Faktaboks

Camilla Läckberg

Jean Edith Camilla Läckberg Sköld

Fødd
30. august 1974, Fjällbacka, Bohuslän, Sverige
Camilla Läckberg
Camilla Läckberg
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Camilla Läckberg er ein svensk forfattar. Ho har hatt stor suksess med ei rekkje kriminalromanar frå den idylliske staden Fjällbacka på vestkysten av Sverige. Her løyser forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström saman mordgåter, ofte med eit historisk tilsnitt. Läckberg har også gitt ut barnebokserien om Super-Charlie, illustrert av Millis Sarri.

Bøkene hennar er omsette til nærare 40 språk og har selt i mange millionar eksemplar. Fleire av bøkene er filmatiserte for svensk fjernsyn, og alle er omsette til norsk.

Kriminalromanane er utgangspunkt for tv-serien Fjällbackamorden (2012).

Bøker i serien om Erika Falck og Patrik Hedström

  • 2002: Isprinsessan (Isprinsessen)
  • 2004: Predikanten
  • 2005: Stenhuggaren (Steinhuggeren)
  • 2006: Olycksfågeln (Ulykkesfuglen)
  • 2007: Tyskungen (Tyskerungen)
  • 2008: Sjöjungfrun (Havfruen)
  • 2009: Fyrvaktaren (Fyrvokteren)
  • 2011: Änglamakerskan (Englemakersken)
  • 2015: Lejontämjaren (Løvetemmeren)
  • 2017: Häxan (Heksen)

Bøker i serien om Super-Charlie

  • 2011: Super-Charlie
  • 2012: Super-Charlie och gosedjurstjuven (Super-Charlie og kosedyrtyven)
  • 2013: Super-Charlie och mormormysteriet (Super-Charlie og mormormysteriet)

Andre utgivingar

  • 2006: Snöstorm og mandeldoft — kortroman (Snøstorm og mandelduft)
  • 2008: Smakar från Fjällbacka — kokebok, saman med Christian Hellberg
  • 2011: Fest, mat & kärlek kokebok, saman med Christian Hellberg

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenkje:

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg