Vemork kraftstasjon, Rjukan. Av . CC BY NC SA 2.0

tungtvannsaksjonene

Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork, fotografert i 1935. Fabrikken inneheldt verdas største elektrolyseanlegg, der tungtvatn var eit lett tilgjengeleg biprodukt. Sabotasjane mot fabrikken under andre verdeskrigen hadde som mål å hindre at Tyskland fekk tilgang til dette tungtvatnet. Hydrogenproduksjonen på Vemork blei innstilt i 1971 og bygget blei rive i 1977.
Av /Galleri Nor .

Artikkelstart

Tungtvannsaksjonene var ein serie militære sabotasjeaksjonar mot Norsk Hydros anlegg på Rjukan i Telemark under andre verdskrigen i tida frå november 1942 og fram til februar 1944. Dei fleste av dei var militære spesialoperasjoner, og aksjonane vart utførte av allierte myndigheter for å hindre at Hitler-Tyskland fekk tilgang til tungtvatn produsert på Rjukan. Tungtvatnet var viktig i atomforsking, og dei allierte frykta at det norske tungtvatnet ville kunne nyttast til å utvikle tyske atomvåpen.

Faktaboks

Også kjent som

tungtvassaksjonen

Tungtvannsaksjonene bestod av Operasjon Grouse (med oppstart 18. oktober 1942) og Operasjon Freshman (19. november 1942), Operasjon Gunnerside, også kjend som «Vemork-aksjonen» (16. februar til 18. mars 1943), samt Tinnsjøaksjonen (20. februar 1944).

Kampen om tungtvatnet kosta totalt 91 menneskeliv. Sabotasjeaksjonen mot Vemork, med kodenamn «Gunnerside», vart utførd natt til 28. februar 1943 og var ein av dei mest berømte under andre verdskrigen. Den viste mellom anna korleis målretta sabotasje skåna sivilbefolkninga samanlikna med flyangrep.

Bakgrunn

Professor Leif Tronstad, som kjende anlegget godt, og som hadde reist til London og slutta seg til motstandskampen, kunne forsyne britane med viktig informasjon. Leif Tronstad i indre Telemark vinteren 1945.

Leif Tronstad
Av /NTB Scanpix ※.

I åra like før krigsutbrotet vart det gjort store framsteg innan atomforskinga. I fleire land var det ei gryande erkjenning av at denne nye kunnskapen kunne utnyttast òg i militær hensikt. Både i Storbritannia og Tyskland fanst forskingsmiljø og prosjekt som hadde slike mål.

I denne prosessen var D2O, eller tungtvatn, ein viktig faktor. Norsk Hydro hadde på denne tida Europas einaste regulære produksjon av dette stoffet som eit biprodukt av hydrogenproduksjonen sin. Fabrikken låg på Vemork ved Rjukan.

Okkupasjonen av Noreg

Ved utbrotet av andre verdskrigen hausten 1939 prøvde både Storbritannia og Tyskland å sikre seg mest mogleg tungtvatn. Då Noreg vart okkupert i april 1940, endra situasjonen seg dramatisk. Tysk kontroll over produksjonen på Rjukan vart på alliert side sett på som den aller største trusselen.

Då det kom tysk ordre om ein kraftig auke av tungtvassproduksjonen, starta britane planarbeid for å øydeleggje fabrikken og lagera. Professor Leif Tronstad, som kjende anlegget godt, og som hadde reist til London og slutta seg til motstandskampen, kunne forsyne britane med viktig informasjon.

Operasjon Grouse og Freshman

Jens-Anton Poulsson leia Operasjon Grouse.

Av /NTB Scanpix.

Einar Skinnarland, som våren 1942 hadde komme til Storbritannia, vart straks sendt tilbake til sin heimstad for å rekognosere og vere kontaktpunkt. Det vart vedteke å sende inn eit forparti, med kodenamnet operasjon Grouse, leidd av Jens-Anton Poulsson, som seinare skulle ta imot to glidefly med britiske Royal Engineers, med kodenamnet operasjon Freshman.

Dei fire norske lokalkjende Linge-soldatane Jens-Anton Poulsson, Arne Kjelstrup, Knut Haugland og Claus Helberg blei sloppe ut i fallskjermHardangervidda 18. oktober 1942. Dei var alle frå Rjukan-området og kjende både kvarandre og terrenget godt. Under kodenamnet «Grouse» (rype) skulle dei fire førebu landing på det islagde Møsvatnet for dei to britiske glideflya.

Dei britiske soldatane skulle under kodenamnet «Freshman» ta seg fram til Rjukan og øydeleggje tungtvassanlegget. Glideflya og dei to trekkflya tok av frå Storbritannia natt til 19. november, men operasjonen enda i tragedie. Over Rogaland tok flya til å ise; koplinga frå trekkflyet til det eine glideflyet rauk, og glidaren styrta sør for Lysefjorden. Trekkflyet kom seg attende til England. Det andre trekkflyet fekk også problem og måtte likeeins sleppe glideflyet, som landa ved Egersund, medan trekkflyet styrta i Hæstadfjellet.

Alle i trekkflyet omkom, medan ni ingeniørsoldatar frå glidaren som landa sør for Lysefjorden, overlevde. Fem av dei blei seinare avretta i Trandumskogen, og fire andre blei avretta i Stavanger etter omfattande tortur. Alle dei 14 overlevande frå glideflyet som landa ved Egersund, vart avretta dagen etter landinga. Til saman var det 41 menneske som miste livet i denne mislykka aksjonen.

Dei fire Linge-soldatane i Grouse-gruppa såg ikkje noko til flya som dei skulle ta imot. Dei blei verande på Hardangervidda i påvente av ein ny aksjon mot tungtvassproduksjonen. Ventetida blei lang, og dei sleit med å skaffe seg mat. Dei prøvde etterkvart å overleve på kokt reinlav.

Operasjon Gunnerside

Mesteparten av gruppa frå Operasjon Gunnerside samla i London etter krigen.

Framme frå venstre: Hans Storhaug og Joachim Rønneberg. Bak frå venstre: Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim. Knut Haukelid og Leif Tronstad (begge i England under aksjonen) mangla.

Norsk Industriarbeidermuseum.
Lisens: CC BY NC 2.0

I slutten av november 1942, berre få dagar etter katastrofen med Freshman, blei det gitt klarsignal til eit nytt forsøk på å sabotere tungtvassproduksjonen. Den nye aksjonsgruppa, som var seks lokalkjende soldatar frå Kompani Linge, under leiing av Joachim Rønneberg, skulle sleppast ut i fallskjerm i nærleiken av hytta der Grouse-gruppa hadde slått leir. Dei andre var Knut Haukelid, Kasper Idland, Birger Strømsheim, Hans Storhaug og Fredrik Kayser. Gruppa fekk kodenamn Gunnerside. Jens-Anton Poulsson si gruppe, Grouse, skulle slutte seg til Gunnerside-gruppa, som vart slept ut over Hardangervidda natt til 17. februar 1943 etter eit mislykka tokt 22. januar.

Dei til saman ni sabotørane delte seg i to grupper. Den fyrste gruppa var ei sikringsgruppe som skulle halde vakt og eventuelt uskadeleggjere tyskarar som måtte prøve å hindre sprenginga. Sikringsgruppa blei leia av Knut Haukelid, med Jens-Anton Poulsson, Claus Helberg, Arne Kjelstrup og Hans Storhaug som medlemer. Den andre gruppa skulle trengje inn i anlegget og stå for sjølve sprenginga. Denne gruppa blei leia av Joachim Rønneberg, og hadde Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim som medlemer. Aksjonen med Rønneberg som sjef og med Jens-Anton Poulsson som nestsjef blei gjennomført i britisk uniform for å hindre represaliar mot sivile på Rjukan.

Aksjonsdagen vart sett til 27. februar. Claus Helberg hadde rekognosert og konkludert med at det var mogleg for sabotørane å ta seg usett ned i juvet og over elva Måna. Dei starta klokka 20.00 og var på plass ved fabrikken klokka 23.30. 15 tyskarar var vakt ved anlegget, og dei heldt til i ei vaktbu. Klokka 00.30 kutta sabotørane kjettingen på porten inn til fabrikken. Dei kom seg inn i kjellaren langs eit kabelinntak. Dei la ut 4,5 kilos sprengladningar langs produksjonsanlegget for tungtvatn, og dei opphavelege to minutts luntene blei kutta med til 30 sekund for at dei skulle vere sikre på at anlegget blei sprengt. Dei kom seg ut av kjellaren før det small.

Heile aksjonen var over på 30 minutt, ingen skot blei løyst, og sabotørane gjekk same vegen tilbake. Det var skareføre innover fjellet, og skispora deira viste difor ikkje. Ei gruppe på fem mann, Gunnerside-gruppa minus Knut Haukelid, starta så på ein 14 dagars skitur til Sverige. Planen var å gå mest om natta, men det blei for slitsamt. Difor valde dei å gå til fjells på dagtid, og så krysse dei store dalføra om natta.

Risikoen for å møte skiløparar var stor, særleg då dei kryssa dalane. Dei jakta òg på mat, og tok seg inn på hytter og tok med seg den provianten dei fann. Dei blei ikkje oppdaga, og i ettertid har Rønneberg kalla den lange turen «ein uvanleg vinterferie». Torsdag 18. mars klokka 20.15 passerte dei grensa til Sverige og var trygge.

Operasjon Gunnerside var spektakulært på alle måtar og fekk stor publisitet utan at den fulle betydninga vart røpt. Sabotørane sjølv vart rikeleg dekorerte for innsatsen sin. På tysk side vart det sett inn store styrkar for å arrestere dei skuldige, men utan resultat.

Bombinga av Vemork

Vemork kraftverk fotografert få år etter krigen, i 1947 eller 1948. Hydrogenfabrikken (foran, midt i bildet) ble sprengt under aksjonen. Bygget ble revet i 1977.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Nokre månader etter operasjon Gunnerside var produksjonen i gang igjen på Vemork, og dei allierte bestemde seg då for å bombe fabrikken. Motstandsmannen og professoren Leif Tronstad, som hadde vore med på å planleggje store delar av tungtvassaksjonen, åtvara mot bombing. Han meinte at bombene ikkje kunne kome nær nok produksjonsanlegget i kjellaren i den solide steinbygningen.

16. november 1943 kom 161 amerikanske B-17 bombefly inn over området med Rjukan som mål. Flya sleppte 711 bomber over Rjukan, og over 600 av dei bomma på fabrikken der tungtvatnet blei produsert. 21 sivile vart drepne. Fire bomber trefte kraftstasjonen, og to bomber trefte hydrogenfabrikken der tungtvassproduksjonen gjekk føre seg. Bombene hadde liten effekt på kjellaren, der elektrolyseapparata stod, men ein enkelt splint trefte ei tungtvasscelle, og 60 kilo tungtvatn gjekk tapt. Produksjonen vart stansa i nesten fire månader, men var tilbake i full effekt etter denne perioden.

Tinnsjøaksjonen

DF «Hydro» ved Mæl fergekai ved Tinnsjø (foto: 1925). Ferga blei senka under ein sabotasjeaksjon 20. februar 1944.
Av .

Tyskarane vedtok å stanse vidare produksjon av tungtvatn i Noreg og gjorde førebuingar til å føre anlegget og restbehaldninga av tungtvatn som inneheldt lut til Tyskland. Lasta skulle fraktast over Tinnsjø med ferja D/F «Hydro». Under leiing av Linge-soldaten Knut Haukelid blei det planlagt ein sabotasjeaksjon mot ferja. Ordren om å søkkje skipet kom frå høgaste hald i London.

20. februar 1944 gjekk Knut Haukelid og Knut Lier-Hansen frå det lokale Milorg om bord i ferja på sein kveldstid og fekk plassert ei tidsinnstilt sprengladning nede i ferja. Den lokale motstandsmannen Rolf Sørlie heldt vakt, og dei få tyske vaktene som var der, oppdaga ingenting. På det djupaste av Tinnsjøen kom eksplosjonen, som gjorde at ferja gjekk ned. 14 nordmenn og fire tyskarar omkom i samband med senkinga av ferja. Sabotørane kom seg også denne gongen unna utan å bli oppdaga og utan å ha løyst eit einaste skot. Etter denne sabotasjeaksjonen flytta tyskarane heile tungtvassproduksjonen til Tyskland.

I ettertid blei det stilt spørsmål om tyskarane hadde fått vite om sabotasjeaksjonen, og at dei hadde bytt ut tungtvasstønnene med vanlege vasstønner. Nokre få av tønnene var berre halvfulle og flaut opp, og desse tønnene blei sende til Tyskland. I 1993 blei ei av tungtvasstønnene henta opp frå botnen av Tinnsjøen, og innhaldet blei analysert av fagfolk. Konklusjonen var at det var tungtvatn i tønnene.

Deltakarar

Frå premiera på filmen Kampen om tungtvannet på Klingenberg kino 2. mai 1948. Frå venstre: Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson – som kong Haakon handhelsar på. Til høgre for han står Arne Kjelstrup.
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

I tillegg til leiarane Joachim Rønneberg, Einar Skinnarland, Jens-Anton Poulsson og Knut Haukelid var følgjande med på aksjonane: Knut Magne Haugland, Claus Helberg, Arne Kjelstrup, Kasper Idland, Fredrik Kayser, Hans Storhaug og Birger Strømsheim. Rolf Sørlie og Knut Lier-Hansen var med under aksjonen mot ferja. Leif Tronstad og Jomar Brun var med på å organisere aksjonen frå London.

Dei fekk alle dei heidersmedaljar som både Noreg, Storbritannia, USA og Frankrike hadde å tilby for slik innsats. Rønneberg, Poulsson, Haugland og Haukelid blei alle heidra med den høgaste norske ordenen, Krigskorset med sverd. Alle fekk òg St. Olavsmedaljen med eikegrein, Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje, den britiske heideren Distinguished Service Order, den franske Æreslegionen og den amerikanske Medal of Freedom med sølvpalme.

Filmatiseringar

Tungtvannssabotasjen er filmatisert fleire gonger; den norsk-franske Kampen om tungtvannet (1948), der fleire av sabotørane spela seg sjølve, og den amerikanske The Heroes of Telemark (1965), med Kirk Douglas i hovudrolla.

NRK sin TV-serie Kampen om tungtvannet i seks delar frå 2015 er ei nyare innspeling, regissert av Per Olav Sørensen. I denne versjonen vart scener frå det tyske arbeidet med å førebu ei atombombe fletta inn. Serien blei svært godt motteken og sette rekord i sjåartal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brun, Jomar: Brennpunkt Vemork 1940–1945, Universitetsforlaget, 1985
  • Haukelid, Knut: Kampen om tungtvannet, 1965
  • Lium, Tom: Tungtvannssabotørenes retrett 1943. 600 kilometer på ski fra Vemork til Sverige, Ares Forlag, 2021
  • Lunde, Kjell Harald: Sabotøren. Et portrett av mennesket og krigshelten Fredrik Kayser, 1997
  • Myklebust, Gunnar: Tungtvannssabotøren: Joachim H. Rønneberg – Linge-kar og fjellmann, Aschehoug, 2011.
  • Njølstad, Olav: Professor Tronstads krig: 9. april 1940–11. mars 1945, Aschehoug, 2012
  • Poulsson, Jens-Anton: Tungtvannssabotasjen: Kappløpet om Atombomben 1942–1945, Antisabotasje 1944–1945, Orion, 2006.
  • Sæter, Svein: Operatøren. Knut Hauglands egen beretning, 2008
  • Ueland, Asgeir: Tungtvannsaksjonen: Historien om den største sabotasjeoperasjonen på norsk jord, Gyldendal, 2013

Kommentarer (2)

skrev Olav Bakken

I denne artikkelen står det følgende: «Vemork-stasjonen ble ødelagt 27. feb. 1943.» – Ifølge min informant Asgeir Ueland (asgeiru@gmail.com), som om kort tid er ute med en bok om emnet, ble Vemork-anlegget sprengt ca. kl. 01.00 natt til lørdag 28. februar 1943. Som notetekst til denne passasjen anfører han «Jens-Anton Poulsson: Tungtvannsoperasjonen s. 110.»Selve aksjonen startet riktignok den 27., men sabotørene ventet på vaktskiftet ved midnatt for å trenge inn i selve bygningen og plassere sprengstoffet.

svarte Marte Ericsson Ryste

Hei,Takk for innspill til artikkelen! Fagansvarlig Norges Hjemmefrontmuseum har rettet i teksten.Vennlig hilsen Marte Ericsson RysteRedaksjonen

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg