khubilai svara med å freiste å hærta Japan som han hadde teke Song-Kina, men desse maritime invasjonane lei spektakulære nederlag.

Likevel gav Khubilai mot slutten av livet klarsignal til ein ny enorm invasjon til sjøs, denne gong mot Java i noverande Indonesia i 1292 – med like lite hell.

Angrepa mot rika i noverande Vietnam, Kambodsja og Myanmar gjekk noko betre, men kostnadane var nok større enn gevinstane, som avgrensa seg til at dei anerkjente storkhanens overherredømme i namnet.

Eitt av problema til Khubilai var at han ikkje disponerte hærane til dei andre delane av det mongolske riket, og måtte basere invasjonsstyrkane på kinesarar. I Vest-Kina var det jamvel vedvarande problem med plyndringar frå Dsjagatai-khanatet i Sentral-Asia, styrt av fetteren til Khubilai, Kaidu.

Khubilai makta aldri å atterreise den mongolske samlinga som hadde herska under bror hans Möngke. Det gjorde heller ingen mongolske herskarar etter han.

Tilbakeslag heime: død

Dei militære nederlaga på slutten av livet til Khubilai fall saman med tilbakeslag på heimebane. I 1281, like før den andre invasjonen av Japan, døydde keisarinna Chabi. Fire år seinare døydde uventa kronprinsen Jingim, som Khubilai hadde førebudd til storkhantrona i lang tid. Også fleire av dei mest trufaste kinesiske rådgjevarane hans døydde i løpet av 1280-talet.

Ifølgje kinesiske historieskrivarar gjorde desse personlege ulukkene Khubilai meir passiv i forvaltinga av både riket og eige liv. Han vart sjukeleg overvektig og alkoholtørst – som igjen forverra helsa, prega av gikt. Han var 79 år gamal då han døydde vinteren 1294, etter 34 år på storkhan-trona.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg