Hausten 1942 vart Rønneberg trekt inn i planlegginga av aksjonar mot tungtvassproduksjonen på Vemork ved Rjukan. Han vart utpeika som leiar for sabotasjegruppa som fekk kodenamnet Gunnerside, som skulle prøve å sprengje sjølve anlegget. Eit britisk forsøk (Freshman) hadde slått feil i november 1942. Eit forparti – Swallow/Grouse – var allereie sendt over for å førebu aksjonen.
Midt i februar 1943 hoppa Rønneberg og resten av gruppa Gunnerside ut over Hardangervidda i fallskjerm og slutta seg til forpartiet, som allereie hadde lege på vidda ei tid. Saman gjorde dei seg klare for det endelige framstøtet mot anlegget på Vemork.
Natta mellom 27. og 28. februar leia fenrik Rønneberg sjølve angrepet. Dei tok seg ned til tungtvassfabrikken utan å verte oppdaga, der sprengingsgruppa tok seg inn i fabrikken og fekk plassert ladningane og tent lunta. Dei kom seg òg usette ut att og i skjul før eksplosjonen utløyste alarmen. Ingen skot vart avfyrt frå sabotørane si side. Eksplosjonen sette anlegget ut av drift i fleire månader. Den godt planlagte og dristig gjennomførte aksjonen fekk ein viktig symboleffekt.
Etter aksjonen kom dei seg opp på fjellet att, og Gunnerside-gruppa gjennomførte ein 14 dagars skitur til Sverige i temperaturar ned mot –20 °C. Frå Sverige kom dei seg raskt tilbake til Storbritannia. Heller ikkje på denne turen vart dei oppdaga, og heile oppdraget vart gjennomført slik det var planlagt. Nyheita om aksjonen gjekk over heile den frie verda utan at betydninga av ho kunne avslørast i full breidde. På alliert hald vart sprenginga av tungtvassfabrikken på Rjukan karakterisert som den mest perfekt gjennomførte sabotasjeaksjonen i okkupert område under heile krigen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.