I Noreg er Maurits Hansens Mordet paa Maskinbygger Roolfsen frå 1839–1840 eit tidleg døme på sjangeren. Det var først med Rudolf Muus, Øvre Richter Frich og Sven Elvestad (med pseudonymet Stein Riverton) i åra omkring første verdskrigen at krim verkeleg vart ein viktig sjanger, både når det gjeld produktivitet, opplagstal og kvalitet. Elvestads Jernvognen frå 1909 blir framleis rekna som ein av dei beste norske kriminalbøkene, men det finst mange andre som er lesverdige den dag i dag, blant dei nesten 100 kriminalromanane han skreiv. Alf Bonnevie Bryn (Peter van Heeren) og Detektiv-magasinet med politihelten Knut Gribb bør også nemnast. Øvre Richter Frich er ein av dei mest produktive forfattarane som bidrog til norsk kriminallitteraturs dominans i Skandinavia i mellomkrigstida. Med nokre få spennande romanar under psevdonymet Max Mauser markerte også Jonas Lie (barnebarnet til den store diktaren) seg.
Åra under andre verdskrigen markerer eit oppsving for norsk krim, men frå denne perioden er det eit par forfattarar som skil seg ut, fordi dei beste bøkene deira er for klassikarar å rekne i norsk krim: Torolf Elster, særleg Historien om Gottlob frå 1941, og André Bjerke, som under psevdonymet Bernhard Borge gav ut sin første kriminalroman, Nattmennesket, i 1941, etterfølgd av mellom anna De dødes tjern frå 1942 og Døde menn går i land frå 1947. Også Arthur Omre skreiv krim, men det er få eller ingen forfattarar eller bøker frå tida etter krigen og fram til 1960-talet som har sett avgjerande spor etter seg. Lalli og Fridtjof Knutsen skreiv krim både saman og kvar for seg, men klassikarstatus innanfor detektivsjangeren fekk Gerd Nyquist, først og fremst med bøkene Avdøde ønsket ikke blomster frå 1960 og Stille som i graven frå 1966.
Nyquist vart den første presidenten i Rivertonklubben då han vart etablert i 1972, og frå midten av dette tiåret voks norsk kriminallitteratur i omfang og kvalitet til nivå som ikkje var sett før. Tor Edvin Dahl skreiv ein serie med politiromanar, Gunnar Staalesen debuterte med ein politiroman og innførte så privatetterforskaren Varg Veum, som har vore aktiv i nye bøker meir enn 30 år. Jon Michelet og fleire andre bidrog til ein meir politisk og samfunnsoppteken krim, og for første gong etablerte ei rekkje forfattarar seg som reine krim- og spenningsforfattarar av alt frå politiromanar til agent- og spionromanar og reine thrillerar. Desse forfattarane fekk følgje av mange nye som heldt seg til sjangeren, men den store nye tilveksten etter oppblomstringa til 1970-talet kom først på 1990-talet.
I lista nedanfor blir det nemnt eit utval norske krimforfattarar som er aktive i dag. Stadig nye namn dukkar opp i denne sjangeren, som er uhyre populær hos lesarane, og som står for ein usedvanleg høg del av boksalet i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.