Kjartan Fløgstad

Faktaboks

Kjartan Fløgstad
Født
7. juni 1944, Sauda

Kjartan Fløgstad

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Kjartan Fløgstad er ein norsk forfattar. Han er ein av dei mest sentrale prosaforfattarane i nyare norsk litteratur. Han er mest kjent for romanane sine om norsk industrikultur knytt til smelteverket i «Lovra», som er ein fiksjonalisert variant av Sauda, der Fløgstad vaks opp. Forfattarskapen er usedvanleg rikt og variert, og omfattar lyrikk, noveller, ei lang rekkje romanar, krimromanar, essaysamlingar og ulike former for sakprosa. Fløgstad har motteke ei rekkje prisar, inkludert Nordisk Råds litteraturpris, Brageprisen og Kritikerprisen.

Bakgrunn

Fløgstad er fødd i Sauda i Rogaland. Han studerte ei tid arkitektur ved NTH i Trondheim. Seinare studerte han litteratur og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Ved sidan av den akademiske bakgrunnen er arbeidserfaringa frå Sauda smelteverk og arbeidet som sjømann viktig for forfattarskapen. Fløgstad utnyttar både si breie litterære lesing og kunnskapane sine om arbeidsprosessar i diktinga. Litterært er Fløgstad ein av dei fremste forteljarane i norsk litteratur, og han er ein usedvanleg oppfinnsam og leiken stilist. Han kombinerer ei litterær arv frå avantgardistisk modernisme med karnevalisme og samfunnskritisk realisme.

Dikt og prosa

Fløgstad sine to første bøker, diktsamlingane Valfart (1968) og Seremoniar (1969), viser påverknad frå symbolismen, og blei etterfølgt av gjendiktingane Pablo Neruda. Dikt i utval (1973) og Litteratur i revolusjonen. Dikt frå Cuba (1973). Dikt og spelemannsmusikk 1968–1993 (1993) samlar desse bøkene, lause dikt og gjendiktingar, samt dei mange dikta som inngår i Fløgstad sine romanar. Prosaforfattarskapen blei innleia med Den hemmelege jubel (1970) og Fangliner (1972), før romandebuten kom med Rasmus (1974). Etter to kriminalromanar, Døden ikke heller (1975; gitt ut under pseudonymet K. Villun) og Ein for alle (1976; gitt ut under pseudonymet K. Villun),

Gjennombrotsromanane

Fløgstad fekk det store gjennombrotet sitt med Dalen Portland (1977; Nordisk råds litteraturpris 1978), ei rik skildring av utviklinga i det norske etterkrigssamfunnet, konsentrert om den fiktive industristaden Lovra. Med foreininga si av poesi og sosial satire, folkeleg forteljarkunst og historiekunnskap, representerer boka ei markant fornying av den moderne politiske romanen i Noreg. Deretter følgde Fyr og flamme (1980, Kritikerprisen), ein ny Lovra-roman, breiare i anslaget sitt, der Fløgstad hentar inspirasjon så vel frå François Rabelais som den latinamerikanske magiske realismen, og finn ei grensesprengjande litterær uttrykksform for nordmenns erfaringar på 1900-talet.

U 3 (1983) er ein strammare politisk roman som tek utgangspunkt i faktiske hendingar i norsk militærpolitikk, medan Det 7. klimaet (1986) til gjengjeld er eit av dei dristigaste prosaverka i nyare norsk litteratur. Handlinga er lagt til ei nær framtid, og har form av ein fiktiv biografi over innvandraren Salim Mahmood og livsløpet hans i Media Thüle. I romanen blir klargjord utviklinga i mediesamfunnet og den postmoderne tilstanden i ein litterær vev som spenner frå burlesk satire til essayistikk.

I Kniven på strupen (1991) vender Fløgstad tilbake til eit Lovra i teikn til avindustrialiseringa, og gjennom å nytte grepet til spenningsromanen skaper han både skarp og underhaldande politisk satire over verdioppløysinga i det etterindustrialiserte finans- og mediesamfunnet. I Fimbul (1994) er anslaget dystrare. Handlinga skildrar eit planlagt terrorangrep mot fredsprisutdelinga til Menachem Begin og Muhammad al-Sadat i 1978, medan romanen nærast på allegorisk vis tematiserer ein samfunns- og kulturutvikling der framstegstru og reell positiv handling er gjort umogleg.

Fløgstad gav ut i 1998 den stort oppbygde romanen Aa. Aavaath. Kron og mynt (Brageprisen) som knyter trådane tilbake til Fyr og flamme (1980). Eit stort persongalleri, mange tidsplan og ei rekkje handlingstrådar blir saman bunden til ein heilskap som både gir eit sterkt satirisk samtidsbilete og handlar om forholdet vårt til fortida og dens kunst. I 2002 kom den satiriske romanen Paradis på jord, der det moderne Noreg blir sett frå ein chilenars synsvinkel. Han fekk strålande kritikkar for Grand Manila (2006, Kritikerprisen og P2-lytternes romanpris), ein roman som tek utgangspunkt i industrisamfunnet Sauda.

Grense Jakobselv (2009) er ein storslått og detaljrik roman som hentar handling frå byrjinga av 1930-åra og heilt fram til 2008. Fløgstad nyttar seg også her av grepet til spenningsromanen.

Sakprosa

Fløgstad har også ein rik sakprosaforfattarskap. Han har mellom anna gitt ut den kritikarroste Claes Gill-biografien Portrett av eit magisk liv (1988; revidert utgåve 1994), bedriftshistoria Arbeidets lys (1990), Latin-Amerika-skildringa Pampa Unión (1994) og EU-pamfletten Ved Roma port (1994). Han høyrer dessutan med til våre mest betydelege essayistar med samlingane Loven vest for Pecos (1981), Ordlyden (1983), Tyrannosauros Text (1988) og Antipoder (1996). I 1999 gav ut Fløgstad ei dokumentarbok om nordmenn i Sør-Amerika, Eld og vatn, og i 2000 debuterte han som dramatikar med farsen Evig varer lengst.

Osloprosessar (2000) er eit essay om den sosiale omskapningen av Oslo på slutten av 1900-talet. Sudamericana (2000) er ei utvida utgåve av Pampa Unión, og Shanghai Ekspress (2001) ein reise- og rapportbok frå Kina. I Hotel Tropical. Fedrelandet i netta (2003) gir han ei levande og personleg skildring av opphalda sine på diverse hotell i tropane. Pyramiden (2007) med undertittelen «Portrett av ein forlaten utopi» er ei skildring av den nedlagde russiske gruvebyen PyramidenSvalbard. Eit breitt utval tekstar frå heile forfattarskapen kom i 2008 under tittelen Gi lyd.

Fløgstad var festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela i 1994. Han er tildelt ei rekkje prisar, mellom anna Gyldendalprisen i 1998 og Brageprisens heidersspris i 2008, og bøkene hans er omsette til mange språk.

Bibliografi

Romanar

  • Due og drone (Roman, Gyldendal, 2019)
  • Sandharpesongar. Med noter & besifring (Gyldendal, 2018)
  • Etter i saumane (Essays, Gyldendal, 2016)
  • Magdalenafjorden (Roman, Gyldendal, 2014)
  • Nordaustpassasjen (Roman, Gyldendal, 2012)
  • Grense Jakobselv (Roman, Gyldendal, 2009)
  • Grand Manila (Roman, Aschehoug, 2006)
  • Paradis på jord (Roman, Gyldendal, 2002)
  • Evighet varer lengst. (Dramatikk, Gyldendal, 2000)
  • Evig varer lengst (Dramatikk, Gyldendal, 2000)
  • Aa. Aavaath. Kron og mynt (Roman, Gyldendal, 1998)
  • Fimbul. (Roman, 1994)
  • Kniven på strupen. (Roman, 1992)
  • Det 7. klima (Roman, 1986)
  • U 3. (Roman, 1983)
  • Fyr og flamme. (Roman, 1978)
  • Dalen Portland. (Roman, 1977)
  • Ein for alle. (K. Willum). (Krim og spenning, 1976)
  • Døden ikke heller. (K. Willum). (Krim og spenning, 1975)
  • Rasmus. (Roman, 1974)
  • Dikt i utval av Pablo Neruda. (Gjendikting, 1973)
  • Litteratur i revolusjonen. (Gjendikting, 1973)
  • Fangliner. (Eventyr, 1972)

Sakprosa

  • Den hemmelege jubel. (Prosa, 1970)
  • Loven vest for Pecos – populærkunst og kulturindustri. (Essays, 1981)
  • Ordlyden. (Essays, 1983)
  • Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill. (Biografiar og memoarar, 1988)
  • Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. (Sakprosa, 1990)
  • Pampa Union. (Reiseskildring , 1994)
  • Ved Roma port. (Pamflett-1994)
  • Antipoder. (Essays, 1996)
  • Osloprosessen. (Essays, Gyldendal, 2000)
  • Sudamericana. (Dokumentar og historie, Gyldendal, 2001)
  • Shanghai Ekspress. (Dokumentar og historie, Gyldendal, 2001)
  • Snøhetta. Hus som vil meg hysa. (Dokumentar og historie, Samlaget, 2004)
  • Pyramiden. (Dokumentar og historie, Spartacus, 2007)
  • Essays 2010 (Essays, Gyldendal, 2010)
  • Dovre faller. Norge 1814-2014 (2014)
  • Etter i saumane (2016)
  • Trans-Sovjet ekspress (2017)

Lyrikk

  • Seremoniar. (Lyrikk, 1969)
  • Valfart. (Lyrikk, 1968)
  • Dikt i utval av Pablo Neruda. (Gjendikting, 1973)
  • Litteratur i revolusjonen. (Gjendikting, 1973)
  • Dikt og spelmannsmusikk 1968-1993. (Dikt-1993)
  • Sandharpesongar (2018)

Andre sjangrar

  • Evig varer lengst. (Dramatikk, Gyldendal, 2000)
  • Fangliner. (Eventyr, 1972)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Merete Morken: "Staden i skogen er den evige stad" i Vinduet 50, nr. 4 (1996), 2-9 (intervju)
  • Brox, Johan m.fl., red.: Kjartan Fløgstad, 1999, 23 s. (vedlegg til Dag og tid, nr. 25, 24. juni 1999)
  • Fløgstad, Kjartan: Kjartan Fløgstads forfattarskap : ein digital katalog, 1999 (CD-ROM)
  • Fløgstad-symposium, 2001 (Gyldendals julebok 2001. Inneholder bidrag av Einar Økland m.fl.)
  • Kittang, Atle: "Mellom fiksjonar og realitetar. Kjartan Fløgstad og Dalen Portland" i Syn og segn 83 (1977), 514-25
  • Kjartan Fløgstad : eit forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 1999
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
  • Stegane, Idar: "'- dei store linjer slår ned i skildringa av småting òg.' Kjartan Fløgstads prosa" i Rønning, Helge, red.: Linjer i nordisk prosa: Norge 1965-1975, 1977, 213-39
  • Sørbø, Jan Inge: "Det vi diktar opp skal bli sannare enn røynsle : om Kjartan Fløgstads lyrikk" i NLÅ 1995, 163-74
  • Østerberg, Dag: "Kjartan Fløgstads forfatterskap" i Syn og segn 101 (1995), 56-67

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg