Marie Takvam

Faktaboks

Marie Takvam

Født Marie Ragnhild Skylstad

Født
6. desember 1926, Hjørundfjord, Møre og Romsdal
Død
28. januar 2008, Lier

Foto 1977. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Marie Takvam
Av /NTB Scanpix ※.

Marie Takvam er ein kroppsnær lyrikar som i dei første diktsamlingane sine gir uttrykk for ekstatisk livskjensle og lidenskapeleg begjær.

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Marie Takvam var ein norsk forfattar av mellom anna dikt, romanar og skodespel. Ho kombinerte ei kroppsleg og kritisk kvinnerøyst med ei usentimental tematisering av både sorg og glede.

Bakgrunn

Ho tok examen artium ved Nordfjordeid gymnas i 1945. Året etter flytta ho til Oslo. Der studerte ho psykologi, men måtte bryte av studiane i 1952, då ho saman med den dåverande ektemannen, Johannes Takvam, fekk sonen Magnus.

Forfattarskap

I 1952 debuterte Takvam med diktsamlinga Dåp under sju stjerner. Dei elleve diktsamlingane hennar varierer i forma, frå det prosaiske til det meir eksperimenterande. Dei går inn i ein karnevalistisk og vitalistisk nynorsktradisjon, og dei har eit sterk kroppsleg preg. Dikta krinsar ofte tematisk om kjønnsroller, kjærleik, sorg, død og ulike livsfasar. Ho skreiv òg to romanar, der Dansaren (1975) er den mest kjende.

I 1950- og 60-åra tok ho ofte del i den offentlege kulturdebatten, forfatta eit høyrespel og ei barnebok og var ei populær radiostemme i Barnetimen. I 1966 kom skodespelet Idun, om ekteskapet som institusjon.

Merksemd fekk Takvam òg som skodespelar, mest for rolla i Vibeke Løkkebergs Åpenbaringen (1977), som skapte debatt i avisene om den synleg avkledde bakdelen hennar.

Takvam gav ut den siste diktsamlinga si, Rognebær, i 1990 og vart i 2003 heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela.

Eit liv i tekst

Takvam er av fleire karakterisert som ein nyenkel diktar, på linje med Magli Elster. Ho brukte frie rytmar og skreiv ekspressivt og allegorisk, med verdsrommet som symbolsk klangbotn og med jord og blod som motiv. Ho vert ikkje sett på som ein reinskoren modernist, sjølv om ho i ei midtfase av forfattarskapen eksperimenterte meir med form og syntaks, særleg i samlinga Brød og tran (1969). Ho var påverka av sentrale, kvinnelege nynorskdiktarar, og vitalisten Aslaug Vaa var ei viktig inspirasjonskjelde.

Det har vore vanleg å leggje vekt på Takvams liv og hennar impulsive levemåte ved vurderinga av dikta. Ho tok utgangspunkt i sin eigen kropp og eigne sanseinntrykk når ho skreiv. Samstundes har diktinga fleire nivå og kan ikkje berre lesast biografisk, politisk eller feministisk.

Vitalisme og karnevalisme

Takvam skreiv seg inn i og vidareutvikla ein allereie eksisterande nynorsk vitalismetradisjon, der erfaringa og opphøginga av ei slags urkraft, kroppsleg instinkt og intuisjon står i motsetnad til rasjonalitet, intellekt og modernitet. Litterært sett plasserte Takvam seg slik tett opp mot den kanskje viktigaste forløparen og representanten for vitalismen, landsmålsdiktaren Kristofer Uppdal.

I mange av dikta hennar kjem det òg til syne ei trassig livskraft og eit livsnytande, erotisk subjekt som snur opp ned på religiøse ritual på ein karnevalistisk måte. Inger Hagerup samanlikna den «blodfriske» poetiske uttrykksforma hennar med dikta til Halldis Moren Vesaas.

Takvam var tidleg ute med å gjere kvinnekroppen til eit sanningssøkjande omdreiingspunkt for diktargjerninga. Samstundes var kroppen motiv og metafor for opplevinga av samfunnet, naturen, seksualiteten og universet.

Ein feministisk diktar

Dei fleste av dei elleve diktsamlingane til Takvam kombinerte eit veksande internasjonalt sosialt engasjement, ei feministisk innstilling til samlivet mellom kvinner og menn og ei stadig interesse for det menneskeleg nære. Ein kan seie at Takvam i dikta skreiv fram og synleggjorde ei uløyseleg kopling mellom subjektet sine erfaringar og den offentlege sfæren, ei kopling som gjorde det personlege universelt.

Døden og kjærleiken er velkjende lyriske tema hos Takvam. Ekteskapet og kvinna si rolle i samfunnet generelt – og i drabantbyen spesielt – fekk òg stor plass. Likevel var det ikkje byen i seg sjølv som var framandgjerande for henne, men dei spesifikke forventningane til kvinnelege kjønnsroller i byen.

I Takvams første roman, Dansaren (1975), ser vi ei utviding av alle desse temaa og ei problematisering av tradisjonelle verdiar. Romanen peikar på skeive strukturar i samfunnet på ein nyansert, men samstundes direkte og naturalistisk måte. Den tydeleg bifile Fredrik er i eit forhold med ei heterofil kvinne, der han vert skildra som den mest feminine av dei to. Historia problematiserer møtet mellom uortodokse samlivsformer og samfunnet sine kjønnsnormer, og ho endar tragisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2001
  • Bugge, Ragnhild: «Fra tradisjon til modernisme. Lyrikk 1945–1965», i Irene Engelstad, ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistore, bd. 3, 1940–1980. Oslo 1990
  • Grønstøl, Sigrid Bø & Unni Langås: Tanke til begjær : nylesingar i nordisk lyrikk, 2001 («Merke etter liv : Retorikk og kropp i Marie Takvams lyrikk»: 195-221), isbn 82-02-19655-8, Finn boken
  • Moldung, Mona Fåberg: "Marie Takvams feministiske vitalisme" i NLÅ 2005, 151-80
  • NBL 2. utg.
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995, isbn 82-02-15476-6, Finn boken
  • Seiness, Cecilie N.: «Marie Takvam. Med merke etter liv», i Cecilie N. Seiness: Livsmot. Oslo 2001
  • Sørbø, Jan Inge: Frå gamle fjell til magma. Linjer i nynorsk lyrikk. Oslo 2004
  • Vedlegg til Dag og tid nr 39, 24. sept. 1998 (tema: Marie Takvam)
  • Vold, Karin Beate: «'For fred og demokrati' – litterære kvinner i 1940- og 50-årene», i Irene Engelstad, ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistore, bd. 3, 1940–1980. Oslo 1990
  • Øverland, Janneken: «Den vanskelige kjærligheten. Marie Takvams bok Dansaren», i Irene Engelstad og Janneken Øverland: Frihet til å skrive. Artikler om kvinnelitteratur fra Amalie Skram til Cecilie Løveid. Oslo 1981

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg