Vemork kraftstasjon, Rjukan. Av . CC BY NC SA 2.0

tungtvannsaksjonen

Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork, fotografert i 1935. Fabrikken inneheldt verdas største elektrolyseanlegg, der tungtvatn var eit lett tilgjengeleg biprodukt. Sabotasjane mot fabrikken under andre verdeskrigen hadde som mål å hindre at Tyskland fekk tilgang til dette tungtvatnet. Hydrogenproduksjonen på Vemork blei innstilt i 1971 og bygget blei rive i 1977.
Av /Galleri Nor .

Artikkelstart

Tungtvannsaksjonen var ein serie militære sabotasjeaksjonar mot Norsk Hydros anlegg på Rjukan i Telemark under andre verdskrigen. Aksjonane vart utførte av dei allierte og hadde som mål å hindre at Tyskland fekk tilgang til tungtvatn produsert på Rjukan. Tungtvatnet var viktig i atomforsking og i eventuell produksjon av atomvåpen.

Faktaboks

Også kjent som

tungtvassaksjonen

Tungtvannsaksjonen bestod av Operasjon Grouse og Operasjon Freshman, Operasjon Gunnerside (Vemork-aksjonen) og Tinnsjøaksjonen.

Kampen om tungtvatnet kosta totalt 91 menneskeliv. Sabotasjeaksjonen mot Vemork, med kodenamn «Gunnerside», var ein av dei mest berømte under andre verdskrigen. Den viste mellom anna korleis målretta sabotasje skåna sivilbefolkninga samanlikna med flyangrep.

Bakgrunn

I åra like før krigsutbrotet vart det gjort store framsteg innan atomforskinga. I fleire land var det ei gryande erkjenning av at denne nye kunnskapen kunne utnyttast òg i militær hensikt. Både i Storbritannia og Tyskland fanst forskingsmiljø og prosjekt som hadde slike mål.

I denne prosessen var D2O, eller tungtvatn, ein viktig faktor. Norsk Hydro hadde på denne tida Europas einaste regulære produksjon av dette stoffet som eit biprodukt av hydrogenproduksjonen sin. Fabrikken låg på Vemork ved Rjukan.

Okkupasjonen av Noreg

Ved utbrotet av andre verdskrigen prøvde både Storbritannia og Tyskland å sikre seg mest mogleg tungtvatn. Då Noreg vart okkupert endra situasjonen seg dramatisk. Tysk kontroll over produksjonen på Rjukan vart på alliert side sett på med den aller største trusselen.

Då det kom tysk ordre om ein kraftig auke av tungtvassproduksjonen, starta britane planarbeid for å øydeleggje fabrikken og lagera. Professor Leif Tronstad, som kjende anlegget godt og som hadde reist til London og slutta seg til motstandskampen, kunne forsyne britane med livsviktig informasjon.

Operasjon Grouse og Freshman

Frå premiera på filmen Kampen om tungtvannet på Klingenberg kino 2. mai 1948. Frå venstre: Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson - som kong Haakon handhelsar på. Til høgre for han står Arne Kjelstrup.
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Einar Skinnarland, som våren 1942 hadde komme til Storbritannia, vart straks sendt tilbake til sin heimstad for å rekognosere og vere kontaktpunkt. Det vart vedteke å sende inn eit forparti, med kodenamnet operasjon Grouse, leidd av Jens-Anton Poulsson, som seinare skulle ta imot to glidefly med britiske Royal Engineers, med kodenamnet operasjon Freshman.

Dei fire norske lokalkjende Linge-soldatane Jens-Anton Poulsson, Arne Kjelstrup, Knut Haugland og Claus Helberg, blei sloppe ut i fallskjermHardangervidda 18. oktober 1942. Dei var alle frå Rjukan-området og kjende både kvarandre og terrenget godt. Under kodenamnet «Grouse» (rype) skulle dei fire førebu landing på det islagde Møsvatnet for dei to britiske glideflya.

Dei britiske soldatane skulle under kodenamnet «Freshman» ta seg fram til Rjukan og øydeleggje tungtvassanlegget. Bruken av glideflya enda i tragedie. Over Rogaland tok flya til å ise, og koplinga til trekkflyet på det eine glideflyet rauk og flyet styrta sør for Lysefjorden. Trekkflyet kom seg attende til England. Det andre trekkflyet fekk problem og måtte sleppe glideflyet, som landa ved Egersund, medan trekkflyet styrta i Hæstadfjellet.

Alle i trekkflyet omkom, medan ni ingeniørsoldatar frå glidaren som landa sør for Lysefjorden, overlevde. Fem av dei blei seinare avretta i Trandumskogen, og fire andre blei avretta i Stavanger etter omfattande tortur. Alle 14 overlevande frå glideflyet som landa ved Egersund, vart avretta dagen etter landinga. Til saman var det 41 menneske som miste livet i denne mislykka aksjonen.

Dei fire Linge-soldatane i Grouse-gruppa såg ikkje noko til flya som dei skulle ta imot. Dei blei verande på Hardangervidda i påvente av ein ny aksjon mot tungtvassproduksjonen. Ventetida blei lang, og dei sleit med å skaffe seg mat. Dei prøvde etterkvart å overleve på kokt reinlav.

Operasjon Gunnerside

Mesteparten av gruppa frå Operasjon Gunnerside samla i London etter krigen.

Framme frå venstre: Hans Storhaug og Joachim Rønneberg. Bak frå venstre: Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim. Knut Haukelid og Leif Tronstad (begge i England under aksjonen) mangla.

Norsk Industriarbeidermuseum.
Lisens: CC BY NC 2.0

I London blei det etter kvart gitt klarsignal til eit nytt forsøk på å sabotere tungtvassproduksjonen. Seks lokalkjende soldatar frå Kompani Linge, under leiing av Joachim Rønneberg, skulle sleppast ut i fallskjerm i nærleiken av hytta der Grouse-gruppa hadde slått leir. Dei andre i denne gruppa var Knut Haukelid, Kasper Idland, Birger Strømsheim, Hans Storhaug og Fredrik Kayser. Gruppa fekk kodenamn Gunnerside.

Saman skulle Rønneberg si gruppe, Gunnerside, og Jens-Anton Poulsson si gruppe, Grouse, stå for aksjonen mot tungtvassanlegget. Grouse-gruppa blei ein del av Gunnerside-gruppa, framleis med Rønneberg som sjef, og med Jens-Anton Poulsson som nestsjef. Aksjonen blei gjennomført i britisk uniform for å hindre represaliar mot sivile på Rjukan.

Dei til saman ni sabotørane delte seg i to grupper. Den fyrste gruppa var ei sikringsgruppe som skulle halde vakt og eventuelt uskadeleggjere tyskarar som måtte prøve å hindre sprenginga. Sikringsgruppa blei leia av Knut Haukelid, og med Jens-Anton Poulsson, Claus Helberg, Arne Kjelstrup og Hans Storhaug som medlemer. Den andre gruppa skulle trengje inn i anlegget og stå for sjølve sprenginga. Denne gruppa blei leia av Joachim Rønneberg, og hadde Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim som medlemer.

Claus Helberg hadde rekognosert og konkludert med at det var mogleg for sabotørane å ta seg usett ned i juvet og over elva Måna. Dei starta 27. februar 1943 klokka 20.00 og var på plass ved fabrikken klokka 23.30. 15 tyskarar var vakt ved anlegget, og dei heldt til i ei vaktbu. Klokka 00.30 kutta sabotørane kjettingen på porten inn til fabrikken. Dei kom seg inn i kjellaren langs eit kabelinntak. Dei la ut 4,5 kilos sprengladningar langs produksjonsanlegget for tungtvatn, og dei opphavelege to minutts luntene blei kutta med til 30 sekund for at dei skulle vere sikre på at anlegget blei sprengt. Dei kom seg ut av kjellaren før det small.

Heile aksjonen var over på 30 minutt, ingen skot blei løyst, og sabotørane gjekk same vegen tilbake. Det var skareføre innover fjellet og skispora deira viste difor ikkje. Ei gruppe på fem mann, Gunnerside-gruppa minus Knut Haukelid, starta så på ein 14 dagars skitur til Sverige. Planen var å gå mest om natta, men det blei for slitsamt. Difor valde dei å gå til fjells på dagtid, og så krysse dei store dalføra om natta.

Risikoen for å møte skiløparar var stor, særleg då dei kryssa dalane. Dei jakta òg på mat, og tok seg inn på hytter og tok med seg den provianten dei fann. Dei blei ikkje oppdaga, og i ettertid har Rønneberg kalla den lange turen «ein uvanleg vinterferie». Torsdag 18. mars klokka 20.15 passerte dei grensa til Sverige og var trygge.

Operasjon Gunnerside var spektakulært på alle måtar og fekk stor publisitet utan at den fulle betydninga vart røpt. Sabotørane sjølv vart rikeleg dekorerte for innsatsen sin. På tysk side vart det sett inn store styrkar for å arrestere dei skuldige, men utan resultat.

Bombinga av Vemork

Nokre månader etter operasjon Gunnerside var produksjonen i gang igjen på Vemork, og dei allierte bestemde seg då for å bombe fabrikken. Motstandsmannen og professoren Leif Tronstad, som hadde vore med på å planleggje store delar av tungtvassaksjonen, åtvara mot bombing. Han meinte at bombene ikkje kunne kome nær nok produksjonsanlegget i kjellaren i den solide steinbygningen.

16. november 1943 kom 161 amerikanske B-17 bombefly inn over området med Rjukan som mål. Flya sleppte 711 bomber over Rjukan, der over 600 av dei bomma på fabrikken der tungtvatnet blei produsert. 21 sivile vart drepne. Fire bomber trefte kraftstasjonen, og to bomber trefte hydrogenfabrikken der tungtvassproduksjonen gjekk føre seg. Bombene hadde liten effekt på kjellaren, der elektrolyseapparata stod, men ein enkelt splint trefte ei tungtvasscelle, og 60 kilo tungtvatn gjekk tapt. Produksjonen vart stansa i nesten fire månader, men var tilbake i full effekt etter denne perioden.

Tinnsjøaksjonen

DF «Hydro» ved Mæl fergekai ved Tinnsjø (foto: 1925). Ferga blei senka under ein sabotasjeaksjon 20. februar 1944.
Av .

Tyskarane vedtok å stanse vidare produksjon av tungtvatn i Noreg og gjorde førebuingar til å føre anlegget og restbehaldninga av tungtvatn som inneheldt lut til Tyskland. Lasta skulle fraktast over Tinnsjø med ferja D/F «Hydro». Under leiing av Linge-soldaten Knut Haukelid blei det planlagt ein sabotasjeaksjon mot ferja. Ordren om å søkkje skipet kom frå høgaste hald i London.

20. februar 1944 gjekk Knut Haukelid og Knut Lier-Hansen frå det lokale Milorg om bord i ferja på sein kveldstid og fekk plassert ei tidsinnstilt sprengladning nede i ferja. Den lokale motstandsmannen Rolf Sørlie heldt vakt, og dei få tyske vaktene som var der, oppdaga ingenting. På det djupaste av Tinnsjøen kom eksplosjonen, som gjorde at ferja gjekk ned. 14 nordmenn og fire tyskarar omkom i samband med senkinga av ferja. Sabotørane kom seg også denne gongen unna utan å bli oppdaga og utan å ha løyst eit einaste skot. Etter denne sabotasjeaksjonen flytta tyskarane heile tungtvassproduksjonen til Tyskland.

I ettertid blei det stilt spørsmål om tyskarane hadde fått vite om sabotasjeaksjonen, og at dei hadde bytt ut tungtvasstønnene med vanlege vasstønner. Nokre få av tønnene var berre halvfulle og flaut opp, og desse tønnene blei sende til Tyskland. I 1993 blei ei av tungtvasstønnene henta opp frå botnen av Tinnsjøen, og innhaldet blei analysert av fagfolk. Konklusjonen var at det var tungtvatn i tønnene.

Deltakarar

I tillegg til leiarane Joachim Rønneberg, Einar Skinnarland, Jens-Anton Poulsson og Knut Haukelid var følgjande med på aksjonen: Knut Magne Haugland, Claus Helberg, Arne Kjelstrup, Kasper Idland, Fredrik Kayser, Hans Storhaug og Birger Strømsheim. Rolf Sørlie og Knut Lier-Hansen var med under aksjonen mot ferja. Leif Tronstad og Jomar Brun var med på å organisere aksjonen frå London.

Dei fekk sjølvsagt alle dei heidersmedaljar som både Noreg, Storbritannia, USA og Frankrike hadde å tilby for slik innsats. Rønneberg, Poulsson, Haugland og Haukelid blei alle heidra med den høgaste norske ordenen, Krigskorset med sverd. Alle fekk òg St. Olavsmedaljen med eikegrein, Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje, den britiske heideren Distinguished Service Order, den franske Æreslegionen og den amerikanske Medal of Freedom med sølvpalme.

Filmatiseringar

Tungtvannsaksjonen er filmatisert fleire gonger; den norsk-franske Kampen om tungtvannet (1948), der fleire av sabotørane spela seg sjølve, og den amerikanske The Heroes of Telemark (1965), med Kirk Douglas i hovudrolla.

NRK sin TV-serie Kampen om tungtvannet i seks delar frå 2015 er ei nyare innspeling, regissert av Per Olav Sørensen. I denne versjonen vart scener frå det tyske arbeidet med å førebu ei atombombe fletta inn. Serien blei svært godt motteken og sette rekord i sjåartal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brun, Jomar: Brennpunkt Vemork 1940–1945, Universitetsforlaget, 1985
  • Haukelid, Knut: Kampen om tungtvannet, 1965
  • Lium, Tom: Tungtvannssabotørenes retrett 1943. 600 kilometer på ski fra Vemork til Sverige, Ares Forlag, 2021
  • Lunde, Kjell Harald: Sabotøren. Et portrett av mennesket og krigshelten Fredrik Kayser, 1997
  • Myklebust, Gunnar: Tungtvannssabotøren: Joachim H. Rønneberg – Linge-kar og fjellmann, Aschehoug, 2011.
  • Njølstad, Olav: Professor Tronstads krig: 9. april 1940–11. mars 1945, Aschehoug, 2012
  • Poulsson, Jens-Anton: Tungtvannssabotasjen: Kappløpet om Atombomben 1942–1945, Antisabotasje 1944–1945, Orion, 2006.
  • Sæter, Svein: Operatøren. Knut Hauglands egen beretning, 2008
  • Ueland, Asgeir: Tungtvannsaksjonen: Historien om den største sabotasjeoperasjonen på norsk jord, Gyldendal, 2013

Kommentarer (2)

skrev Olav Bakken

I denne artikkelen står det følgende: «Vemork-stasjonen ble ødelagt 27. feb. 1943.» – Ifølge min informant Asgeir Ueland (asgeiru@gmail.com), som om kort tid er ute med en bok om emnet, ble Vemork-anlegget sprengt ca. kl. 01.00 natt til lørdag 28. februar 1943. Som notetekst til denne passasjen anfører han «Jens-Anton Poulsson: Tungtvannsoperasjonen s. 110.»Selve aksjonen startet riktignok den 27., men sabotørene ventet på vaktskiftet ved midnatt for å trenge inn i selve bygningen og plassere sprengstoffet.

svarte Marte Ericsson Ryste

Hei,Takk for innspill til artikkelen! Fagansvarlig Norges Hjemmefrontmuseum har rettet i teksten.Vennlig hilsen Marte Ericsson RysteRedaksjonen

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg