Rjukan er ein tettstad i Tinn kommune i Vestfold og Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,6 km², og har 3003 innbyggjarar (2022).
Rjukan er administrasjonssenter i Tinn kommune, og ligg i Vestfjorddalen ved foten av Gausta. Rjukan har bystatus etter kommunalt eigenvedtak i 1996.
Tettstaden har langstrekt, regulert busetnad med fabrikkane på sørsida av elva Måna.
Da Norsk Hydro byrja kraft- og industriutbygginga i 1907, låg det berre nokre få gardsbruk i dalen. I 1910 hadde staden rundt 2200 innbyggjarar og i 1920 hadde talet auka til 8350. Seinare varierte innbyggjartalet ein del. Då nedgangen sette inn i 1960, med overføring av store delar av Hydros verksemd til Herøya, var innbyggjartalet 6540. Ulike tiltak har ført til nye arbeidsplassar innanfor verkstadsindustri, plastvareindustri, tekstil- og klesindustri m.m. i tillegg til den tradisjonelle kjemiske industrien.
På grunn av den aust-vestlege retninga i dalen og høge fjell mot sør er Rjukan utan sol frå 2. oktober til 12. mars. For å gi befolkninga vintersol blei det i 2013 oppført ein heliostat som har tre separate speglar på 5 x 8 meter i 900 meters høgd på nordsida av dalen. Solspegelen er retta mot torget i byen.
Rjukan har vidaregåande skule. Rjukan Arbeiderblad kjem ut fem dagar i veka.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.